Friday, November 18, 2005

Noko av det raraste


Her ein dag var eg i fjøsen, som vanleg, hadde gjeve saudene tørrhøy, alt var roleg og godt, og eg stod borte ved springen og tappa vatn i ei bøtte. Stod vel der og såg ut glaset, såg på lysa frå gamlehuset korleis dei glei ut i små soler på den dogga vindaugsflata, tenkte vel på eitkvart eller einkvan, hugsar ikkje, men eg stod der medan vatnet strøymde ned og lyden frå strålen vart mørkare og mørkare dess fullare bøtta vart, stod der og såg, med ei hand på krana, den andre truleg plassert i midja, i kjeledresslomma eller kjærleg over ei saudenase, og så:
KLASK!
Eit trykk mot støvelen, venstre fot. Eg bøygde meg ned for å sjå, og der sat ein stor, vakker, brun frosk. Ein frosk! EIN FROSK!
Sat der litt, så hoppa han frå støvelen min, venstre fot, vidare bortover fjøsgolvet. Eg stod att og stira, andletet oppløyst i eit einaste stort gapande smil, følgde han med auga, lo litt, bøtta rann over, merka det ikkje, fanst ikkje tid, berre ein stor brun frosk som landa rett på fotbladet mitt, og eg kjende det herleg djupt inne i mitt vesle, tåpelege, romantiske, håplause, svulmande, lengtande hjarte, at dette, DETTE, er ikkje dette eit godt teikn, så veit ikkje eg!

4 comments:

The Boring Store said...

wow!

plukka du ham opp? eller stakk han?

Hilde said...

Det kan du seie : WOW!
Ein frosk i fjøsen i november! Heilt vilt.
Han hoppa seg bortover fjøsgolvet og forsvant inn under saudegarden, eg var for sein til å fange han, burde kanskje ha kyssa han, men eg var så paralysert.
Vonleg får eg kysse den ekte prinsen snart!

The Boring Store said...

haha!

ja!

frosker er fine greier. kanskje han bor i ei pøyte.

a jour said...

Det finnes en froskart som heter Rana goliath, og den kan bli opptil 40 cm lang og veie mer enn 15 kg.

Naturen er mangfoldig.