Thursday, July 28, 2005

Bergen, 26.juli 2005



Vi sette oss på ein benk ved den store raude kyrkja
Det var varm ettermiddag
Eg lena ryggen inn mot veggen,
kjende den skarpe strukturen i steinane stikke gjennom bomullstrøya
Eg vende hovudet mot deg og du sa med mørke tunge auge:
Det er så mange val, kvar dag må vi velje, utan tenketid
Ein vert nøydd å gamble, ein må berre
Det er ikkje alltid det går godt
Det er ikkje alltid det

Eit fly flaug over hovuda våre
Det drog ei kvit stripe etter seg
beint over kvelven
Ser du, sa eg og peika,
ser du korleis fargane og lyset avgjer
sporet som fylgjer, ruta vi har reist
Om du skulle velje
ville du ikkje valt ein kvit farge
ville du vel?

Det er umogleg, svara du, og såg til sides for meg,
ingen stiar nokon har gått er reine
Nei, svara eg, så hugs det du sjølv seier:
det kvite er umogleg for oss

Og eg visste i det same at dette
denne klåre kvelden i døsig svevnmangel
var små augeblunk av lyse striper eg ville dra etter meg
frå no av
og så lenge eg kom til å kjenne deg

Wednesday, July 20, 2005

Du, min dal



Syng, du min dal,
med brennende røst
stilt dine hete sanger


Astrid Lindgren:
Brødrene Løvehjerte

Tuesday, July 19, 2005

Giss giss!



Når Mette og Olaug har slike spanande gissekonkuransar, vil ikkje eg vere noko ringare.
Så: kva er det eg har sett opp i dag?

Bestanddelar :
  • Staur
  • Streng
  • Skårer
  • Gras

(No vart det visst altfor lett. Det er ikkje fordi eg undervurderar dykkar kunnskap om gardsliv, men fordi bestanddelane er slike fine ord, dei gjev meg gode kjensler og minner frå då eg var lita jente og slåtten vara i all æve, det var alltid sol og varmt, vi bada i kulpane mellom yktene og la små brusflasker av glas ned i elva for å halde dei kalde, slike brus med ein ring på korka, så ein lett kunne drage ho av, men det var også lett å skjere seg)

Thursday, July 14, 2005

Utsikt mot blomehagen



Valmua ber svarte frø inne mellom kronblada
Ho tøyer seg med vindenfrå side til side
i bogar mot bakken
Hit og dit mot aust så mot vest
bøyer seg i ei jamn og langsam rytme
Slik ei lita kvinne med raud stakk
og famna full av setjepoteter står
dag etter dag med vinden mot kroppen
og tøyer rygg og nakke frå eine sida til hi
så band brest og senar skrik
for å sleppe frøa ned i den mørke molda

Wednesday, July 13, 2005

Litterær sjølvmelding





På opp- og utfordring frå Stina, kjem no ei remse svar på ei rekkje spørsmål om bøker og slikt:

1) Kor mange bøker eig du?
Eg er altfor dårleg med tal til å gje noko tal.

2) Kva for ei bok var den siste du kjøpte?
Eg kjøpte fem fine bøker for hundre kroner på Moa:
Carl Frode Tiller: Bipersonar
Anja Snellman: Hudens tid
Anne Bøe: Sisyfos synger
Kristine Næss: Rita blir forfatter
Nathaniel Hawthorne: Det svarte sløret

3) Kva for ei bok var den siste du leste?
Den siste eg leste ferdig, eller den siste eg leste i? Eg seier fram begge.
Den siste eg leste i: Margaret Atwood, Poems 1976- 1986
Den siste eg leste ferdig: Jon Fosse, Morgon og kveld.
Eg driv også på og les Tiller og Hawthorne.

4) Nemn fem bøker som har betydd mykje for deg og som du har lest meir enn tre gongar!
Paal-Helge Haugen: Anne og Meditasjonar over Georges de la Tour
Johan Borgen: Lillelord
Christina Hesselholdt: Kjøkkenet, gravkammeret og landskapet
Sara Kirsch: Alvekongens dotter



5) Oppfordre nokre personar til å svare på desse spørsmåla i bloggen sin!
Mette, Linda og Sjur

Tuesday, July 12, 2005

Oldefar Martines



Eg pussar opp gamlehuset. Eit kvitmåla lite hus, bygd på 50-talet, med små rom og grove dørkarmar. Det er eit fint lite hus, akkurat passeleg for meg og mitt.
Farfar døydde lenge før eg vart fødd, men han budde i dette huset med si familie. Før han: oldefar Martines. Oldefar, som eg kjenner meg slik att i, sjølv om eg aldri har møtt han.
Eg likar å tenkje på at eg no skal bu i same huset som dei. Stundom, når eg står der og målar veggane og frydar meg over kor fint det vert, synest eg mest eg kjenner dei i rommet, at dei nikkar og smiler, klappar meg på skuldra og seier: her skal du få det fint.

Oldefar Martines skreiv mykje. Når han kjøpte seg ein blyant, kappa han den opp i mange målar, så brukte han dei ein etter ein. Ganske lurt. Om han mista den eine, hadde han alltid ein annan litan blyantstump å skrive med. Når Martines kom på ein tanke, eit ord, ei setning, ein idè, slapp han det han hadde i hendene, drog av seg trelappen, sette seg på han og noterte. Han var ingen gardbrukar, Martines, men han var ein mild og klok mann som eg ofte tenkjer på, og som eg skulle ynskje eg hadde fått treffe.

Kanskje kjem eg enno nærare Oldefar Martines når vi no skal bu i same hus. Til forskjellige tider, men i same hus.

Saturday, July 09, 2005

Ein hestealder





I dag er hesten min 20 år. Det er ein bra alder for ein hest, men slett ikkje gamalt. Ein fjording kan verte godt over 30 år, og Nakita er ein fjording. Tennene hennar har teke til å gå ut i ein spiss. Det er slik ein ser alderen på ein hest. Når dei er føll, eller unge, står tennene heilt beint i kjeften på dei. Sidan skråar dei meir og meir utover, dess eldre dei vert, dess spissare vert vinkelen, vert ein pilspiss som peikar ut frå munnen, ut frå den varme, store munnhola.
Stundom, om vinteren når det er kaldt og eg er ute med hesten, stikk eg dei frosne fingrane inn mellom tennene og mulen. Eg let fingrane kvile mot tennene, kjenner korleis det glatte skinnet inne bak mulen strekkjer seg over knokane og spreier varmen innatt.
Nakita tykkjer om det. Ho tykkjer ikkje det er ubehageleg, ho ser på meg med dei store mørke auga, og veit dette er eit teikn på at eg stolar på henne, veit det ligg noko trygt i denne handlinga.
På mange måtar er det eit kjærteikn.

Thursday, July 07, 2005


"What touches you
is what you touch"
seier Margaret Atwood ein stad

I dag har vore ein aktiv dag, eg har rørt ved mange ting, tatt i dei, halde dei. Og eg har difor også vorte rørt av mange ting. I dag tidleg : hunden min, den kalde snuten hans. Vidare: tapet, tapetkniv, målarkost, kvit seig lim. Seinare: rattet på traktoren, ein høygaffel, metallet i eit siloband, dei mange mange grasfrøa som la seg i nakken og nedetter ryggen.

Eg likar den tanken. Alt eg rører rører ved meg. Det minnar meg om noko Lars, Lars R. Engebretsen har skrive:

...

hendene lagt tungt
sånn

av andre, som
en rotveltes røtter
griper om seg
den venstre leser
den høyre og
stoffet leser den
venstre

...

Kva rører du ved? Kva rører ved deg?