Tuesday, July 19, 2005

Giss giss!



Når Mette og Olaug har slike spanande gissekonkuransar, vil ikkje eg vere noko ringare.
Så: kva er det eg har sett opp i dag?

Bestanddelar :
  • Staur
  • Streng
  • Skårer
  • Gras

(No vart det visst altfor lett. Det er ikkje fordi eg undervurderar dykkar kunnskap om gardsliv, men fordi bestanddelane er slike fine ord, dei gjev meg gode kjensler og minner frå då eg var lita jente og slåtten vara i all æve, det var alltid sol og varmt, vi bada i kulpane mellom yktene og la små brusflasker av glas ned i elva for å halde dei kalde, slike brus med ein ring på korka, så ein lett kunne drage ho av, men det var også lett å skjere seg)

9 comments:

stina said...
This comment has been removed by the author.
stina said...
This comment has been removed by the author.
*** said...

ja, ja, ja, akkurat sånn hugsar eg hesjer: I SOL! for sol er viktig, er det ikkje? JA, JA, JA, sol los slo slott onn.

Hilde said...

Stina! Du vinn ei omsetjing av Margaret Atwood! Er ikkje det fantastisk?
Mette: Andreprisen er whiskey på brygga på Bud.
De er flinke. Ei hes, altså. Ei hes, fleire hesjer. Og det var faktisk fleire hesjer eg sette opp i går, nærare bestemt to. Vart ganske fine òg, om eg skal seie det sjølv.

stina said...
This comment has been removed by the author.
*** said...

når får eg den whiskien? sa du etter samlagetfesten? eg er redd for at det blir seint. kva med FØRE festen (og sjølvsagt UNDER festen! Ü)

Hilde said...

Ouiski får du BÅDE før og etter samlagsfesten, om du vil. Og på Bud. Frå no av skal eg alltid gå rundt med ei ouiski-lerke i lomma.

*** said...

hihi. dømt til drasse-på-whisky-døden. kvifor skriv du oiski? er det riktig norsk eller riktig hildsk?
steingildra: artig at du har forskjellige bilde no og da. såg deg nettopp på lindas blogg. fint.

Linda said...

her har eg gått glipp av noko; ringane på dei gamle brusflaskene! jaa!! eg huskar enno lyden når vi opna flaskene og den første, lille skvetten med kolsyre svei mot munnen.