Thursday, April 29, 2010

Nytt liv i fjøsen


Lamminga er finaste tida i fjøsen. Å stå opp midt på natta, akkurat idet dagslyset tek til å gripe tak i natta og skubbe ho unna, tusle over tunet til eit kor av fuglesong, kjenne lukta av knoppar som står bresteferdige, fuktige marker, stjernene som ventar inne i himlen ein stad.
Kome inn i fjøsen, stilla der, korleis dei nyfødde små ligg inntil mor si, korleis mora kviler hovudet på ryggane deira med ei mjuk varsemd. Sjå til at alt er bra, alt er godt.
Då er det fred i eit småbrukarhjarte.