Thursday, July 02, 2009

Fullkomen sommar





Tidleg om sommaren, medan heggen langsamt faldar ut knoppane sine og spreier morgon og kveld med mjuk ange, kjem han listande. Idet svarttrosten for fyrste gong opnar den gule nebben sin og fløytar sommarlæta si, er han der igjen: den sterke lengta etter den fullendte sommarkjensla.
Du veit, den augeblunken i løpet av sommaren då det smell til av lukke inne i ein, og ein verkeleg kjenner det: no er det sommar. No er det sommar i meg også. Det blømer i meg, det faldar seg ut og står sterkt og friskt og fylt av fridom.

Ein finn denne kjensla på forskjellige stader. Nokon kjenner ho best og sterkast når dei sit på bassengkanten ved eit kypriotisk hotell, kanskje med ein fargerik drink i handa. Det luktar solkrem og varm hud, svak musikk frå restauranten, latter og song. Andre kjenner sommarkjensla bruse i seg når dei har susa gjennom Tyskland på ein firefelts motorveg, kjem inn på ein fredeleg sideveg og så faldar det seg ut ein vakker liten campingplass nede ved ein innsjø. Enno andre merkar det prikke og boble av ei sterk sommarlevelyst når dei sit på ein knøttliten fortausrestaurant i ein eller annan europeisk storby, bestiller bruscetta med olivenmos og eit glas vino av den flotte servitøren, kanskje, sparkar diskret av seg skoa under bordet, slik at dei gryande gnagsåra får fred, sit der og ser folk i alle former og fargar passere, sola varmar i nakken og i hjartet.

Å, alt dette kan eg godt skjøne!
Men for meg finst den ultimate sommarkjensla helst utanfor teltopninga. Å vakne i den blå soveposen min, ganske varm, eg veit det er tidleg, men kva er vel tid her, når sola steikjer på teltduken og spreier eit gult lys i det vesle rommet som er eit mjukt hus ikring meg, berre tynne veggar av stoff, lydane går rett igjennom: Ei humle i lyngen like utanfor, eg høyrer korleis ho flyttar seg frå blome til blome, susinga når ho flyg, den vesle pausen når ho landar og stikk sugerøret inn etter honning, før ho lettar att mot neste mål. Tynne plask frå krædene som vèd etter døgnflugene i fjellvatnet rett utanfor. Ei heipiplerke som varslar, ho har nok reiret sitt ikkje så langt unna mitt.

Strekkje meg, tenkje på kjølig vatn mot varmt andletet, tenkje på morgonbad og frukost på steinhella utanfor. Tenkje på kaffi på grua i vasskanten, og kjenne meg vedunderleg fri og lukkeleg, for alt dette er ikkje berre tankar, det skal snart skje. Eg drøymer ikkje, eg er på fjellet, det er sol på teltduken, det er sommar og ingenting er betre enn dette.
Reise meg opp, krype ut av soveposen. Og så: lyden av glidelåsen som glir gjennom teltopninga frå botn til topp, den friske lufta som fløymer inn, mot panna, mot halsen, stikke hovudet ut, blendast av sola, trekkje lungene fulle av tidleg morgon, trekkje hovudet fullt av blenkjande fjellvatn, dirrande luft over doggfallne lyngrabbar, stille, stille, berre ein augestikkar som flyg forbi, den svake knitringa i dei skinande vengene.

Der og då er eg på mitt lukkelegaste. Der og då stig den fullkomne sommarkjensla i meg og vidar ut hjartet mitt så eg kjenner det knakar i samanfatningane. Denne stunda, denne augeblunken, er verda på sitt aller vakraste.