Sunday, December 07, 2008

gamalt vinterlys






Fuglespor på den frosne elva
Gamalt vinterlys syg på siste søte rest av haust

Tuesday, December 02, 2008

så sterke, enkle kjensler





Eg må innrøme at eg ikkje har lest så mykje i Bibelen. Det har gått mest i juleevangeliet i grunnskulen, Jobs bok på Universitetet, samt utvalde tekstar med grufulle lagnadar frå Det gamle Testamentet, brukt som inspirasjon på Skrivekunst-Akademiet. (Stakkars Absalom! Stakkars Ohola og Oholiba! Eg minnest dei no.) Men no har eg også lese Ruts bok. Eg kom ikkje på det heilt av meg sjølv. Nei, grunnen til at eg drog sjølvaste Bibelen ut frå bokhyllene, er ei anna bok: Rut. Så framifrå skriven av Helga Eriksen, at ho gav meg lyst til å hoppe ut i og dykke ned i opphavet, så å seie.

Helga Eriksen må ha lest Ruts bok i Bibelen og latt seg fascinere av historia. Og det skjønar eg godt: Rut, den unge vakre kvinna som mister husbonden sin og vel å fylgje svigermor si, flytte med henne, leve med henne, love å døy med henne:


Men Rut svara: Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du gjeng, vil eg òg ganga, og der du stanar, vil eg òg stana; ditt folk er mitt folk og din Gud er min Gud; der du døyr, vil eg òg døy, og der vil eg verta gravlagd. (Rut 1, 16-17)


Ikkje kvardagskost, akkurat. Ikkje noko kvinner av i dag vel å gjere, i alle fall. Men også Rut, i Eriksen si bok, vel å gjere det. Når mannen kjem bort på havet, flyttar ho saman med svigermor si til ei øy nordpå. Og ikkje nok med det: når svigermor hennar synest ho bør skaffe seg ein ny mann, og til og med har forslag til kven det skal vere, så jammen vert det ikkje slik også. No skal det vere sagt, at det er ikkje berre fordi svigermor seier det, men også fordi Rut treng ein far til barnet ho ber på, ein å skape ei lygn saman med, ein som ho kan bruke til å dekkje over sine eigne fatale feilgrep frå ei hotellnatt i byen,- som for øvrig er dampande heitt skildra!

Planen til Rut ser ut til å fungere berre så altfor godt. Så godt at samvitet får mogne og mugne og gjere seg dårleg. Å leve med lygn er ikkje haldbart i lengda, skal det syne seg. Rut søkk ned i depresjon og tungsinn. Ho kjem til eit punkt der ho må finne seg sjølv att, så ho dreg. Dreg frå mann og born, ja, til og med svigermor. Dreg og leitar, finn byar rundt om i Europa, dreg og leitar, finn elskarar av ymse slag, dreg og leitar, til ho ein dag er attende i gamlelandet og finn seg sjølv i eit fyr langt ute mot havet, heilt aleine. Ho tek til å skrive, observere, føre det inn i ein gamal protokoll ho finn. Og denne delen av boka likar eg særs godt. Sitjande på ein stein i fjøra, alltid den same steinen, med fritt utsyn over havet, tek Rut inn det ho ser ikring seg, samstundes som ho freistar å finne minne frå barndomen og skrive dei ned. Her er vakre passasjar med sjøfugl, ver og vind, holmar, båtar som kjem og dreg ute i horisonten. Berre brotne av minna som dukkar opp i Rut.
Stilleståande vil kanskje nokre seie. Alldeles nydeleg, vil eg seie.

Nydeleg og rørande er også siste del i boka. Sjeldan har eg lest noko så godt om korleis dyr kan hjelpe og lækje eit menneske som er sjelesjuk. Dette er jo ikkje noko som er nytt for meg, avhengig som eg er av dyr ikring meg for å ha det godt, men å lese om Rut og hunden Frøya, det er rørande lesnad:

Hundar er elskelege dyr, dei gløymer deg aldri, har dei møtt deg ein gong og likt deg. Eg trur dei hugsar lukta di. Dei har så sterke, enkle kjensler og lyg aldri om kjærleiken sin. Helsar deg kvar dag som skulle du vore bortreist i eit år. Ja, eg hadde ein hund ein gong, eg veit kva eg snakkar om. Ein hund kan ikkje lyge og forestille seg.


Så sant, så sant. For det er til sjuande og sist Frøya som hjelper Rut å kome til det punktet der ho innser kva ho må gjere, kva ho eigentleg vil. Utan at eg skal avsløre kva det er.

Å lese Rut av Helga Eriksen, er å få fleirfoldige bøker i eitt. Ikkje berre ber boka i seg sjølv preg av å vere tre forskjellige bøker, men ho er også rikeleg utrusta med sitat: Bibelen, Woolf, Seneca, Hovland. Ein får lyst til å lese meir og meir. Og godt er det. For Rut er ei slik bok som ein gjerne skulle ha halde fram med å lese, når siste side ebbar ut. Då er det godt at ho har gjeve lyst til å finne fram andre bøker. Til dømes Bibelen. Og då har ein jo lesestoff ei stund.


I bokevja, Norsk Tidend 5/08