Friday, August 17, 2007

Manifest




Eg høyrer til ved dei stille små fiskevatna på fjellet, dei som alvane dansar på om sommarkveldane.


Eg høyrer til på ein steingard i sauebeitet, der dyra roleg beitar ikring og ser på meg med tillitsfulle auge.


Eg høyrer til mellom bjørkestammane, lyttande til svarttrasta sin mjuke song.


Eg høyrer til i ein grøn liten robåt med makkeboks og dupp.


Eg høyrer til under stjerneklåra, der ingen gatelys bleiknar stjernene.


Eg høyrer til markane, elva og graset.


Eg høyrer til på hesteryggen, med ein gråklegg på leggen.


Eg høyrer til bak dei store steinane i fjøsmuren, som ein kan lene seg inntil og kjenne slektskapen og arva frå dei som har vore før meg.

Eg høyrer til her.

Friday, August 03, 2007

Bølgjer


Varme heller på tunet
Eit glasskår glimer
i dei mjuke stripene
av spirande gras

Vindauget opnar seg
Ein rusten spikar
løyser seg langsamt
ut frå treverket
og fell mot bakken

Du lener deg ut
Strekkjer hendene
i bølgjer mot meg