Thursday, October 22, 2009

Fjøs om hausten







Det er noko med å arbeide i fjøsen om kvelden. Om hausten, like før sauene skal setjast inn. Mørkret som kviler mot vindauga, og det gule lyset innanfor.

Heile sommaren har sauefjøsen stått tom. Ja, det er mest som om fjøsen ikkje finst om sommaren. Då er det liksom løda som gjeld. Løda, med sommarlukta si, varm og full av gyllent tørrhøy. Med hesjastaurane sine oppunder skykjå, og skårene i sprikande V’ar mot taket. Og siloen, sjølvsagt. Sommar og silo høyrer saman, som hand i hanske og hue på haud. Å stå sveitt og raud i fjeset, full av grasstrå i håret og høygaffelen i hand og puste på når bandet stoggar, ja, dét er sommar det.
Å, silo og løde i sommarsol!

Men fjøsen stakkar. Han ligg no der sommarstida. Mørk og kald og gløymd. Men så skjer det noko. Idet sauene kjem frå fjellet og beitar kring på bøane. Idet trasta flokkar seg og flyg frå rogn til rogn. Når jupene raudnar på grein og fjella står snødryste, då skjer det noko med fjøsen. Då finst han igjen. Då vaknar han til liv. Eit lys tendest der inne. Auget opnar seg og ser. Ei gul stripe fell ut over markene der saudene går. Dei har rim i den tjukke haustulla si. Dei trekkjer langsamt mot fjøsen og samlar seg utanfor vindauget om kveldane, der det lyser så varmt og mjukt. Dei legg nasen mot ruta og kikar inn, og veit det snart er tid for å kome i hus. Vinteren kryp nedetter fjellsidene. Det kan vere godt å ha ein fjøs då.

Også for folk er det godt å ha ein fjøs. Stundom tenkjer eg på kor heldig eg er. Som har ein fjøs å gå i. Det er noko med å kunne gå ut av huset, over tunet og inn i ein fjøs full av dyr. Varme, levande dyr som pustar og vender seg mot deg med venlege auge. Gå frå ei verd til ei anna. Finne ei heilt særskild ro.
Eg tek til å glede meg til dette når hausten melder seg. Desse kalde, klare kveldane med ein klirrande tone av frost i seg. Og medan eg gler meg til å setje dyra inn i fjøsen, kan eg pusle med eitkvart som må ordnast der. Utvide ein garde, legge nye rister. Reparere den eta som var litt laus i hengslene. Slike ting. Førebu ein ny fjøssesong. Medan eg held på slik og pusle og hamre og jobbe og tilpasse, så går tankane så fint i veg. Ikkje noko er betre for tanken enn fjøsen og arbeidet der.
Om ein tek seg små pauser innimellom og ser seg ikring:
Sjå! Ein edderkopp i nettet sitt. Langsamt spinn han med ein fantastisk åttebeint presisjon. Og der! Denne gamle bjelken. Lagt ned for over hundre og femti år sidan, då løda vart bygd. Ei fordjupning syner at bjelken er enno eldre: denne har vore brukt til noko anna før han vart golvbjelke mellom fjøs og løde. Eg legg handa varleg over han og kjenner på ein straum frå ei tid som var, forfedrar og formødrer i arbeid.
Då sit brått ein raudstrupe borte på kanten av gimbregarden, berre nokre meter ifrå meg. Eg vender meg mot han og ser på dei svarte, små auga, det raude brystet. Han ser attende vippar litt med vølet. Kvar kom han frå?
- Neimen, er det deg, seier eg og smiler. Der og då vel eg å tru at denne vesle fuglen ber med seg ei helsing. Ei helsing frå andre verder enn denne, der ein kvan vil seie meg noko, at dei set pris på det eg gjer, at eg tassar rundt i fjøsen og held ved like det som forfedrar har bygt.
Og eg tenkjer på fjøsar som står tome. På fjøsar og gardar som lengtar etter dyr og liv og menneske. På kor fantastisk det er når drift vert teke oppatt, og kor trist det er når det vert lagt ned.

Raudstrupen flyg forbi meg og ut vindauget. Eg vert ståande å sjå etter han og smile. Det er noko som rører seg djupt i brystet mitt. Vesle fugl der på gimbregarden. Ei lita helsing var du. Elvar og straumar frå dei som har funnest før meg renn gjennom meg, der eg står i fjøsen og kjenner meg verdsett. Og velsigna, på eit vis.

Fjøsen er hjartet på ein gard. Det er her hjarteblodet renn på eit levande bruk.
Raudt og varmt, som det raude i bringa til raudstrupen.

Monday, August 31, 2009

Å velje vekk framtida





Eg henta gimbrene mine heim frå fjellet i går. Heile tre i talet: Lydia, Salsa og Stjerna. På veg nedatt såg eg dalen under meg, grøne markar, raude løder, beitande dyr. Lenger ute: Syltefjorden, Vanylvsfjorden sin langfinger inn i landskapen, med nyslegne bakkar ned mot fjøra. Eit ope landskap. Og eg kjende kor glad eg var i dette synet. Kor godt det var å kome frå fjellet med tre lydige gimbrer diltande etter meg, nedatt til ei enno levande bygd. Og kor redd eg vart for at dette skulle forsvinne.

Eg ynskjer så sterkt å kunne hente sauer heim til garden i framtida også. Eg ynskjer å drive småbruk, halde kulturlandskapen i hevd, ta vare på det som generasjonar før meg har bygt opp med sine eigne hender. Dei små bøane, sjelfulle løder med trenaglar, bratte bakkar med steingardar. Alt dette har ein spesiell verdi som vi må freiste å ta vare på. Her på våre kantar vil det alltid vere dei små bruka som må vere i fleirtal. Fordi vi kan ikkje flytte fjell, vi kan ikkje tømme fjordar og gjere bratte bakkar flate.

Difor vert eg redd når eg les og høyrer FrP sin landbruks- og distriktspolitikk, ein politikk som ikkje passar inn mellom høge fjell i trange fjordar i landet vårt, ein politikk for dei flate, langstrakte områda der to-tre storbønder legg under seg bruk for bruk til fjøsane bular av dyr som kun er eit produkt, og rundballane esar og glinsar av gras utan artsmangfold. FrP vil stø desse, dei store og feite. Men kva med dei små idealistane som vil gjere ein innsats fordi dei trur på at det er dei små som saman skapar det store og kjenner på ein arv dei vil føre vidare? Dei får ingen stønad. Dei får ikkje næring, dei får ikkje hjelp, og døyr ein langsam og motvillig daud.

Kva set du pris på her i utkantkommunen vår? Lukta av nyslege gras tidleg om sommaren? Det å kunne tusle til postkassa, i stilongsen om så er, slå av ein prat med naboen og plukke opp ei fersk lokalavis? Ja, er ikkje det slikt du set pris på? I alle fall set eg pris på det. Denne avisa du no held i hendene, korleis trur du ho oppstår? Det er hardt nok å drive lokaljournalistikk frå før, med stadig aukande press frå kommersialisering og gratisaviser med glinsande annonser. Utan pressestønaden vert det nærast umogleg. FrP vil ta bort pressestønaden og skape det dei kallar ”fri konkurranse”. Lokalavisene vil vere dei fyrste som fell. Og når dei fyrst er borte, er det ikkje lett å starte oppatt om galskapen på eit punkt skulle ta slutt. Hald godt i avisa du no har i hendene og kjenn etter. Vil du at ho skal slutte å få næring, ikkje få hjelp, og døy ein langsam og motvillig daud?


Starekassene stod tomme i år. Ikkje eitt einaste par med hekkande stare. Og ja, dette hender like utanfor mi eiga stovedør. Eg tek det som eit stort varsko: Noko er i ferd med å endre seg, og det er ikkje av det gode.
I sjette klasse var vi på leirskule på Runde. Før vi drog, laga kvar og ein av oss i klassen eit lite føredrag om fuglane i fuglefjellet der. Krykkje, alke, terne, lomvi, lundefugl. Vesle, vakre lundefugl med dei sørgmodige auga over eit fargerikt nebb. Eitt einaste egg i året, legg han, og er sårbar som få andre artar. Eitt av dei tydlegaste minna frå den turen, er når eg ligg på magen oppe på Rundebranden og ser på mylderet av flygande kroppar, korleis dei fòr inn og ut frå fjellet, lydane, eit øyredøyvande kor av hekkande fugl. Eg vil så gjerne bevare dette minnet, og det har eg gjort. Men aller helst vil eg ta vare på originalen; slik det faktisk er: ein levande kyst med artsmangfald.
FrP har knappast noko som kan kallast ein miljøpolitikk. Dei fråseier seg ansvaret for jordkloda vår, vi har ingen plikter i å ta vare på ho, i deira auge. Korleis kan vi sjå på at artar forsvinn, at isen smeltar og ørkenen spreier seg utan å ta grep for å snu utviklinga? Er vi verkeleg så lite takksame til den naturen vi faktisk er ein del av, kjenner vi ikkje ei eller anna form for lukke over å få vere i dette livet, bu på denne jorda, denne vesle kloten som kanskje er den einaste staden der det finst liv i eit uendeleg univers?
Eg kan ikkje godta at jorda vår og alt som lever her ikkje skal få hjelp, men døy ein langsam og motvillig daud.

Noreg. Fullt av mjølk og honning. Vi har det så forbaska godt at vi ikkje skjønar det sjølve. Og ja visst: Det er deilig å lulle seg inn i sitt eige og skjerme seg frå det som hender utanfor stovedøra. Det er som å vake morgon etter morgon, høyre regnet der ute, ikkje ha lyst til å stå opp, trekkje dyna over hovudet og sove vidare. Og det kjennest så inderleg godt akkurat då, men etter kvart vil det kome ei uro i deg: Vi menneske er skapt for å handle, for å arbeide, for å hjelpe og vere i aktivitet. Vi må stå opp og gå ut i regnet, om noko skal verte gjort. Å ligge på stas og ete pølser og drikke billeg sprit kjøpt på butikken, er ikkje haldbart i lengda. Etter kvart vil til og med den billege spriten smake beiskt og pølsefarsen vekse i munnen. Der ute er ei anna verd. Og vi er ein del av den verda, om vi vil eller ikkje. Vi bur i eit land der vi har moglegheit til å hjelpe. Er vi ikkje då plikta til å gjere det? FrP vil fjerne bistanden og lukke grensene. Det er vår mjølk. Det er vår honning. Kva med det barnet som kjem bort frå foreldra sine i ein kaotisk fluktsituasjon i eit land der framtida er håplaus. Skal det ikkje få næring, skal det ikkje få hjelp, men døy ein langsam daud?

På eit lite småbruk, ein liten fjelldal, i ei lita utkantkommune, i eit lite land fylt av menneske som ikkje vil bidra, i ei verd der så mykje er skeivt og skakt, kan det kjennest vanskeleg og tungt å vite kva eg skal gjere. Kvar skal eg starte?
Men eg veit i alle fall at dette kan vere ein god start: Å ikkje stemme FrP.
Vi kan ikkje velje vekk framtida.

Godt val!

Saturday, August 29, 2009

Følet blir fødd





Auga mine kjempa framleis med søvnen. Utovar markene
låg skodde i grå slør, frå skyme stader
flaug spovar opp med tynne sløyfer av skrik. Lyktene våre
vogga mjuke i gule klodar, føtene våre
slapsa gjennom grasets fylde i daggryet.

Ho låg på sida, trøytta ut av den lange natta;
den varme lukta av flankar og hovud og pust
steig opp frå den utstrakte kroppen hennar.
Frå rifter i skyenes sprokne eggeplomme
braut sollys fram over åsane, glitra i auga og blenda oss,
fløymde over dei bleike glørne i lyktene våre.

Der låg han i ein dam av sine eigne væsker:
Fire lange stilkar krafsa, det store hovudet,
ein sekk av ein kropp -
alt kjempa for å finne saman, bli heil, for å blandast
med den einaste straumen inn i livet. Han slost
for det første andedrag i livet, bråka som eit barn.

Mora hans, enno rå og sundriven av fødselen,
snudde seg, og auga hennar heldt han fast,
den sterke og mjuke tunga roa striden hans.

Vi knelte i det våte graset, tause
ved eit mirakel, ved noko større enn sola.


Det er den skotske poeten Kenneth Steven har skrive dette vedunderlege diktet.
(Gjendikta av Mathias Hoem: Safirblå isfuglfryd, Samlaget 2009).
Og eg vert svimmel og lukkeleg, litt forfærda og undrande: gjenkjenninga slår så sterkt i meg at eg kjenner eit sug av fellesskap og sakn.

Den mainatta Tindra (bildet) vart fødd, opplevde eg noko som eg ikkje har klart heilt å formidle i diktform. Her kjem Steven meg til unnsetning, og eg takkar han for det med blanke auge.
Sjølv måtte eg til prosaen for å klare å finne vegen dit, og eg måtte tenkje meg bort frå ei vaksen målgruppe:
I oktober kjem biletboka Jon og den lange julenatta ut på Samlaget. Eg skreiv historia fordi eg ville formidle nettopp denne ubegripelege hendinga, dette mirakelet det er når eit føl vert fødd. Kontakten mellom mora og den nyfødde. Lydane deira. Det langbeinte vesle, levande som kavar seg inn i livet:

Det var ute. Og med det same tok følet sitt fyrste andedrag. Det pusta! Det var levande. No låg det der og lyfta på hovudet, vogga litt fram og attende. Tyra vende hovudet og såg på følet sitt. Ho laga ein djup, lang lyd. Jon hadde aldri høyrt henne lage slike lydar før. Den kom frå langt der inne i den store kroppen. Nesten som eit sukk, eller eit spørsmål. Og følet svara. Det vesle, varme, dampande følet svara mor si med små støyt av lyd. Dei snakka med kvarandre. Vart kjende med kvarandre.
– Var det du som låg inni magen min heile tida, sa kanskje Tyra.
– Mamma, sa sikkert følet, mamma, du er mamma mi.
– Ja, sa Tyra, eg skal passe på deg og varme deg og gje deg mjølk.
– Mamma, sa følet.
– Ungen min, sa Tyra og tok til å sleikje følet sitt.

Jon tok til å skjelve inne i seg ein stad. Han såg på Tyra og følet, lytta til dei rare lydane dei laga til kvarandre. Dei snakka på eit språk berre dei forstod. Men Jon forstod litt likevel.

Det tjukna til i halsen på Jon, og den varme sviinga i brystet gjorde nesten vondt.
Det svei og svei og pressa på gråten. Så kom tårene berre glidande ut av auga.
Men han var ikkje lei seg, ikkje trist. Nei, det var berre så underleg: at følet som han hadde venta slik på, som hadde lege inne i magen til Tyra og vakse, no var kome ut i verda. Det låg der og pusta og skalv og var levande.


Eg håpar dei borna som les og høyrer historia om Jon og den natta då følet vart fødd, vil kome heilt nær kjensla av å knele i det våte graset, tause ved eit mirakel, ved noko større enn sola.




Thursday, August 13, 2009

Ein skatt, ei løde, ei stjerne





Noko av det beste med å vere på tur i andre land, er bøkene ein kan oppdage. Når ein så er på tur i eit engelskspråkleg land, opnar det seg ei heil verd av bøker som ein faktisk kan lese på originalspråket, men som ein aldri ville fått sjansen til å finne i Noreg.

I London fann eg ei debutbok av ein canadisk poet: David Hickey. Det var som å finne ein skatt. Hadde eg ikkje vore i London, hadde eg ikkje gått inn på den bruktbokhandelen i Covent Garden, hadde eg ikkje stått i kø ved disken slik at eg fekk litt ekstra tid til å sjå på dei bøkene som låg på tilbod i ei kasse like ved, ja, så hadde eg aldri funne ut kven David Hickey er, og aldri fått lest dikt som dette:



Barns


He wants you to believe it's more

than a slope with a timber garden,

a rise in the field where disheveled

planks break over stacks of grain.


He wants you to believe his barns are

the starlit descendants of Bethlehem,

not the last trees of a disappeared forest,

all gossamer and ghost bark, smelling


of horse hair and bull seed, flesh and

digested grass, the inside panels rotten

with life. And he'd rather a barn grow

out of the ground & shift in darkness,


flawless except for the hole in

the roof requiring a hand anchored

by hammer and moonlight, insisting

an old farmer lean against a frosted

plank, shingling the stars in place.


In the lights of a midnight plow, David Hickey. Biblioasis, 2006.

Thursday, July 02, 2009

Fullkomen sommar





Tidleg om sommaren, medan heggen langsamt faldar ut knoppane sine og spreier morgon og kveld med mjuk ange, kjem han listande. Idet svarttrosten for fyrste gong opnar den gule nebben sin og fløytar sommarlæta si, er han der igjen: den sterke lengta etter den fullendte sommarkjensla.
Du veit, den augeblunken i løpet av sommaren då det smell til av lukke inne i ein, og ein verkeleg kjenner det: no er det sommar. No er det sommar i meg også. Det blømer i meg, det faldar seg ut og står sterkt og friskt og fylt av fridom.

Ein finn denne kjensla på forskjellige stader. Nokon kjenner ho best og sterkast når dei sit på bassengkanten ved eit kypriotisk hotell, kanskje med ein fargerik drink i handa. Det luktar solkrem og varm hud, svak musikk frå restauranten, latter og song. Andre kjenner sommarkjensla bruse i seg når dei har susa gjennom Tyskland på ein firefelts motorveg, kjem inn på ein fredeleg sideveg og så faldar det seg ut ein vakker liten campingplass nede ved ein innsjø. Enno andre merkar det prikke og boble av ei sterk sommarlevelyst når dei sit på ein knøttliten fortausrestaurant i ein eller annan europeisk storby, bestiller bruscetta med olivenmos og eit glas vino av den flotte servitøren, kanskje, sparkar diskret av seg skoa under bordet, slik at dei gryande gnagsåra får fred, sit der og ser folk i alle former og fargar passere, sola varmar i nakken og i hjartet.

Å, alt dette kan eg godt skjøne!
Men for meg finst den ultimate sommarkjensla helst utanfor teltopninga. Å vakne i den blå soveposen min, ganske varm, eg veit det er tidleg, men kva er vel tid her, når sola steikjer på teltduken og spreier eit gult lys i det vesle rommet som er eit mjukt hus ikring meg, berre tynne veggar av stoff, lydane går rett igjennom: Ei humle i lyngen like utanfor, eg høyrer korleis ho flyttar seg frå blome til blome, susinga når ho flyg, den vesle pausen når ho landar og stikk sugerøret inn etter honning, før ho lettar att mot neste mål. Tynne plask frå krædene som vèd etter døgnflugene i fjellvatnet rett utanfor. Ei heipiplerke som varslar, ho har nok reiret sitt ikkje så langt unna mitt.

Strekkje meg, tenkje på kjølig vatn mot varmt andletet, tenkje på morgonbad og frukost på steinhella utanfor. Tenkje på kaffi på grua i vasskanten, og kjenne meg vedunderleg fri og lukkeleg, for alt dette er ikkje berre tankar, det skal snart skje. Eg drøymer ikkje, eg er på fjellet, det er sol på teltduken, det er sommar og ingenting er betre enn dette.
Reise meg opp, krype ut av soveposen. Og så: lyden av glidelåsen som glir gjennom teltopninga frå botn til topp, den friske lufta som fløymer inn, mot panna, mot halsen, stikke hovudet ut, blendast av sola, trekkje lungene fulle av tidleg morgon, trekkje hovudet fullt av blenkjande fjellvatn, dirrande luft over doggfallne lyngrabbar, stille, stille, berre ein augestikkar som flyg forbi, den svake knitringa i dei skinande vengene.

Der og då er eg på mitt lukkelegaste. Der og då stig den fullkomne sommarkjensla i meg og vidar ut hjartet mitt så eg kjenner det knakar i samanfatningane. Denne stunda, denne augeblunken, er verda på sitt aller vakraste.

Monday, May 04, 2009

Eit skumpiska sekund





Eg har tenkt så mykje på Bjørn Aamodt og dikta hans i det siste. Poeten, sjømannen, metallarbeidaren Bjørn Aamodt. Trur det var noko som slo inn i meg sist eg kom til min barndoms heim, akkurat i det eg kom inn døra med sekken på ryggen, stod der i døropninga og såg den tomme gangen, kjende kor tomt huset var, ingen trufast logrande ven som var over seg av lukke fordi eg var komen heimatt, og då slo det innover meg, dette minnet:

Bjørn Aamodt, under poesifestivalen Audiatur i Bergen, det må ha vore i 2005, han døydde jo året etter, men der han stor på scena, ei ganske mørk og stor scene i eit enno mørkare og større rom. Eg hugsar eg sat langt bak, kunne ikkje sjå andletstrekka hans. Men kroppen såg eg, haldninga i han, ein gamal, litt lut kropp, tynn. Han leitte fram nokre ark. Drog pusten nokre gongar. Så kom røysta til. Med skjelvande røyst las han eit dikt til hunden sin. Hunden som hadde fulgt han på sjøen i alle år, som låg i ein taukveil når han jobba på dekk, tassa etter han ned i maskinrommet, den mjuke varme kroppen i fotenden av ei smal seng i lugaren. Og Aamodt gret. Vi høyrde tårene, og i den mørke salen høyrde vi alle saknet. Det var ei legendarisk opplesing. Denne gamle mannen på ei stor scene, gråtande, saknande. Og det rørte meg sterkt, gjer det framleis.

Å, Aamodt.
Som får meg til å kjenne sjømannsblodet i årane mine, ved å skrive liner som dette:

Mens livets røde lykt slukner i kanalen akterut,
skrur horisonten et svart lokk av leppestiften,
og drar prøvende en tynn strek

slike liner trekkjer fram bilete i meg. Som om eg har nokre nedarva minner frå fullriggarane oldefar min segla med der ute, i ei anna tid, heilt andre stadar enn det dei vert kalla no. Nokre nedarva minner som dukkar opp når eg les til dømes den sugande, bølgjande sterke samlinga hans Anchorage. Då dukkar dei opp, desse nedarva glimta, som morfar si historie om då dei segla oppover Yang-Tse-elva, galgane som stod tett langs breidda, som allèar, og dei daude kroppane som dingla frå dei, langsamt, frå side til side, mannskapet stod på dekk og såg, den brune elva under dei, tørre elvebankar med galgar, oppover, nedover.

Anchorage. Ei sjøreise i 43 dikt. Ei bok som ikkje liknar noko anna. Av ein heilt særmerkt poet. Eg likar så godt korleis havet kling med i språket hans, og metallet, lukta av olje, harde skrog, dunkinga frå maskinrommet, tung last, tørre, sprukne nevar i dikt etter dikt. Og verda der ute. Alltid nye hamner. Jeddah. Khor al Amaya. Balikpapan. Capri. Rouen. Og Ancourage:

Bjørneskinn og gull. Historien henger i ordet
som en rustholk dreier for ankeret i tidevannet.
Bevissthetens lille kuøye.
Kompassnåla dirrer mot den magiske ordpol.
Hiv på kjettingen, 4 sjakler ute.
Stemme føttene i dekket mot den svarte veggen
som tårner seg opp og velter inn over babord baug.
Legge tyngden over på høyre fot
mens dråpene smeller som svæpeslag over styrhusruta.
Steady so! Ancourage, Antwerpen, nedenom
og hjem. Ordet som et blankslitt ritual
for å sette sjøbein, stå
nesten stille. Der kommer neste sekund, skumpisket.
I bokevja, Norsk Tidend 1/2009

Friday, March 13, 2009

Møt meg bak hesa når det doggfell





Det var no så enkelt før i tida. Dette med kjærleik og slikt, meinar eg. Tippoldefar min, til dømes, han tok med seg klarinetten sin og sette seg oppi Skårabakken og spelte ein lystig melodi. Nede på Støylen fanst det ei taus som høyrde dei smektande tonane, og så var det gjort. Eller oldefar min, han Martinus, han leitte fram blyantstump og papir ein kveld, så skreiv han eit brev som han sende med einkvan han stolte på av kvinnekjønnet, for å overlevere til ho Karen i kyrkja på søndagen. Og var det noko Martinius kunne, så var det jo å ordlegge seg. Så gjekk det slag i slag, og før Karen visste ordet av det, vart ho kalla Martines-Karn.
Og då var det jo gjort.

Ja, dei fekk det til, desse karane. Dei hadde gode kort på hand, og spela dei bra. Håva inn potten. Og slik skulle det jo vere, den gong: det var karane som skulle ta initiativet, det var dei som måtte føre an, kurtisere og invitere.
Tausene skulle vere nettopp det: tause.
I alle fall ikkje vere dei som ymta frampå om kven dei ville ha. Tenk det. Å ikkje få ymte frampå om kven dei ville ha! Når eg treff mine fantastisk vakre, sterke og underleg nok single venninner, er det ikkje akkurat snakk om ymting i det heile tatt. Vi seier det rett ut som det er: ”Han vil eg ha!”, kan vi til dømes seie. Eller: ”Han skal eg TA!”, kan vi også seie, og så skålar vi for det. Ikkje nødvendigvis i musserande vin eller i gin & tonic, som menn ofte kallar ”damedrykk” i ein litt nedlatande tone, men vi skålar gjerne i whisky. - For menn har heller ikkje nokon fyrsterett på brunt brennevin, om dei innbilte seg det.

Sist helg var Kvinnedagen. Ein dag eg synest godt om, og denne dagen er eg snar med å sende gratulasjonar i aust og vest til mine medsystrer. Eg vert rett og slett stolt: Kvinnemennesket er ein framifrå skapnad! Eg vert også aldri så lite krigersk slike dagar. Får lyst til å kakke menn i hovudet med ein jarstaur, eller eitkvart. Ikkje fordi eg ikkje likar dei, tvert om, men for å minne dei på at vi er på lik line, berre. Kakke dei ned eit par hakk.
Kvinnedagen kan vere eit godt høve til å avruse dei frå sine eigne store ego og høge testosteron-nivå. Eventuelt kan kvinnedagen vere eit godt høve til å syne at vi faktisk likar desse tullingane, og gje dei ein sjanse til å syne kor godt dei likar oss:
Ei venninne av meg, til dømes, gjekk ned på kne og fridde. Ho fekk ja.
Slikt hadde vore ganske uhøyrt for berre ein generasjon sidan.

Heldigvis er det annleis no. Ja, takk for det! Eg synest det er ei bra utvikling.
Men av og til stussar eg litt. For kanskje har noko forsvunne også, ein stad på vegen. I måten å møtast på. Noko er borte. Noko med magien, trur eg. Eller romantikken, kanskje?
Før i tida hadde dei stemnemøter, då. Kor romantisk høyrest ikkje det ut! Eg ser det føre meg: Det er sommar, akkurat i det sola renn og det doggfell, høyangen står tjukk mellom fjella, fuglane syng hjartet si fryd, markane fulle av heser, og bak ei av dei strår ein mann og ei kvinne, med raude kjakar, kanskje ein blome bak øyret, store smil, latter og prat. Så er det gjort. Dagen etter er dei forlova.
Men no for tida. No går vi på date. Og kor kjedeleg og inkjeseiande høyrest det ikkje ut. Amerikanisert og tullete. Sitte der med ein drink og gjere seg interessante for kvarandre. Eller sitte der i kinomørkret og håpe på at ein ler eller gret på dei rette plassane. Etter ein date, kan ein slett ikkje seie: No er det gjort. Slik er det ikkje lenger. Fort komplisert vert det også: kor mange gongar må ein date før ein kallar seg kjærestar, til dømes. Eller kan ein date fleire samstundes? Er dette med dating noko vi finn på berre fordi vi ikkje vil forplikte oss? Fordi vi ikkje tør? Fordi vi er vorte ein gjeng med pyser som ikkje vil verte vaksne før vi er førti?

Nei, takke meg til eit stemnemøte bak hesa! På gamlemåten.
-Men eg vil gjerne vere den som inviterar.

På Tampen, Synste Møre - 12.03.09
Foto: Borghild Holsvik - www.mollspinn.blogspot.com