Monday, September 06, 2010

Ho finst i lyset (song for st.Sunniva)

I

Det driv ein båt på havet
i halvmørkret før morgonen bryt
Svarte skikkelsar mot dei bleike bølgjene

Månen kvitnar i ein boge
til å fange lyset i
Lagt inn i natta
til trøyst for dei som vakar
dei som leitar, dei som driv

Sola kastar lyset sitt på månen
og månen lyser
Månen kastar lyset sitt på havet
og havet lyser
Bølgjene stemmer lyset
og sleikjer båten
så båten skin

På havet driv ein båt
Det vert natt
og det vert morgon
denne dagen
I baugen sit ei kvinne
Sola bryt gjennom
speglar seg
i saltkorna yst på huda hennar

Ho lyser



II

Den skrapande lyden av kjølen mot land
Ho ser eit landskap, ei øy
grøn
slik vona er
og lengta etter ein heim

Ein naken fot mot kjølande gras
Mørkare felt av steg i doggfallet
Ho fell på kne ved ei kjelde
formar hendene til ei skål
Fyller ho med vatn
Lyftar vasskåla opp mot andletet
det nakne tørre andletet,
leppene kvite av salt, av vind

Svermar av fuglar og insekt flyg over øya
Svalene snappar insektkroppane
Berre vengene vert att
Dei fell langsamt mot bakken
Dei glitrar,
snør over henne
Dei har alle fargar i seg




III

Det bles ei rørsle over kvelven
Svarte skyer av regn frå ute i havet
driv tungt inn over øya
Slepp den styrtande væta si
mot laust berg
mot jord

Øya skjelv,
kampesteinar gneistrar
Havet kokar,
bølgjene bryt kvite mot land

Men her inne i fjellet,
her fell strålar av rennande lys

Ho ber
slik ein elskande seier ord
mjukt fallande frå beinet
fallande frå hjartet

Mold over andletet
Fuktig jord legg seg i augehola
Blodet skyt fram
i årane langs halsen

Med hendene falda
jordbunden
ordbunden
Lagt i stein
i fjell

Lyset i dødsromet
kverv så langsamt



IV

Havet blikkstille utanfor
Flokkar av stormsvaler flyg
inn og ut frå land
Med nebba fulle av mold og stein og lys
syr dei kvelden saman

Det ligg ein båt der ute
Fiskarane dreg garna sine
Vegar av blenkjande fisk
mellom dei og djupet

Dei ser månen kaste lyset sitt på havet
så havet lyser
Havet breier lyset på bølgjene
Bølgjene sleikjer berga
så øya lyser

Sjå, øya lyser
Ho lyser
så mjukt
som ei velsigning


V

Ho finst i bølgjene
Ho finst i havet som susar mot natt
Ho finst i det vesle romet i ei røsslyngklokke
I kvelden som raudnar i kantane, finst ho

Ho finst i den tynne hinna utanpå hjartet
Ho finst i pusten frå ein svevn
i ein draum vi eingong drøymde
Ho finst i elvane som leitar etter havet
I den raude halvmånen over orrfuglen sitt mørke auge
og i sandkorna si slipande rørsle mot land

Ho finst i lyset
I lyset frå ei tru
i lyset frå eit søkande, lengtande hjarte
Ho finst i lyset
mellom oss


(Skrive for opninga av Sunniva-festspela 2010)

1 comment:

mette said...

utruleg flott. tenk å skrive så bra når det er eit bestillingsverk. dei må ha visst kva dei gjorde, som bad deg om å gjere det. presensforma kler historia. å, sunniva! kristi brud!
og tenk at karane kuppa sunnivadagen, slik at den blei kalla opp etter dei.