Sunday, October 29, 2006

Frå her eg sit



Eit vindauge med utsikt
som gjev innsikt

Monday, October 23, 2006

(moll)




Den tynne raude kjolen og den mørke dressen har hengt ute over natta. I morgontimane syng klesstativet, når vinden tek tak i kleda og dreg dei varleg rundt. Ei slepande sår læte trengjer inn mellom fibrane i stoffet, legg seg der som ei lett fukt. Kroppen kjolen skal kle vil dampe tonen bort med ein langsamt ebbande varme. Men han som eig dressen vil høyre denne læta kvar einaste gong han ber desse mørke plagga, før han ein dag mange år seinare, (lange år seinare), legg dei øvst på kvistbålet i hagen. Den tjukke røyken stig, løyser seg opp, og driv bort langsmed fjella.

Monday, October 09, 2006

(mogn)

Ei jente med kvitt hår
ber store spann over markane
Ho leier ei mørkare rås
av spor gjennom doggraset
Dyra trekkjer langsamt mot fjøsen
med jura fulle av varm mjølk

Det er ho som er mor
utan å vite det enno
Ho som er eit mjukt hus
kring ei kjerne av mogn

Ein gul stråle siv
ut gjennom fjøsdøra
Ho går inn og fell
saman med lyset



(Takk til mi kjære venninne Borghild Holsvik

for dette nydelege biletet

som fangar sommaren min så tydeleg!)