Monday, October 09, 2006

(mogn)

Ei jente med kvitt hår
ber store spann over markane
Ho leier ei mørkare rås
av spor gjennom doggraset
Dyra trekkjer langsamt mot fjøsen
med jura fulle av varm mjølk

Det er ho som er mor
utan å vite det enno
Ho som er eit mjukt hus
kring ei kjerne av mogn

Ein gul stråle siv
ut gjennom fjøsdøra
Ho går inn og fell
saman med lyset



(Takk til mi kjære venninne Borghild Holsvik

for dette nydelege biletet

som fangar sommaren min så tydeleg!)

9 comments:

Anonymous said...

Åh, Hilde (og Borghild) kor fint! Kor beint fram hjarteslitande vakkert. Hest, hesj. Hilde. Heimlengt, heimlengt. Heimlengt.

(godt å høyre at Lisje-pirlå med følgje leita seg oppatt)

Hilde said...

Ja, har eg ein hest på mi høgre hand og ei hes på mi venstre hand,og ein hund, så er eg nøgd!
Kom heim, Maria, kom heim!
(i natt drøymde eg at vi skulle reise på turné ilag, vi var veldig glade)

Anonymous said...

Var vi veldig glade fordi Odd var med?

Hilde said...

Eg kan ikkje hugse at Odd skulle vere med, men det må vi jo nesten tru han skulle.
Vi burde reise på konsert!

Anonymous said...

Eg skal. Men eg har gløymt å hente billettane. Så no veit eg ikkje om eg skal lenger. Det heile er i posten sine hender. Og då kan ein aldri vite no i våre dagar.

*** said...

ok. gløym det eg skreiv i e-post. no ber eg: vil du vere min "venn" på motorpsycho?

Anonymous said...

Likte diktet. Likte diktsamlingen din også.

Hilde said...

Takk, kjære anonyme deg! :)

Anonymous said...

Hei Hilde!

Jeg har lest diktsamlingene dine med stor interesse. Du er et stort talent, det kryper på ryggen!
Som bergenser lurer jeg på ordet "mogn". Betyr det "mognad"? Eller
"mugg", "mygling"? Har diskutert dette med mange, de fleste mener "mognad", men---?
Hilsen Siri