Monday, January 09, 2006

Innanfor



Slike vinterdagar tenkjer eg på den villkatten eg fann. Stivfrosen under det brunvisna bregnelauvet låg han, strak ut og var daud. Ein stor kvit villkatt, eg hadde aldri sett han før, men skjøna det var ein villkatt. Eg såg det på dei sundrivne øyrene, dei lange vêrhåra, den lurvete pelsen og beinbygnaden. Han var så skrinn. Berre skinnet utanpå beina, som sokk litt ned i kvar beingrop.
Eg hugsar eg gret. Eg låg på kne ved kattekroppen og gret, tenkte på livet hans, det som no var borte, at han aldri hadde hatt nokon heim, ingen hadde stroke han over hovud og rygg i ei lang langsam rørsle og gjeve han mat i ei skål, nei, han hadde gått ute all sin dag, jakta på mus under skaresnøen, slost med reven og gøymt seg i ei steinhole med store redde auge og øyra flatt bakover hovudet, svolten og kald, med iskrystallar mellom poteputene.
Eg ville grave han ned, men telen batt mold og jord og ville ikkje la meg kome til, ikkje eingong med ei grav. Eg såg på katten. Auga hans var attlatne, men han såg ikkje sovande ut, ikkje med all den rimen i pelsen, og dei frosne lemane, nei, han såg meir daud ut enn noko anna eg hadde sett døy, hadde sett daudt.
Eg gjekk attende til huset mitt, og fann ei kiste, nei, meir eit stort skrin med reimar over som ein kunne knyte saman og forsegle, ikkje berre late att, men verkeleg lukke inne. Han fekk denne kista. Eg lyfte katten opp, han endra seg ikkje, ingenting endra seg, han heldt same stillinga, hovudet vridd mot høgre då det skulle falle mot venstre, stiv, ubevegeleg, og eg kjende frosten i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg kjende beina i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg gret over at det gjekk an å døy slik, at nokon måtte døy aleine og svoltne og skjelvande av kulde, så heilt aleine, drage seg inn mellom bregnelauvet og døy og fryse til is.
På kne ved kista, grava til ein villkatt, plassert i hjørnet i tuftene frå det som ein gong var eit sommarfjøs, langt oppe i bakkane, i utmarka, men enno med ei kjensle av å vere i hus, omkransa av steinmurar, stein for stein lagt av menneskehand, inne, innanfor.