Thursday, July 14, 2005

Utsikt mot blomehagen



Valmua ber svarte frø inne mellom kronblada
Ho tøyer seg med vindenfrå side til side
i bogar mot bakken
Hit og dit mot aust så mot vest
bøyer seg i ei jamn og langsam rytme
Slik ei lita kvinne med raud stakk
og famna full av setjepoteter står
dag etter dag med vinden mot kroppen
og tøyer rygg og nakke frå eine sida til hi
så band brest og senar skrik
for å sleppe frøa ned i den mørke molda

4 comments:

a jour said...

Fint dikt. Besjeling er vanskelig, men jeg synes du får frem et vart og fint uttrykk her.

Nå er det avgårde til nordtroms for om mulig å få noen ørret. Ha en fin tur til Aurlandsdalen!

ø said...

Velkommen til bloggosfæren, Hilde. Eg seier det jo litt seint, og ikkje spesielt godt, men det er fint at det finst ein elektronisk link ein eller annan stad mellom Vilnius og Syltedalen.

Hilde said...

Takk, Øystein. Kjekt du stakk innom. - og det heilt frå Vilinius, til og med!

Sjur: Dikt og dikt, det er vel mest ei tankerekkje som dukka opp då eg kika ut glaset.
Lukke til med ørreten. Du tek han nok, du!

*** said...

eg trur ho er ein luring, ho der valmuedama. har eit skeivt, kult, lite glis. og ein skvett whisky i skåpen heime! ska tru om det ikkje er noko frampeik, her. kor er vi om 60 år, kjære venn?

a jour, er det den sjur som eg veit kven er?