Thursday, July 28, 2005

Bergen, 26.juli 2005



Vi sette oss på ein benk ved den store raude kyrkja
Det var varm ettermiddag
Eg lena ryggen inn mot veggen,
kjende den skarpe strukturen i steinane stikke gjennom bomullstrøya
Eg vende hovudet mot deg og du sa med mørke tunge auge:
Det er så mange val, kvar dag må vi velje, utan tenketid
Ein vert nøydd å gamble, ein må berre
Det er ikkje alltid det går godt
Det er ikkje alltid det

Eit fly flaug over hovuda våre
Det drog ei kvit stripe etter seg
beint over kvelven
Ser du, sa eg og peika,
ser du korleis fargane og lyset avgjer
sporet som fylgjer, ruta vi har reist
Om du skulle velje
ville du ikkje valt ein kvit farge
ville du vel?

Det er umogleg, svara du, og såg til sides for meg,
ingen stiar nokon har gått er reine
Nei, svara eg, så hugs det du sjølv seier:
det kvite er umogleg for oss

Og eg visste i det same at dette
denne klåre kvelden i døsig svevnmangel
var små augeblunk av lyse striper eg ville dra etter meg
frå no av
og så lenge eg kom til å kjenne deg

13 comments:

Linda said...

yes!

det minner meg om Bergen, Johannes-kirka, grusen som spraker, de benkene der, altså, har sittet der mang en gang, seint og tidlig.

fint dikt.

Hilde said...

Ja, Bergen er ein bra by. - Og du skal jo tilbake dit snart! Heldig jente.
Eg merka at eg har sakna dette: sitte der og skrubbe i den knitrande grusen, eller på Vågen med ein kaffi, til og med Garage var eit gledelig gjensyn. - Garage er forøvrig blitt ombygt, dei har slått ut veggen i øvste etasje og no er det blitt eit stort, hipt lokale. Yeah.

*** said...

ja, all (nei, HALV) respekt til linda for å følgje hjartet og returnere. ja, for resten av respekten til deg, Hilde. for the same.

*** said...

...vente på deg til du kjem att frå måren:
håper det blir kjekt. som eit einaste stort nachspiel. eller voerspiel. eg føretrekk voerspiel.

a jour said...

Veldig fint.

*** said...

hilde, kjære, det er noko eg må fortelje deg... det blir ikkje volda. eg fekk plass ved journaliststudiet i bergen. eg fekk vite det no. har stått på venteliste. glapp inn i siste runde.
heldig.
trist.
fint.
dumt.

nuss

*** said...

hilde, hilde, kor er du? eg trenger eit livsteikn. har du lese? fekk du melding frå meg?

Hilde said...

Tullejente!
No vart eg litt skuffa, men ok. Har nettopp kome att frå Bergen, eg flytta heim alle sakene mine, og eg kan skjøne du vil attende. Eg ringer deg.

*** said...

halloo kjære tulle,

er du attende frå din gærne fylle tulle tur til tigerstaden? kor mange nachspiels og døgn-vaker blei det denne gongen?

Hilde said...

Ja, eg er tilbake. Sliten, men tilbake. Det vart mange døgn med lite svevn, tilsvarande mengder øl. Godt, men denne storbyen, veit du, han slit meg ut, tyggjer meg til mjøl, pulver, melis alt som er tynt og fragmentert til det minste.
Best i dalen no. Best her.

*** said...

saknar deg her i molde. eg er ikkje heilt samme jenta utan deg.

det skal ikkje stor by til for å bli sliten av festival. nest siste dag i molde, no, og eg saknar loftet til bønna og sveinung i b.

audiatur? tilgje meg for min ignoranse, men eg veit ikkje kor og kva.

Hilde said...

Du veit, Audiatur, slik som vi var på for to år sidan: sånn festival for ny poesi. Øyvind og Lars skal lese, såg eg, og det er jo gutar vi likar.
Då vil eg til byn. Ikkje no, no er eg framleis harsk etter for mykje ståk og bråk sist veke, men då vil eg. Kanskje eg kan sjå loftet ditt? Vert det fint?
Å, no kom eg på då eg overnatta hos deg, då etter at vi hadde vore på Garage og drukke whiskey på trappa ovanfor der, du veit. Det var fint. Vi varma tåfisen på ein stråleovn.

*** said...

tjihi, ja, vi spreidde tåfis over heile leilegheita! også stakk vi av. gjekk på fløyen. har fine bilde. søren, eg må finne dei bilda.
og, ja AUDIATUR. sjølvsagt. og loftet har SJØLVSAGT plass til den lille hilderumpa. det er så mange fine rom der oppe. berre å velge og vrake i kott og skap! eg vil krype heilt inn i hjørnet!
sendte forresten ein e-post til uib-adressa di. fann ikkje den nye. kan du sjekke uib-post?