Monday, November 21, 2005

Raude halvmånen


Heldt på å klippe sauene, trur det var Lamborg eg klipte akkurat då, heldt på med det vanskelege partiet kring halsen, veit ikkje heilt korleis eg fekk det til, kva venstrehanda gjorde der klippemaskina skulle gå, men det skjedde sjølvsagt, hadde i grunnen venta på det: sauesaksa køyrde seg inn i peikefingeren min, løyste eit bua flak frå tuppen, lyfta eit lite kumlokk på vidt gap, og ut frå kumlokket strøymde det blod, det er jo så typisk fingertuppar: fulle av nervar og jævla fulle av blod. Eg banna ein salve, men ganske kontrollert:
“Faen, der klipte eg meg”, sa eg.
“Gjer ikkje noko”, sa eg, lata som ingenting. Sløkte ikkje maskina eingong, eg berre klipte vidare.
Men det svei. Ullfeittet la seg inn i såret og svei. Blodet draup ned i ulla på Lamborg, raudt mot det kvite, og det distraherte meg slik at eg ikkje fekk klipt jamt og fint, det vart berre hakk og dottar og tustar, så eg gav meg over og sløkte maskina. Det vart stilt. Det regna på bølgjeblekket. Regnet dansa på bølgjeblekket, og mor mi, som heldt Lamborg, sa eg måtte surre rundt litt gråpapir, det gjorde dei alltid før, sa ho, før var det nett som gråpapiret var innsett med eit blodstillande middel, det var berre å trykke det mot såret og mest i det same slutta blodet å piple fram, det var nesten magisk med gråpapir før i tida, sa ho. Så eg reiv ei strimle frå mjølsekken vi stappa ulla i, surra rundt, tok ei klype ull frå Lamborg, snodde ho godt til det vart ein liten tråd som eg knytte rundt gråpapiret att, og det hjalp godt, sjølv om gråpapiret i dag er ikkje som det eingong var: Ut mellom fingeren og papiret taut det raudt. Men eg brydde meg mindre, tende maskina og klipte vidare. Alt gjekk godt med gråpapir på, og trass dette hendige uhellet vart Lamborg strålande fin.
Og i dag blesma ho, til og med. Då eg slapp Punktum opp i storegarden for å sjekke damer, stod Lamborg der og var så søt og sjarmerande og baud seg fram så nyklipt og fin, at Punktum vart heilt ør i toppen, slengde opp leppa og briska seg, nærma seg Lamborg i god fart, ho såg på han med store, litt undrande og skremde auge, skalv litt i augeloka, men var heilt med på det, og no skal Lamborg ha lam til våren for fyrste gong i sitt liv.
Og då gjer det jo ingenting om eg har ei flenge på fingeren. Ein liten, raud halvmåne på venstre peikefingertupp. Såret liknar akkurat på ein liten, raud halvmåne. Eg håpar faktisk det vil verte eit arr av det, og eg trur det vil verte eit arr av det. Ein raud halvmåne. Lik den som tiuren har over det svarte, blanke auget sitt.
Om eg stryk nokon over ryggen, armane eller kinnet med denne fingeren i framtida, kjem det nok til å kjennest. Kjem til å skrape litt, hard hud, ein herda liten måne yst på tuppen. Eg reknar med han kjem til å spørje:
“Kva skjedde med fingeren din?”
Då skal eg svare:
“Heldt på å klippe sauene, trur det var Lamborg eg klipte akkurat då, heldt på med det vanskelege partiet kring halsen, veit ikkje heilt korleis eg fekk det til, kva venstrehanda gjorde der klippemaskina skulle gå, men det skjedde sjølvsagt, hadde i grunnen venta på det: sauesaksa køyrde seg inn i peikefingeren min, løyste eit bua flak frå tuppen, lyfta eit lite kumlokk på vidt gap, og ut frå kumlokket strøymde det blod, det er jo så typisk fingertuppar: fulle av nervar og jævla fulle av blod.”

4 comments:

stina said...

Hei Hilde, jeg vil gjerne lese denne boka, okei?
Si ifra når den er ferdig, a!

Hilde said...

Hihi! Du er søt!
Ja, jaggu, det ser jammen ut som ei romanopning! Kven skulle tru det om meg?

stina said...

Jeg.

Linda said...

skriv mer, hilde.

pøs på.