Thursday, November 17, 2005

(tid)




I si evige jakt
på forgjengelegdom
tel dei ringane i treet
takkane på horna
lag av jord og rustraud mold

Eg vil ikkje vite så mykje
om kva som er gamalt og kva som er ungt
men eg skjønar at hesten aldrast
når bitet langsamt spissar seg utover

Og no står ho der med ein pilspiss
som peikar seg ut frå mulen
peikar ut frå den store varme munnhola
Det er vinter og kulde i skogen
Det dampar av pust ikring ho
Eg stikk dei frosne fingrane inn
mellom tennene og mulen
kjenner korleis det glatte skinnet
strekkjer seg over knokane
og spreier varme inn mot beina
Luter hovudet mot den flate panna
mot eit glim av tidløyse
der eg maktar å gløyme korleis det er
å samtale med menneska
og deira tid av år og dagar


(til minne om Nakita, 09.07.85 - 09.11.05)

7 comments:

Linda said...

kjempefint, hilde.

a jour said...

Fint skrevet.

ø said...

Du er tilbake! Hurra!

Eg gleder meg til kaffislaberas i Syltedalen om ein månads tid!

Hilde said...

Eg er tilbake!
Fann ut eg måtte halde denne tråden open frå Syltedalen og ut i verda.

Takk, takk.

Eg gler meg også til kaffislaberas, Øystein! Eg håpar berre golvet vil vere på plass til den tid, om ikkje..tjah..golv er vel i botn og grunn ikkje SÅ viktig, heller.

stina said...

Sei ikkje det, Hilde!
Me har nett lagt golv i stovene våre, og det gjorde ganske mykje. No kan ein gå så langt som til å hevde at stovene er koselege.
Ja, faktisk!

Så skal det seiast at me hadde eit 20 år gamalt veggtilveggteppe...

ø said...

Nei, golv er ikkje viktig. Før klarte dei seg med mold. Kvifor skal vi late som om vi er så mykje betre?

Hilde said...

Ja, kvar vert det av jordgolva i alle desse tusen reklamene som dei smett inn i Sunnmørsposten t.d.? Eller steingolva? Hmm?
Kanskje det er løysinga: eg går ut med ein lageleg stor sekk, fyller opp med mold og strør utover underlaget, kven veit, kanskje med tida vil det til og med spire opp ymse slag av grønt, og SVOOSJ er eg ein gründer!