Tuesday, November 29, 2005

turdus iliacus


Var på veg opp stigen, opp stigen langs fôrsiloen, i høgre hand heldt eg ein slange som skulle tappe alt vatnet ut, tappe bort det store bassenget som breidde seg ut der oppe, dei mange hundre literane med vatn som hadde ligge og pressa saman det saftige grøne graset sidan sommaren. Han er ikkje så høg siloen vår, fem-seks meter over betonggolvet omtrent, stod på det tredje øvste trinnet, lena meg over kanten og skulle til å senke slangeenden ned i vasspresset, hadde butte ein stein i enden for å halde han på plass, let slangen gli ned i vatnet, freista plassere han der det såg djupast ut, konsentrerte meg, då høyrde eg denne lyden: klør mot plast, fjør mot fast, stutte pip, det baksa og krafsa på andre sida av siloen, i glipa mellom den tjukke plasten i silopresset og veggen bak, den vesle stramme glipa, det var nokon der, nokon som kjempa, nokon som hadde høyrt meg og bad om hjelp. Frå andre sida av siloen bad nokon kort og tynt om hjelp. Mellom oss var fleire hundre liter vatn i ein grøn glatt presenning. Eg stod ein augeblunk for å lokalisere lyden, freiste å gjenkjenne, finne ut kva dette var, før eg batt fast slangen, gjorde ferdig jobben, klatra ned stigen, kjende betongen mot gummihælen, gjekk ut av silobygget, gjekk med raske steg over tunet, inn i kjellaren, fann fram vadebuksa, steig nedi, slo selane over herdane, gjekk attende, over tunet, inn i silobygget, opp stigen, slengde foten over kanten, kom etter med den andre, heldt meg med overkropp og armar, og let meg langsamt senke ned i vatnet. Den kalde innsida i vadebuksa pressa mot kroppen, vatnet pressa vadebuksa inn mot kroppen, frå alle kantar, kring bein, hofter, underliv, mage, pressa vatnet seg mot meg. Eg stod stille med vatn til livet. Lydde. Opna munnen og plystra. Stille. Så eit svar. Eit svakt pip, ein svak vibrasjon i plasten. Stille. Eg plystra. Svaret kom. Eg gjekk mot lyden. Vatnet arbeidde imot meg, eg tok meg fram med seige langsame rørsler, langs kanten av siloen, midten var for djup, kom til å renne over kanten på buksa, inn med armholene, nedover kroppen, fylle seg med vatn, eg måtte halde meg langs kanten. Stille, berre denne rislinga i vatnet når eg svinga kroppen, foten, frå side til side og framover, surklande, kurlande, rislande. Eg plystra att. Svaret kom fort, like ved. Eg stogga, tok tak i plasten og drog han langsamt ut frå veggen, strekte hals og kika ned mellom glipa. To svarte auge. To svarte turdusauge rett mot mine. Ein liten brun kropp pressa fast mellom vegg og plast. Og to venger. To raude venger.
Eg stakk handa langsamt ned, fingrane støytte varsamt mot mjuk fjør, kjende det dirra i dei, eg opna handa og la ho over kroppen, greip kring kroppen, kjende fuglehjartet skjelve inne i grepet mitt, heldt fast og trakk ho opp frå glipa, ut i lyset, ut over vassflata, eg med mi menneskehand, ho med sitt fuglehjarte, tok ho inn mot brystet, la andre handa til grepet, heldt ho inn mot brystet og kviskra inn i fjørhamen, lågmælte ord som gav tynne ekko over vassflata.
Eg stod der, stille, eg stod der heilt stille, med ei raudvengetrast sitt bivrande hjarte like utanfor mitt.

2 comments:

Linda said...

wow.

hvordan hadde den kommet seg dit?

Hilde said...

Godt spørsmål!
Eg spurte ikkje, og ikkje sa ho noko om det heller.