Thursday, July 07, 2005


"What touches you
is what you touch"
seier Margaret Atwood ein stad

I dag har vore ein aktiv dag, eg har rørt ved mange ting, tatt i dei, halde dei. Og eg har difor også vorte rørt av mange ting. I dag tidleg : hunden min, den kalde snuten hans. Vidare: tapet, tapetkniv, målarkost, kvit seig lim. Seinare: rattet på traktoren, ein høygaffel, metallet i eit siloband, dei mange mange grasfrøa som la seg i nakken og nedetter ryggen.

Eg likar den tanken. Alt eg rører rører ved meg. Det minnar meg om noko Lars, Lars R. Engebretsen har skrive:

...

hendene lagt tungt
sånn

av andre, som
en rotveltes røtter
griper om seg
den venstre leser
den høyre og
stoffet leser den
venstre

...

Kva rører du ved? Kva rører ved deg?

3 comments:

*** said...

å, å, å,

eg har lidd av følelses-fobi ei stund. dei seier at ein kan bli bra av fobiar gjennom eksponering til det frykta fenomenet. så held fram, bust buckley presley,

(nei, eg er visst på veg til å ville ramse opp alle dei som rører, men det blir for mykje og eg skal ta båten til aure no)

for at de held fram kjenslene, lar meg sjå dei, lar meg bli vant til det. så kan eg sakte, sakte, nærme meg og
kanskje
røre ved det?

a jour said...

Ytterst mot havet og på grensen til Sogn og fjordane.

Kan jeg linke til siden din?

Hilde said...

Heilt rett, Sjur, heilt rett. Godt jobba.
Klart du kan linke til sida mi, det er ei ære å verte linka til sida di.
*