Tuesday, July 12, 2005

Oldefar Martines



Eg pussar opp gamlehuset. Eit kvitmåla lite hus, bygd på 50-talet, med små rom og grove dørkarmar. Det er eit fint lite hus, akkurat passeleg for meg og mitt.
Farfar døydde lenge før eg vart fødd, men han budde i dette huset med si familie. Før han: oldefar Martines. Oldefar, som eg kjenner meg slik att i, sjølv om eg aldri har møtt han.
Eg likar å tenkje på at eg no skal bu i same huset som dei. Stundom, når eg står der og målar veggane og frydar meg over kor fint det vert, synest eg mest eg kjenner dei i rommet, at dei nikkar og smiler, klappar meg på skuldra og seier: her skal du få det fint.

Oldefar Martines skreiv mykje. Når han kjøpte seg ein blyant, kappa han den opp i mange målar, så brukte han dei ein etter ein. Ganske lurt. Om han mista den eine, hadde han alltid ein annan litan blyantstump å skrive med. Når Martines kom på ein tanke, eit ord, ei setning, ein idè, slapp han det han hadde i hendene, drog av seg trelappen, sette seg på han og noterte. Han var ingen gardbrukar, Martines, men han var ein mild og klok mann som eg ofte tenkjer på, og som eg skulle ynskje eg hadde fått treffe.

Kanskje kjem eg enno nærare Oldefar Martines når vi no skal bu i same hus. Til forskjellige tider, men i same hus.

3 comments:

*** said...

spanande. har du noko han har skrive? vil du leggje det ut?

hovudpersonen i "sult" glømte sin ti-øres blyant i brystlomma på vesten sin, og vips, så fekk han ikkje skrive ein ti-episodars føljetong.

Hilde said...

Det sørgelege med denne historia er at det ikkje finst noko bevart av det han skreiv. Han hadde ei heil kiste full av notatar, dikt, tekstar. Den stod nede i løda, og vart borte under krigen. Kanskje vart det brent, kven veit. Ingen veit sikkert. Men eg må gråte kvar gong eg tenkjer på dette, at ikkje nokon tok vare på det. Noko er å ta vare på TING men å ta vare på TEKST er enno viktigare, er det ikkje? Tankane til eit menneske. Slikt kan ein ikkje brenne, slikt kan ein ikkje la fare.

a jour said...

Fin historie. Synd at ingenting er bevart ja. Det forgjengelige er en sterk og nådeløs kraft i universet.