Wednesday, July 13, 2005

Litterær sjølvmelding





På opp- og utfordring frå Stina, kjem no ei remse svar på ei rekkje spørsmål om bøker og slikt:

1) Kor mange bøker eig du?
Eg er altfor dårleg med tal til å gje noko tal.

2) Kva for ei bok var den siste du kjøpte?
Eg kjøpte fem fine bøker for hundre kroner på Moa:
Carl Frode Tiller: Bipersonar
Anja Snellman: Hudens tid
Anne Bøe: Sisyfos synger
Kristine Næss: Rita blir forfatter
Nathaniel Hawthorne: Det svarte sløret

3) Kva for ei bok var den siste du leste?
Den siste eg leste ferdig, eller den siste eg leste i? Eg seier fram begge.
Den siste eg leste i: Margaret Atwood, Poems 1976- 1986
Den siste eg leste ferdig: Jon Fosse, Morgon og kveld.
Eg driv også på og les Tiller og Hawthorne.

4) Nemn fem bøker som har betydd mykje for deg og som du har lest meir enn tre gongar!
Paal-Helge Haugen: Anne og Meditasjonar over Georges de la Tour
Johan Borgen: Lillelord
Christina Hesselholdt: Kjøkkenet, gravkammeret og landskapet
Sara Kirsch: Alvekongens dotter



5) Oppfordre nokre personar til å svare på desse spørsmåla i bloggen sin!
Mette, Linda og Sjur

10 comments:

a jour said...

sisyfos synger er fin. Takk for utfordring, og svarene foreligger allerede - http://asjur.blogspot.com/2005/05/fem-i-farten.html
:)

*** said...

eg spør igjen, eg: sjur, som i sjursilda?

The Boring Store said...

takk for det, skal sette inn svar så snart jeg har tid.

Hilde said...

Sjur, som i Poetsjur, ikkje Samlagssjur, men ein annan. Ein Sjur som går i fjellet og les bøker og skriv. Ein slik Sjur som vi tykkjer godt om, med andre ord.

*** said...

ikkje DEN som går i fjellet? nei, nei. vel. kva synest du om Bipersonar? eg liker Skråninga betre. er ikkje så glad i meta-plan. når forfattarar byrjar skrive om å vere forfattar så kjenner eg veggene krype nærmare! og, ja, takk for oppfordring. svar føreligg!

Hilde said...

Nei, ikkje DEN som går i fjellet. DEN som går i fjellet har eg ikkje høyrt frå sidan "Vinterkos".
Uansett: eg har ikkje lese Skråninga, men det vil eg gjerne. Eg likar Tiller. Eg var i alle fall begeistra heilt til han skjena seg ut på meta-planet. Då vart eg jævla forbanna, eigentleg. Eg KLARA berre ikkje lese den dritten, så eg hoppa over det. Eg meinar, ærleg tala, når han tek til å skrive ting som "no sklir du heilt ut, dette vert den dårlegaste passasjen i heile boka" så må eg takke for meg. Og kva var det fantom-pisset?
Eg trur eg må lese Skråninga for å kome over denne nedturen. Han skriv jo så godt.

The Boring Store said...

hoyt,

du kan låne skråninga av meg. jeg har den og låner gjerne bort. om du vil.

Hilde said...

Gjerne, Linda!
Ta deg ein tur på besøk, då, vi er jo nesten naboar i sommar :)
Sjekk forresten ut: http://www.norcd.no/pages/kulturhagen.html
Bli med! Dettan bli moro!

The Boring Store said...

det skal jeg prøve å få til!

til hvilken adresse sender jeg boka?

hvor ligger Måren? det så gøy ut! kanskje jeg klarer å lure med meg Mette på en aldri så liten utflukt?

Hilde said...

Åh! Det hadde vore fantastisk om de kom! Øyvind skal jo vere der og alt. Og herr T.Espedal, vår gode ven. Og herr T.Hellesen. Og så vidare. Kom! Då kan du jo ta med Skråninga :)