Saturday, July 09, 2005

Ein hestealder





I dag er hesten min 20 år. Det er ein bra alder for ein hest, men slett ikkje gamalt. Ein fjording kan verte godt over 30 år, og Nakita er ein fjording. Tennene hennar har teke til å gå ut i ein spiss. Det er slik ein ser alderen på ein hest. Når dei er føll, eller unge, står tennene heilt beint i kjeften på dei. Sidan skråar dei meir og meir utover, dess eldre dei vert, dess spissare vert vinkelen, vert ein pilspiss som peikar ut frå munnen, ut frå den varme, store munnhola.
Stundom, om vinteren når det er kaldt og eg er ute med hesten, stikk eg dei frosne fingrane inn mellom tennene og mulen. Eg let fingrane kvile mot tennene, kjenner korleis det glatte skinnet inne bak mulen strekkjer seg over knokane og spreier varmen innatt.
Nakita tykkjer om det. Ho tykkjer ikkje det er ubehageleg, ho ser på meg med dei store mørke auga, og veit dette er eit teikn på at eg stolar på henne, veit det ligg noko trygt i denne handlinga.
På mange måtar er det eit kjærteikn.

4 comments:

The Boring Store said...

eg har lyst på hest.

han kan bu i garasja og køyre meg til skulen kvar dag. det var drøymen. det er lenge sidan. og mor feika ein allergi. sidan blei det gullfisk. han dauda. far spylte han ned i do. frå hav er du komen, osv.

finfin tekst.

The Boring Store said...

draumen, heiter det.

Hilde said...

Om Nakita kunne få føll, så skulle du fått eit av meg. Men ho har vore til hingst tre gongar utan resultat, så ho er nok steril. Synd. Ein av gongane var vi, både eg og Nakita, sikre på at no kom føllet snart. Ho hadde kvit mjølk som rann frå juret. Men det kom ikkje noko føll. Tenk, ho ynskte det så sterkt at ho fekk mjølk i spenane. Ho ynskte det verkeleg, og det gjorde eg også.
No er ho nok for gamal til å få føll, men ho har ein besteven. Han heiter Motorola og er ein stor væir.

*** said...

gratulerer med dagen, nakita!

eg er imponert av alle som maktar hestar. alle hestar føler seg visst større enn meg og vil ikkje la seg bosse rundt.

korleis smakar hestemjølk?