Monday, August 31, 2009

Å velje vekk framtida





Eg henta gimbrene mine heim frå fjellet i går. Heile tre i talet: Lydia, Salsa og Stjerna. På veg nedatt såg eg dalen under meg, grøne markar, raude løder, beitande dyr. Lenger ute: Syltefjorden, Vanylvsfjorden sin langfinger inn i landskapen, med nyslegne bakkar ned mot fjøra. Eit ope landskap. Og eg kjende kor glad eg var i dette synet. Kor godt det var å kome frå fjellet med tre lydige gimbrer diltande etter meg, nedatt til ei enno levande bygd. Og kor redd eg vart for at dette skulle forsvinne.

Eg ynskjer så sterkt å kunne hente sauer heim til garden i framtida også. Eg ynskjer å drive småbruk, halde kulturlandskapen i hevd, ta vare på det som generasjonar før meg har bygt opp med sine eigne hender. Dei små bøane, sjelfulle løder med trenaglar, bratte bakkar med steingardar. Alt dette har ein spesiell verdi som vi må freiste å ta vare på. Her på våre kantar vil det alltid vere dei små bruka som må vere i fleirtal. Fordi vi kan ikkje flytte fjell, vi kan ikkje tømme fjordar og gjere bratte bakkar flate.

Difor vert eg redd når eg les og høyrer FrP sin landbruks- og distriktspolitikk, ein politikk som ikkje passar inn mellom høge fjell i trange fjordar i landet vårt, ein politikk for dei flate, langstrakte områda der to-tre storbønder legg under seg bruk for bruk til fjøsane bular av dyr som kun er eit produkt, og rundballane esar og glinsar av gras utan artsmangfold. FrP vil stø desse, dei store og feite. Men kva med dei små idealistane som vil gjere ein innsats fordi dei trur på at det er dei små som saman skapar det store og kjenner på ein arv dei vil føre vidare? Dei får ingen stønad. Dei får ikkje næring, dei får ikkje hjelp, og døyr ein langsam og motvillig daud.

Kva set du pris på her i utkantkommunen vår? Lukta av nyslege gras tidleg om sommaren? Det å kunne tusle til postkassa, i stilongsen om så er, slå av ein prat med naboen og plukke opp ei fersk lokalavis? Ja, er ikkje det slikt du set pris på? I alle fall set eg pris på det. Denne avisa du no held i hendene, korleis trur du ho oppstår? Det er hardt nok å drive lokaljournalistikk frå før, med stadig aukande press frå kommersialisering og gratisaviser med glinsande annonser. Utan pressestønaden vert det nærast umogleg. FrP vil ta bort pressestønaden og skape det dei kallar ”fri konkurranse”. Lokalavisene vil vere dei fyrste som fell. Og når dei fyrst er borte, er det ikkje lett å starte oppatt om galskapen på eit punkt skulle ta slutt. Hald godt i avisa du no har i hendene og kjenn etter. Vil du at ho skal slutte å få næring, ikkje få hjelp, og døy ein langsam og motvillig daud?


Starekassene stod tomme i år. Ikkje eitt einaste par med hekkande stare. Og ja, dette hender like utanfor mi eiga stovedør. Eg tek det som eit stort varsko: Noko er i ferd med å endre seg, og det er ikkje av det gode.
I sjette klasse var vi på leirskule på Runde. Før vi drog, laga kvar og ein av oss i klassen eit lite føredrag om fuglane i fuglefjellet der. Krykkje, alke, terne, lomvi, lundefugl. Vesle, vakre lundefugl med dei sørgmodige auga over eit fargerikt nebb. Eitt einaste egg i året, legg han, og er sårbar som få andre artar. Eitt av dei tydlegaste minna frå den turen, er når eg ligg på magen oppe på Rundebranden og ser på mylderet av flygande kroppar, korleis dei fòr inn og ut frå fjellet, lydane, eit øyredøyvande kor av hekkande fugl. Eg vil så gjerne bevare dette minnet, og det har eg gjort. Men aller helst vil eg ta vare på originalen; slik det faktisk er: ein levande kyst med artsmangfald.
FrP har knappast noko som kan kallast ein miljøpolitikk. Dei fråseier seg ansvaret for jordkloda vår, vi har ingen plikter i å ta vare på ho, i deira auge. Korleis kan vi sjå på at artar forsvinn, at isen smeltar og ørkenen spreier seg utan å ta grep for å snu utviklinga? Er vi verkeleg så lite takksame til den naturen vi faktisk er ein del av, kjenner vi ikkje ei eller anna form for lukke over å få vere i dette livet, bu på denne jorda, denne vesle kloten som kanskje er den einaste staden der det finst liv i eit uendeleg univers?
Eg kan ikkje godta at jorda vår og alt som lever her ikkje skal få hjelp, men døy ein langsam og motvillig daud.

Noreg. Fullt av mjølk og honning. Vi har det så forbaska godt at vi ikkje skjønar det sjølve. Og ja visst: Det er deilig å lulle seg inn i sitt eige og skjerme seg frå det som hender utanfor stovedøra. Det er som å vake morgon etter morgon, høyre regnet der ute, ikkje ha lyst til å stå opp, trekkje dyna over hovudet og sove vidare. Og det kjennest så inderleg godt akkurat då, men etter kvart vil det kome ei uro i deg: Vi menneske er skapt for å handle, for å arbeide, for å hjelpe og vere i aktivitet. Vi må stå opp og gå ut i regnet, om noko skal verte gjort. Å ligge på stas og ete pølser og drikke billeg sprit kjøpt på butikken, er ikkje haldbart i lengda. Etter kvart vil til og med den billege spriten smake beiskt og pølsefarsen vekse i munnen. Der ute er ei anna verd. Og vi er ein del av den verda, om vi vil eller ikkje. Vi bur i eit land der vi har moglegheit til å hjelpe. Er vi ikkje då plikta til å gjere det? FrP vil fjerne bistanden og lukke grensene. Det er vår mjølk. Det er vår honning. Kva med det barnet som kjem bort frå foreldra sine i ein kaotisk fluktsituasjon i eit land der framtida er håplaus. Skal det ikkje få næring, skal det ikkje få hjelp, men døy ein langsam daud?

På eit lite småbruk, ein liten fjelldal, i ei lita utkantkommune, i eit lite land fylt av menneske som ikkje vil bidra, i ei verd der så mykje er skeivt og skakt, kan det kjennest vanskeleg og tungt å vite kva eg skal gjere. Kvar skal eg starte?
Men eg veit i alle fall at dette kan vere ein god start: Å ikkje stemme FrP.
Vi kan ikkje velje vekk framtida.

Godt val!

11 comments:

aapedersen said...

Godt og sant sagt, glimrende skrevet.

Anita

borghild said...

Nydeleg skrive, og ein vekkar for oss alle. No håpar eg mange les innlegget ditt, og får litt å tenke på før valet!

Hilde said...

Takk for det, Anita og Borghild! Eg håpar også innlegget får nokre lesarar som kanskje tenkjer seg om ein ekstra gong før dei røyster.

Anonymous said...

Eg leitte deg opp på nettet no for å gje respons på dette stykkjet eg nett las i lokalavisa (Møre-Nytt). Kjempebra! Eg har aldri forstått kvifor FrP får så stor oppslutnad her på Nordvestlandet. Sjølv synest eg det er flaut. Eg vonar verkeleg innlegget ditt ikkje berre gjev mange ei god lesaroppleving, men at det også kan påverke røystinga til ein og annan. Lukke til vidare både med sauene og skrivinga!
Helsing Per i Hovdebygda (far til Olav).

Hilde said...

Gode Per,
hjartans takk! Kor utruleg kjekt å få slik respons, då kjennest det rett og bra å engasjere seg. - Og det måtte eg berre no, det er så skremmande mange som stemmer FrP.
Ja, eg håpar også at innlegget kan få ein og annan lesar til å tenkje litt lengre tankar.
Hels så mykje til Olav!
Alt godt til deg.

Anonymous said...

Veldig fint innlegg.
Frp er blitt det største partiet i Finnmark fylke også, og da kan man lure på hva i alle dager som skjer.

Nestminste jenta mi var forresten på saueleiting i går. Skolen hun går på er med på et prosjekt som kalles " Inn på tunet", der de en gang i uka er på et lite småbruk og driver med ulike aktiviteter. Bonden er lærer den dagen, og får dekket utgifter/ lønn fra dette landsdekkende prosjektet.
Ungene får være ute hele dagen, stortrives sammen med dyrene, og det hele er blitt en kjempesuksess.

Jeg tror slike prosjekter kan være med på å holde liv i alle fall i noen gårdsbruk, men selvsagt ikke alle. Det kreves i tillegg en vilje og en fornuftig politikk, og ikke minst et verdisyn.

Frp har dessverre ingen av delene.

Irene L.

Anonymous said...

Innlegget til Hilde er fullt av kjærlighet til Livet: naturen, dyrene,respekten for individet, omsorg for de svakeste.
Jeg ønsker å bidra til at det landskapet du beskriver skal få leve videre.

Hilde said...

Irene: Inn på tunet verkar som ei utruleg fin ordning! Eg har vore inne på tanken sjølv om kanskje å få til noko slikt i framtida. Det er jo ein vinn-vinn-situasjon og formidling som er viktig: gode verdiar ein lyt ta vare på.

Anonym: tusen takk, kor vakkert sagt. Det varmar godt her eg sit i ei utkantkommune full av FrP-sympatiserande innbyggjarar!

Lina Undrum Mariussen: said...

Takk for at du skriver dette, kjære Hilde! Jeg kommer også fra bygda, og har på følelsen at mange folk som i alle år har stemt Arbeiderpartiet, nå dreier over mot FrP, fordi de tror det skal hjelpe dem i dagliglivet, med rovdyrpolitikken, med å slippe å få asylmottak til bygda, med å få kjøre billigere biler med billigere uten bomringer.

Men jeg er redd for et land der vi skal sitte og hauke på hver vår tue, med våre egne goder og ikke dele dem med andre. At vi skal bli et lite mini-USA hvor folk må betale seg ut av problemene sine i form av forsikringer, og ikke har ei skole, et helsevesen og hjelpeapparat som kan hjelpe deg når det trengs som mest. Så mye som vi tar som ei selvfølge i dag. Men jeg ser ikke på den norske velferdsstaten som ei selvfølge. Og det tror jeg har gått mange FrP'ere hus forbi. Da skader det ikke med litt nestekjærlighet, skatting og dugnad.

John Inge said...

Synest innlegget i Møre-Nytt var så bra at eg klipte det ut og hengde det opp på veggen! Fann link hit hjå Miljøpartiet Dei Grøne.. Stå på!

Hilde said...

Takk for det, Lina, eg veit vi deler mange tankar om dette - og hint. Det er så sant det du skriv.

Og John Inge, det er meg ei stor ære å verte utklipt frå Møre-Nytt og hengt opp på veggen din!
Kjekkaste eg har høyrt på lenge.