Saturday, August 29, 2009

Følet blir fødd





Auga mine kjempa framleis med søvnen. Utovar markene
låg skodde i grå slør, frå skyme stader
flaug spovar opp med tynne sløyfer av skrik. Lyktene våre
vogga mjuke i gule klodar, føtene våre
slapsa gjennom grasets fylde i daggryet.

Ho låg på sida, trøytta ut av den lange natta;
den varme lukta av flankar og hovud og pust
steig opp frå den utstrakte kroppen hennar.
Frå rifter i skyenes sprokne eggeplomme
braut sollys fram over åsane, glitra i auga og blenda oss,
fløymde over dei bleike glørne i lyktene våre.

Der låg han i ein dam av sine eigne væsker:
Fire lange stilkar krafsa, det store hovudet,
ein sekk av ein kropp -
alt kjempa for å finne saman, bli heil, for å blandast
med den einaste straumen inn i livet. Han slost
for det første andedrag i livet, bråka som eit barn.

Mora hans, enno rå og sundriven av fødselen,
snudde seg, og auga hennar heldt han fast,
den sterke og mjuke tunga roa striden hans.

Vi knelte i det våte graset, tause
ved eit mirakel, ved noko større enn sola.


Det er den skotske poeten Kenneth Steven har skrive dette vedunderlege diktet.
(Gjendikta av Mathias Hoem: Safirblå isfuglfryd, Samlaget 2009).
Og eg vert svimmel og lukkeleg, litt forfærda og undrande: gjenkjenninga slår så sterkt i meg at eg kjenner eit sug av fellesskap og sakn.

Den mainatta Tindra (bildet) vart fødd, opplevde eg noko som eg ikkje har klart heilt å formidle i diktform. Her kjem Steven meg til unnsetning, og eg takkar han for det med blanke auge.
Sjølv måtte eg til prosaen for å klare å finne vegen dit, og eg måtte tenkje meg bort frå ei vaksen målgruppe:
I oktober kjem biletboka Jon og den lange julenatta ut på Samlaget. Eg skreiv historia fordi eg ville formidle nettopp denne ubegripelege hendinga, dette mirakelet det er når eit føl vert fødd. Kontakten mellom mora og den nyfødde. Lydane deira. Det langbeinte vesle, levande som kavar seg inn i livet:

Det var ute. Og med det same tok følet sitt fyrste andedrag. Det pusta! Det var levande. No låg det der og lyfta på hovudet, vogga litt fram og attende. Tyra vende hovudet og såg på følet sitt. Ho laga ein djup, lang lyd. Jon hadde aldri høyrt henne lage slike lydar før. Den kom frå langt der inne i den store kroppen. Nesten som eit sukk, eller eit spørsmål. Og følet svara. Det vesle, varme, dampande følet svara mor si med små støyt av lyd. Dei snakka med kvarandre. Vart kjende med kvarandre.
– Var det du som låg inni magen min heile tida, sa kanskje Tyra.
– Mamma, sa sikkert følet, mamma, du er mamma mi.
– Ja, sa Tyra, eg skal passe på deg og varme deg og gje deg mjølk.
– Mamma, sa følet.
– Ungen min, sa Tyra og tok til å sleikje følet sitt.

Jon tok til å skjelve inne i seg ein stad. Han såg på Tyra og følet, lytta til dei rare lydane dei laga til kvarandre. Dei snakka på eit språk berre dei forstod. Men Jon forstod litt likevel.

Det tjukna til i halsen på Jon, og den varme sviinga i brystet gjorde nesten vondt.
Det svei og svei og pressa på gråten. Så kom tårene berre glidande ut av auga.
Men han var ikkje lei seg, ikkje trist. Nei, det var berre så underleg: at følet som han hadde venta slik på, som hadde lege inne i magen til Tyra og vakse, no var kome ut i verda. Det låg der og pusta og skalv og var levande.


Eg håpar dei borna som les og høyrer historia om Jon og den natta då følet vart fødd, vil kome heilt nær kjensla av å knele i det våte graset, tause ved eit mirakel, ved noko større enn sola.




4 comments:

June said...

Så nydeleg :) Vart heilt rørt no, eg.
Håpar det er greit at eg følgjer bloggen din, forresten!

Lille søster said...

Gleder meg til boka di kommer!

MagFly said...

Vi gler oss veldig!

Hilde said...

Tusen takk!
Eg gler meg også. Kjempespent.
Illustrasjonane til Inger Lise Belsvik er så fantastisk fine!