Thursday, April 20, 2006

Vente på Lykke


Somme dagar er det berre å vente. I dag er ein slik dag. Eg veit det skal skje, tida er der, tida er inne eller tida er ute, og det kan skje kva tid som helst, det er no det heile skal ta til, eg har gleda seg i månadar, og no er tida komen. Det er berre å vente. Eg får liksom ikkje gjort noko anna heller, ingen store prosjekt, kan ikkje reise nokon stad, må fylje med, ta dei visse turane ned i fjøset og sjå etter, stå der og skode ut over dei kvilande dyra, som ligg tunge i garden og spørje lågt korleis det går, om nokon er sjuke, om nokon har teke til å kjenne på eitkvart no, om ikkje dei snart har tenkt å sette i gong. Eg ventar, seier eg. Eg skal passe på, seier eg. Og det er ei slik ro i fjøsen, denne heilt særeigne roa som kjem frå nøgde dyr som kviler, og eg tenkjer på auga til sauen når ho ligg der og jortar med dei små lamma sine kvilande langs sida, korleis ho stundom strekkjer halsen og legg hovudet varleg over ryggane deira og blunkar langsamt med auga, pustar ut. Kor det lyser fred av dei då.
Og det er dette eg ventar på. Augeblunka av fred, desse stundene av harmoni som finst når nytt liv kjem til i fjøsen, når alt har gått vel, alle er friske og den tynne brekinga stilnar med ein mett og god mage full av kode. Slike stunder. Dei liknar glim av lykke.
Så er det også Lykke som er fyrst ute i år. No står ho med bøygd hovud og øyra hengande. Lyder til seg sjølv, kjenner på dei signala kroppen gjev. Vomma er nedsigen, det blenkjer i slim nedetter juret. Og Lykke er snart gamal, ho er den eldste i fjøsen no. Tenke seg til! Eg som fann henne kald og forkomen i ei jordhole då ho enno var eit lite lam. Å, ja, det var eit lykketreff, det. Gode, gamle Lykke, som vart flaskelam og fylgde meg over markane og klatra saman med meg på steingardane, no står ho der og kjenner på seg kva som skal skje, ser på meg med dei store auga sine. Eg legg handa over nasa hennar og seier det igjen: Eg skal passe på. Kjem til å gå bra, dette, seier eg.

7 comments:

Betty Boom said...

Vakkert.

Betty.

Mona said...

Ja, det kjem til å gå bra med flinke Hilde som passar på. Så trygg og fin tekst, får følelsen frå fjøset rett inn. Ser deg for meg der du står bøyd i knea og kikkar, drar i små føter når det trengs, og legg lammet forran sauemora Ü Lykke til, du gode!

Hilde said...

Takk!
Og ja, det går veldig fint. Alle er friske, trivelige og nydelige.
Særleg må eg nemne trillingane til Gunda. For ein flott trio!

Ser deg i mai, måneblome :)

Mona said...

Trillingar du, ja sauer altså, dei får det til. Gler meg til mai, alors:)

Bruno Angelface said...

høres ut som gode dager.. gratulerer..:)

*** said...

kjære,

er lykke det lammet vi mjølka den sommaren eg og ruth var hos deg? har ho blitt så stor?
eg booka tog til lilleh i dag. kjem dit tirsdagskvelden kvart på ti.

*** said...

hey! er du der?