Thursday, May 25, 2006

Liten visa om hurledes livet är kort liksom kärleken




Det har gått dagar sidan sist vi var ute, den eine historia har avløyst den andre, det merkast på måten vi er mot kvarandre, kjenner kvarandre, og no er det grålyst, natta har omsider lyfta på seg for å sleppe morgonen til, det luktar svevn i rommet, men vi har ikkje sove, ein verknad av innestengt ande, gråleg flimmer når lyset slepp til og fortel at det er tid for noko anna, i dag må noko nytt kome til. Det er på tide no.

Han går til kjøkkenet for å trekke te, og om eg lyttar kan eg høyre han gripe om posen, korleis det knitrar i det tørre innhaldet når dei krumme blada støytest mot kvarandre, eg kan høyre dei drysse mot botnen av kanna, vatnet frå springen, frå lyst til mørkare, kneppet frå kokaren idet han legg høgre peikefinger på brytaren så det raude lyset tendest, men eg lyttar ikkje, rommet er lummert av kvelt svevn, eg høyrer ikkje etter lydane hans, eg lengtar etter noko anna for oss, noko anna enn denne stadige lydinga mot kvarandre sine rørsler.

Ein ny lyd i rommet, ei humle har forvilla seg inn i veggventilen, ho slår mot den harde plasten i mjuke knepp, i si leiting etter utgang, eller inngang, den dempa summinga når meg som flaum, eg lyttar med auga før eg strekkjer meg, eg lyfter handa og strekkjer meg opp mot ventilsnora, lyfter kroppen i ein boge så handa får nå, trekkjer til idet du ropar meg
inn
til deg
så handa fell
og fell
og fell
slik blada inne i tekanna fell, på bordet mellom oss, desse brune og grøne blada, dei rettar seg ut og søkk langsamt i den gylne væska, teiknar mørke buktande striper av saft og smak på vegen mot botnen, før dei legg seg til ro og svulmar.

3 comments:

The Boring Store said...

nydelig tekst, hilde. kan vi forresten vente oss flere dikt fra deg i nærmeste framtid? hadde vært stas.

Hilde said...

Takk, Linda!
Det kjem nok, men ikkje i næraste framtid, nei. Alt arbeid tek tid. Men eg synest også det hadde vore stas! :)

Mona said...

Ja! Vart og vakkert ü