Tuesday, September 06, 2005

Ordtøkje


I dag kjøpte eg meg nye fjellsko
Dei andre var så utslitne
Dei sa dei ikkje visste
om dei orka ein langtur til
No vil vi berre kvile, sa dei
Og slitne fjellsko skal ein høyre på
Det er dei som er nærast jorda når ein går

3 comments:

a jour said...

Fjellsko skal være slik som på bildet ja. Måtte også kjøpe nye fjellsko i sommer. Var nokså bestemt på hva jeg ville ha, men så hadde de noen utrolig lette goretex-greier til halv pris jeg spontankjøpte. At det kanskje ikke var så lurt merket jeg på vei gjennom en skikkelig steinut. De var jo helt uten ankelfeste, nesten som joggesko å regne.

a jour said...

...steinur...

Hilde said...

Der ser du! Ein skal lytte til erfarne fjellsko. Det vil seie ikkje slike nysuperfanzzzy ultralette "fjellsko", men dei gode gamle som vi kjenner og veit er gode å ha både i steinur og anna. Eg kjøpte Garamond, same merke som sist. Då veit eg dei er gode.