Sunday, September 04, 2005



I vår tok NRK Møre og Romsdal kontakt og ville lage eit Faktor-program eller eit Ut i Naturen-program om meg og mitt. Dei skulle søke dei store om lov til å lage programet, og som ein del av søknaden ville dei at eg skulle skrive litt om forholdet mitt til naturen og korleis naturen verkar på skrivinga mi.
Vi kom ikkje gjennom nålauget denne gongen, men teksten har eg i alle høve til bruk i ymse samanhengar, som no: Eg gjengjev her teksten i sin heilskap. Bloggar den ut. Kvifor? Mange spør og undrar seg over kvifor eg flytta attende til Syltedalen. Kanskje dette kan vere eit svar.


Kunst er menneske pluss natur

Over skrivebordet mitt heng eit sitat, som lyder slik: “Kunst er menneske pluss natur”. Mest som eit lite reknestykke står det der, og minnar meg på dei komponentane som er viktigast for meg i livet mitt. Sitatet formar eit triangel. Eller betre i mitt tilfelle: ein sirkel. Av mi dikting og mitt forhold til naturen dannast det ein sirkel, fordi desse tre delane avheng av og utfyller kvarandre. Eg er avhengig av naturen for å skrive, og eg er avhengig av skrivinga mi for å fullt ut nyte og nytte naturen. Dei sanseopplevingane som oppstår, dei bileta som skapast kring meg og i meg, den kjensla eg får av å vere i nærleiken av - og ein del av - dei kreitslaupa som heile tida spinn i naturen, er uvurderlege for meg i diktinga mi. Det er denne nærkontakta som skapar kunsten eg lagar: mennesket pluss natur. Eg pluss naturen.

I mange år har eg studert litteratur og teater i Bergen, men meir og meir har eg innsett at eg ikkje kan finne roa og inspirasjonen eg treng, for både å skrive og for å leve eit godt liv, i byen. Derimot har eg alltid funne dette på heimstaden min i Syltedalen. Fordi denne dalen gjev meg det eg ynskjer: natur, - og dermed også inspirasjon og ro. Eg har innsett at dette er eit avhengigheitsforhold som eg ikkje korkje kan eller vil frigjere meg frå. Difor har eg valt å fylje desse sterke straumane i meg, og har no flytta attende til Syltedalen på Sunnmøre og overtatt gardsbruket etter far min. Her har eg sauer, hest, hund og katt, og her slår eg markane og set opp hes, tek imot lam og klipper sauer. I slike omgjevnader finn eg den nærleiken til naturen som eg alltid har lengta til. Og slik fell brikkene på plass, for her har eg nettopp naturen rett utanfor stovedøra, og her har eg dyra mine, fjella, fiskevatna, elvane, markane, fossane, plante- og dyrelivet tett ved kropp og sansar.

Eg har nok alltid visst at eg kom til å flytte tilbake hit. Det er ikkje berre skrivinga som gjer det. Dalen i seg sjølv er ei lita perle, og har frå eg var lita jente stått for meg som den einaste staden eg verkeleg kan kjenne meg heime og nyte ein sprengjande fridom. Eg har alltid freista å utforske kvar stein, kvart tre og kvar bekk i denne dalen. Slik eit barn gjer seg kjend med nye leiker, har eg til denne dag prøvd ut naturen ikring meg. Som å fiske langs elva eller i fjella med langbambus eller kanskje med dupp og makk, halde oppsyn med fuglereir og fuglekasser vi har sett opp, observere og konservere planteartar, leite etter dyrespor - eller kanskje ta ein tur opp i Raudesanden, der ein ikkje berre finn eit særmerkt landskap og planteliv, men også kan finne raude og grøne peridottar om ein brukar auge og hender i elvefaret.

Enno, og vonleg for alltid, finn eg stadar eg ikkje har oppdaga eller vore før, fordi naturen, og eg sjølv med han, alltid er i endring. Naturen har denne doble, nesten sjølvmotseiande effekten: ved alltid å vere skiftande, men samstundes verke så trygg, fredfull og frigjerande.
Naturen i Syltedalen har også denne dobbelheita i seg, denne mangfaldigheita som eg aldri går lei. Her er så mange biotopar, så mange små og store kretslaup ein kan fylje. Om ein går til fots, på ski, ror, klatrar eller rir, kjem ein alltid nær innpå det som foregår i denne vesle dalen. Og det er mykje. Eg ser det store i det små, og har gjennom denne nære kontakta med naturen og dyreliv, lært at dei små rørslene ikring oss speglar dei store og avgjerande.
Og rørsla er alltid til stades her. Sjølv om eg har slått meg til ro i ein liten fjelldal, langt frå bylivet sitt støyande andlet; eit liv som mange ville sjå på som svært stilleståande. Men rørsler føregår kring meg og i meg, heile tida. Fordi eg sjølv er ein del av dette. Eg er ein del av naturen, ein del av kunsten, ein del av den sirkelen eg heile tida rører meg i: Kunst, menneske, natur.

Hilde Myklebust

9 comments:

The Boring Store said...

veldig fint, hilde.

a jour said...

Og man kunne jo snu det litt rundt - hvorfor er det ikke fler som forsøker å finne ro med seg selv og omgivelsene?

Fint skrevet.

Hilde said...

Takk,takk.
Ja, Sjur, eg skjønar det ikkje. Men eg trur noko av grunnen er at folk er redde for einsemda, eller dei er redde for stilla: det å høyre seg sjølv tenke, vere aleine med tankane sine. Dei vil ha støy, fart, tempo, lyd ikring seg for å døyve eigne kjensler.
Kanskje. Eg veit ikkje.

a jour said...

Og så det med å slippe å ta valg. Tror nok mange utsetter det å velge fordi det å velge har noe skremmende endelig ved seg.

Har du lest Rut av Helga Eriksen (Samlaget, 2002)? En bok jeg tror du vil like.

Hilde said...

Nei, den har eg ikkje lese. Skal sjekke det ut.

Val, ja. Du seier noko der. Vi tek jo val heile tida, men ofte små val i våre heilt trivielle liv. Ofte skapar desse vala nok hovudbry, og dermed vert ein avskremd for å ta dei store, viktige vala.
Trur eg.

a jour said...

Det er litt pussig at den boken er så ulest (synes jeg). Har "tvunget" flere venner til å lese den, og alle som en har blitt begeistret.

De store valgene er lettest å utsette ja. Og en dag er det for sent. Det er litt trist.

*** said...

ja. fint. fint. eg synast at kunst skal vere stort. større enn oss. sjå ting ovanfrå. sjå mønster. bilde.

Hilde said...

Det synest eg også, Mette. Kunsten ER jo mykje større enn oss.
Trur du det er kunsten som sirklar oss inn, og ikkje omvendt?

Anonymous said...

sukk, kanskje eg kjem etter deg søta, ein dag....