Sunday, September 11, 2005

Valdag


I dag er det ikkje tysdag
ikkje onsdag heller
ikkje er det torsdag
ikkje eingong fredag
slett ikkje laurdag
og i vert fall ikkje søndag
knapt nok måndag
Nei: det er valdag

Biletet er frå Hoddevika, Stadlandet.
Eit unikt landskap, eit særeige mangfald botanisk, geologisk, ornitologisk.
Slike landskap må vi verne om, og gje vidare i skikkeleg stand. Eller kva?

Godt val!

Les meir om kva som skjer på Stad om to helgar: http://www.naturvernforbundet.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=70060

6 comments:

a jour said...

Flott bilde Hilde.

Hilde said...

Biletet er ikkje flott. Hoddevika er flott!
Eg anbefalar alle å ta turen.

*** said...

hoddevika ser ut som om ho er perfekt for å rigge opp ei bittelita scene, stille seg på scena, steve, seie fine ord, nei, seie velVALDE ord,

surfe litt, grille ei pølse, ha pølsefest, prate litt om pølse, fiske, kaste frisbi

osv

også rydde etter seg.

Hilde said...

Det stemmer, Mettis, det er akkurat det Hoddevika er til for. - Det veit jo vi!
Og for kyrne som traskar rundt i vasskanten.

a jour said...

... der hav møter gress
Det er sant som du sier Hilde
Det fine er motivet
-ikke det elektroniske bildet

(og nå rødmer jeg skikkelig - du verden for et nødrim. Forgive me please, men jeg klarte ikke å dy meg)

Hilde said...

Haha! Veldig fint nødrim. Tru meg: eg er godt van med at folk rimar med namnet mitt - og då særleg med ordet "bilde".
:)