Sunday, October 17, 2010

Siste reis for Lykke



Om våren, for elleve år sidan, leitte og leitte eg heile sauebeitet rundt etter eit lam som var blitt borte. Eg leitte under steinar, i elvefár, i treklynger, langs gjerdet, i ur og ved steingardar. I det siste området som var å søke, ei småur kledd med tjukk mose , merka eg ei svak rørsle ein stad. Ein lyd: innestengt, med framand underleg klang. Lyden av levande. Lyden av noko levande som ikkje kjem seg laus.
Eg kjende meg fram med alle sansar, leita, lokka, er du her? Den svake brekinga langt der nede i ura, i ei svart hole i ura såg eg ein smal rygg av ull. Her var det. Her stod det, fast i ei hole, det var levande. Eg bøygde meg ned, la meg på magen, strekte hendene ned mot lammet, våt ull mot hendene, kald og våt ull, så drog eg lammet opp i lyset. Skite og forkoment, utmatta, kaldt. Eg tok det med ned til huset, tappa i ein balje med varmt vatn og fekk varmen i det. Ein mjølkeskvett frå flaska, som vart fleire. Mora ville ikkje ha det lenger, ho vart mi. Ho vart flaskelam.
Slik fann eg Lykke.

Då var ho eit lite lam, nokre veker gamal. No er ho elleve år. Ho har fått leve lenge, Lykke, lenger enn ein sau vanlegvis får, ja, opptil dobbelt så lenge enn kva som er vanleg no til dags, då alle skal ha unge sauer som produserar, produserar, produserar. Mjølk, lam, ull, mjølk, lam, ull. Men Lykke har ikkje hatt lam på to år, ho. Ho har hatt si pensjonisttid, fått gått på stas. Eg veit det er i skarp kontrast til det effektiviserte landbruket med samlebandsprinsipp som vi helst skal ha, som vi vert prøvde å tvinga inn i. Den kontrasten er eg stolt av. Lykke gjer meg stolt.
Lykke har betydd noko for meg. Ho er noko meir enn eit landbruksprodukt. Nærast eit symbol på det nære, vesle småskala-landbruket er ho. Der individa vert sett, der dei får sin plass, der det er mogleg å skape eit verdisystem som er litt annleis enn det som kjem ut i vakuumpakkar frå Nordfjord Kjøt.

Vesle Lykke.
Det er siste hausten hennar, dette. Og i dag er ho komen inn i fjøsen. Det er oktober, slaktetid.
Snart skal ho slaktast, heime, oppe i løda, i kjente omgjevnadar, av dei ho kjenner. Ingen framande lukter, ingen lang køyretur i ein stor bil full av skremde dyr, ingen skal jage henne inn i ein skytebås. Ho skal fylgje etter bøtta, tusle fredeleg og glad frå fjøsen til løda, få ein neve mjøl, strykast over nasen, høyre godord, heilt til bolten går, og så er det over. Evig grøne markar, ein heilt annan stad.

17 comments:

tusen said...

Dette var rørande!
Godord til bolten går er noko og ynskje seg der framme-
Finfint.

Anke said...

Wow, gåsehud. På den gode måten. Vakre ord om et Lykke(n)s liv som uvitende går mot sin slutt. Kanskje lykke noen ganger er uvitenhet, eller omvendt. Kunsten å leve i øyeblikket.

June said...

Så inderleg vakkert <3 no ønska eg meg tilbake til garden eg var utplassert på i regi av Grønt Spa'tak (Natur og Ungdom), og til sauen "min". Aldri hadde eg trudd det kunne vere så mykje å lese i eit saueblikk.

Lille søster said...

Nydelig.

Bjørn E said...

Takk for ei vakker tekst Hilde, det var godt å lese...

Anja said...

Tenk om alle gårder hadde hatt plass til et slikt saueliv. Jeg ble også rørt.

Hilde said...

Takk skal de ha.
Ja, Lykke har hatt eit fint og langt saueliv. Det hjelp å tenke på dette når den triste dagen kjem.

Inger said...

Hilde, naa gikk jeg inn paa bloggen din for aa bli glad i hjertet - og saa faar du meg til aa grine isteden! Men fint, det er det. Oensk Lykke god ferd.

Anita said...

Nydeleg innlegg, du skriv så vart og fint i bloggen din.

Hilde said...

Takk for alle fine kommentarar!

sigrid said...

STERKT, NÆRT, LEVD LIV!
MINNE OM NOKO SOM VAR, MEN ER BORTE..

TAKK AT DU DELER!!

Camilla said...

Så fint skrevet, jeg ble svært rørt. Og glad for at det fortsatt kan være sånn! Gleder meg over at man bryr seg så mye om sine små som ikke kommer hjem at man bruker lang tid på å lete!

Ønsker deg en riktig fin dag!

Klem

Hverdagenblogg said...

Utrolig fin blogg du he :)
Håper du stikker innom bloggen min og kansje skriv en liten kommentar eller noe slik :)

Akansha Tyagi said...

I am joyful to read this post, its an attractive one. I am always searching for quality posts and articles and this is what I found here, I hope you will be adding more in future. Thanks

prestige ferns residency bangalore Like Following projects Prestige Ferns Residency,Prestige Ferns Residency Specification

Akansha Tyagi said...

well done, good piece of information
prestige ferns residency bangalore Like Following projects Prestige Ferns Residency,Prestige Ferns Residency Specification

Akansha Tyagi said...

Thanks for sharing the useful information with us..Keep going!!
prestige ferns residency bangalore Like Following projects Prestige Ferns Residency,Prestige Ferns Residency Specification

Akansha Tyagi said...

Thanks for posting this informative blog...well done
prestige ferns residency bangalore Like Following projects Prestige Ferns Residency,Prestige Ferns Residency Specification