Thursday, October 22, 2009

Fjøs om hausten







Det er noko med å arbeide i fjøsen om kvelden. Om hausten, like før sauene skal setjast inn. Mørkret som kviler mot vindauga, og det gule lyset innanfor.

Heile sommaren har sauefjøsen stått tom. Ja, det er mest som om fjøsen ikkje finst om sommaren. Då er det liksom løda som gjeld. Løda, med sommarlukta si, varm og full av gyllent tørrhøy. Med hesjastaurane sine oppunder skykjå, og skårene i sprikande V’ar mot taket. Og siloen, sjølvsagt. Sommar og silo høyrer saman, som hand i hanske og hue på haud. Å stå sveitt og raud i fjeset, full av grasstrå i håret og høygaffelen i hand og puste på når bandet stoggar, ja, dét er sommar det.
Å, silo og løde i sommarsol!

Men fjøsen stakkar. Han ligg no der sommarstida. Mørk og kald og gløymd. Men så skjer det noko. Idet sauene kjem frå fjellet og beitar kring på bøane. Idet trasta flokkar seg og flyg frå rogn til rogn. Når jupene raudnar på grein og fjella står snødryste, då skjer det noko med fjøsen. Då finst han igjen. Då vaknar han til liv. Eit lys tendest der inne. Auget opnar seg og ser. Ei gul stripe fell ut over markene der saudene går. Dei har rim i den tjukke haustulla si. Dei trekkjer langsamt mot fjøsen og samlar seg utanfor vindauget om kveldane, der det lyser så varmt og mjukt. Dei legg nasen mot ruta og kikar inn, og veit det snart er tid for å kome i hus. Vinteren kryp nedetter fjellsidene. Det kan vere godt å ha ein fjøs då.

Også for folk er det godt å ha ein fjøs. Stundom tenkjer eg på kor heldig eg er. Som har ein fjøs å gå i. Det er noko med å kunne gå ut av huset, over tunet og inn i ein fjøs full av dyr. Varme, levande dyr som pustar og vender seg mot deg med venlege auge. Gå frå ei verd til ei anna. Finne ei heilt særskild ro.
Eg tek til å glede meg til dette når hausten melder seg. Desse kalde, klare kveldane med ein klirrande tone av frost i seg. Og medan eg gler meg til å setje dyra inn i fjøsen, kan eg pusle med eitkvart som må ordnast der. Utvide ein garde, legge nye rister. Reparere den eta som var litt laus i hengslene. Slike ting. Førebu ein ny fjøssesong. Medan eg held på slik og pusle og hamre og jobbe og tilpasse, så går tankane så fint i veg. Ikkje noko er betre for tanken enn fjøsen og arbeidet der.
Om ein tek seg små pauser innimellom og ser seg ikring:
Sjå! Ein edderkopp i nettet sitt. Langsamt spinn han med ein fantastisk åttebeint presisjon. Og der! Denne gamle bjelken. Lagt ned for over hundre og femti år sidan, då løda vart bygd. Ei fordjupning syner at bjelken er enno eldre: denne har vore brukt til noko anna før han vart golvbjelke mellom fjøs og løde. Eg legg handa varleg over han og kjenner på ein straum frå ei tid som var, forfedrar og formødrer i arbeid.
Då sit brått ein raudstrupe borte på kanten av gimbregarden, berre nokre meter ifrå meg. Eg vender meg mot han og ser på dei svarte, små auga, det raude brystet. Han ser attende vippar litt med vølet. Kvar kom han frå?
- Neimen, er det deg, seier eg og smiler. Der og då vel eg å tru at denne vesle fuglen ber med seg ei helsing. Ei helsing frå andre verder enn denne, der ein kvan vil seie meg noko, at dei set pris på det eg gjer, at eg tassar rundt i fjøsen og held ved like det som forfedrar har bygt.
Og eg tenkjer på fjøsar som står tome. På fjøsar og gardar som lengtar etter dyr og liv og menneske. På kor fantastisk det er når drift vert teke oppatt, og kor trist det er når det vert lagt ned.

Raudstrupen flyg forbi meg og ut vindauget. Eg vert ståande å sjå etter han og smile. Det er noko som rører seg djupt i brystet mitt. Vesle fugl der på gimbregarden. Ei lita helsing var du. Elvar og straumar frå dei som har funnest før meg renn gjennom meg, der eg står i fjøsen og kjenner meg verdsett. Og velsigna, på eit vis.

Fjøsen er hjartet på ein gard. Det er her hjarteblodet renn på eit levande bruk.
Raudt og varmt, som det raude i bringa til raudstrupen.

3 comments:

Marte said...

Ei stemning eg lett kan kjenne meg att i. Av mange grunnar! Fint skrive!

Anonymous said...

Nydeleg! Og biletet: Julestemning!

Anita

gry said...

Hei Hilde!
No har eg lese ei stund på bloggen din - veldig bra! Her er så mange fine bilete, og du skriv godt! Forstår det som om du er glad i å lese og skrive:) Det er eg sjølv og, så ekstra kjekt då:) Skriving er ein bra ting! Og for ikkje å snakke om fjøsturane, det er noko spesielt med dette:) Ser verkeleg ut som dokke har det fint der i Vanylven!
-Gry (med hestane:)