Wednesday, November 19, 2008

Den vesle boka med dei store djupna og flatene






Fyrste gongen eg støytte på Anne, var eg nitten. Eg gjekk på folkehøgskule, var framleis ganske ny i livet, søkande og på leit etter eit kvart eg enno ikkje heilt visste kva var. Eg gjekk skriveline, og gjorde meg klar for eit år med djupare dykk mot språket enn eg før hadde turt å sleppe meg til.

Så ein dag dukka ho opp: Anne. Eg skjøna det med det same. At ho var annleis enn nokon eg før hadde lest. Tydlegare, på eit vis. Nærare. Djupare. Ho var så lågmælt, men samstundes rå og rivande, med eit språk og ei fortetning som sprengde noko heilt grunnleggande i meg. Ho opna noko. Gjorde veg for noko som eg stundom hadde håpa fanst i meg, men som eg aldri heilt hadde turt å tru på: eit rom for mine eigne ord og tankar, evna til å finne min eigen veg i språket.

Paal-Helge Haugen si Anne. Eg vart overvelda av språket, av komposisjonen, ordvalet, stemningane, av songen og tonen boka bar: Denne umoglege og såre lengta til livet, når berre dauden finst att.
Ho er full av kontrastar, Anne. Full av sterke bilete og sansingar som har brunne seg inn i meg: Snigelen som kryp over våte bregneblad, lukta av jord, av vår, barnelatter mellom treveggar, blodstripa på spegelen, lysstrimene gjennom vindauget, lyset gjennom hovudet i det dauden råkar, røyken som stig frå dei fuktige kleda som vert brende bak uthuset.

4 comments:

Anonymous said...

Lesetips: "La meg synge deg stille sanger" av Linda Olsson

Aina Basso said...

Ja, Anne, ja.
Verda blei litt annleis etter Anne.

Lille søster said...

Denne skal jeg lese!

Anonymous said...

Eg har sett Anne (og for eit nydeleg namn!;-) på leselista mi!