Monday, October 23, 2006

(moll)




Den tynne raude kjolen og den mørke dressen har hengt ute over natta. I morgontimane syng klesstativet, når vinden tek tak i kleda og dreg dei varleg rundt. Ei slepande sår læte trengjer inn mellom fibrane i stoffet, legg seg der som ei lett fukt. Kroppen kjolen skal kle vil dampe tonen bort med ein langsamt ebbande varme. Men han som eig dressen vil høyre denne læta kvar einaste gong han ber desse mørke plagga, før han ein dag mange år seinare, (lange år seinare), legg dei øvst på kvistbålet i hagen. Den tjukke røyken stig, løyser seg opp, og driv bort langsmed fjella.

2 comments:

Anonymous said...

Du veit kva orda dine betyr for meg, og denne teksten rører meg sterkt. Du gir så mykje godt og du er så fin. Alt, alt godt til deg min ven.

Hilde said...

Takk, min ven. Du er så god å ha.