Wednesday, September 13, 2006

Slaktetid

Slaktetid: Eg parterar slaktet av ei hjortekolle, medan Snorre inspiserar.

Då eg var lita jente gret eg mine modige tårer inn i ulla på sauen som skulle slaktast, før far leidde han opp i løda der alt var gjort klart: trebukk, tollekniv, sag, trillebår, bøtter med varmt og kaldt vatn. Eg tok sykkelen, då, og sykla i vill fart bortetter vegen, song eller nynna for å overdøyve, var borte så lenge at eg var viss på at no, no var skotet gått av, no var det over, no kunne eg snu sykkelen og vende heim mot løda. Ofte var det ein slik klar, gul oktoberdag, og lukta av saueull og frost låg skarp over markane, men nærare løda blanda denne eimen seg med den tette lukta av blod. Eg såg med store auge, men med roleg hjarte, på sauen som låg der på trebukken, fire føter opp og til sides, hovudet som hang mot bakken, tunga som seig ut mellom dei korte tennene. Far som med øvd hand skar eit snitt i strupen og knytte ein kvit hyssingstump kring eterøret. Blodet som allereie var tappa i den kvite bøtta, mor som salta og rørte det, så ikkje det tjukna. Kniven inn under skinnet, frå halsen og attover mot buken, og der, under, innanfor, glinsa den skimlande blålege hinna som ligg utanpå kjøtet. Kniven i stutte tak mellom kjøt og skinn. Det lukta søtt og tungt i heile løda då bringebeinet vart saga opp, og dei to bringehalvene bøygde tilsides. Det mjuke, mørkeraude hjartet, levra, lungene over i bøtta med kaldt vatn. Innvolane, grågrøne og umedgjerlege, over i trillebåra. Og så var det tomt der inne.
Alt dette såg eg på, og fanst ikkje trist lengre. Det vonde var borte, fordi sauen var borte. Det som var att no, var noko anna, eit hylster, tomt, sauen eg kjende var der ikkje meir. Eg kika inn i den hole bringa, mørkret der, såg ribbeina lyse i kvite striper der inne, tenkte: kva finst her, tenkte: kvar finst sauen min no, tenkte: kva veit eg om livet - og dauden det endar med. Gjekk bort til trillebåra og trykte fingeren mot den gjennomsiktige grå hinna på magesekken, kjende det gav etter i luft før fintertuppen støytte mot det formelege, varme innhaldet. Alt dette som fanst der inne i kroppen. Alt dette som ikkje fanst der likevel.

5 comments:

The Boring Store said...

det der så tøft(og litt skummelt) ut :)

Anonymous said...

en nydelig tekst.

S.

Hilde said...

Hehe, ja, det er tøffe tider no i hjortejakta, veit du! Ikkje berre-berre å sage eit slakt på langs, men lettare enn ein skulle tru.

Takk, Silje, du er blåbær med vanilje!

AdV said...

Hilde, etter å ha lest denne teksten, var jeg på gråten. Helt sant. Veldig vakker.

Får jeg smake på hjorten til uka, eller?

Hilde said...

Å, min kjære bror, du er så fin.
Det er klart vi skal ete hjort!
Hjort og kantarell og tyttebæret oppå tuva (vaks utav ei lita von)
skal vi ete!
*