Monday, January 09, 2006

Innanfor



Slike vinterdagar tenkjer eg på den villkatten eg fann. Stivfrosen under det brunvisna bregnelauvet låg han, strak ut og var daud. Ein stor kvit villkatt, eg hadde aldri sett han før, men skjøna det var ein villkatt. Eg såg det på dei sundrivne øyrene, dei lange vêrhåra, den lurvete pelsen og beinbygnaden. Han var så skrinn. Berre skinnet utanpå beina, som sokk litt ned i kvar beingrop.
Eg hugsar eg gret. Eg låg på kne ved kattekroppen og gret, tenkte på livet hans, det som no var borte, at han aldri hadde hatt nokon heim, ingen hadde stroke han over hovud og rygg i ei lang langsam rørsle og gjeve han mat i ei skål, nei, han hadde gått ute all sin dag, jakta på mus under skaresnøen, slost med reven og gøymt seg i ei steinhole med store redde auge og øyra flatt bakover hovudet, svolten og kald, med iskrystallar mellom poteputene.
Eg ville grave han ned, men telen batt mold og jord og ville ikkje la meg kome til, ikkje eingong med ei grav. Eg såg på katten. Auga hans var attlatne, men han såg ikkje sovande ut, ikkje med all den rimen i pelsen, og dei frosne lemane, nei, han såg meir daud ut enn noko anna eg hadde sett døy, hadde sett daudt.
Eg gjekk attende til huset mitt, og fann ei kiste, nei, meir eit stort skrin med reimar over som ein kunne knyte saman og forsegle, ikkje berre late att, men verkeleg lukke inne. Han fekk denne kista. Eg lyfte katten opp, han endra seg ikkje, ingenting endra seg, han heldt same stillinga, hovudet vridd mot høgre då det skulle falle mot venstre, stiv, ubevegeleg, og eg kjende frosten i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg kjende beina i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg gret over at det gjekk an å døy slik, at nokon måtte døy aleine og svoltne og skjelvande av kulde, så heilt aleine, drage seg inn mellom bregnelauvet og døy og fryse til is.
På kne ved kista, grava til ein villkatt, plassert i hjørnet i tuftene frå det som ein gong var eit sommarfjøs, langt oppe i bakkane, i utmarka, men enno med ei kjensle av å vere i hus, omkransa av steinmurar, stein for stein lagt av menneskehand, inne, innanfor.

12 comments:

Anonymous said...

bileta dine er fantastiske, og tekstane likeså!

Hilde said...

Hjartans takk!
Du er sanneleg ikkje verst sjølv heller, vakre dyktige modige kvinne!

Anonymous said...

Vakkert Hilde, gleder meg til a lese den neste samlinga di!

Hilde said...

Takk, søte Plinger!
Eg saknar deg, forresten.

Mona said...

Liker, liker, liker!
Poetisk, som dette "slost med reven og gøymt seg i ei steinhole med store redde auge og øyra flatt bakover hovudet" Å, du ser det for deg!

Hilde said...

Takk, Jan Roar. Eg saknar deg også!

Og takk Mona - eg er sikker på eg kjem til å sakne deg også, etter at vi har teke slåsskampen i Bergen komande veke!

Mikkel said...

Ja, smukt er det at dø om vinteren. Jeg fandt til gengæld ræven - men fluerne fandt ham først. Usselt er det at dø om sommeren.

Hilde said...

Åja, det er heilt sant, Mikkel, det er vakrast å døy om vinteren, for dei som må døy ute.

Den siste heile sommaren
fann eg eit sauekadaver
med kjøtet kvitt av flugemark
Ei ørn letta då eg nærma meg
Ramnen vart sitjande lenge
Berre dagar seinare var alt borte

Mona said...

Og no saknar eg deg med. Takk for latter og løye til langt på natt Ü Kom, kom attende, mjau.

Hilde said...

Sjølv takk, kjære frk Mjau,
det var så gildt å vere saman med deg, skal du vite!
*

Anonymous said...

Mjaaau.

Mona said...

Når kjem kaminkanina med ny tekst? Ventar i spaning;)