Friday, December 18, 2009

Med julepølse i blikket



Ein stad i Knut Hamsun si bok Sult, skildrast ei scene som eg stundom får i tankane i desse førjulstider:
Ved en slakterbutikk stod en kone med en kurv på armen og spekulerte på pølser til middag; idet jeg passerte henne så hun bort på meg (…) hennes blikk var ennå fullt av pølse da hun vendte det mot meg.
Hovudpersonen, den svoltne i Christiania, vender seg bort i avsky og kvalme. Dette grådige, sugande, fråtsande blikket. Og sjølv om dette var Christiania i forrige århundreskifte, er dette blikket framleis levande blant oss. Om ein tek seg ein tur innom på eit bugnande, blinkande, skrålande kjøpesenter i desse dagar, så er det der. Eit lett slørete pølseblikk som glinsar av feitt og fråtsing. Eit blikk som ikkje klarar å sjå lenger enn det som ligg framfor oss og freistar, som er bedøva av reklame og sløva av egoisme.

Vi kan få mange meter julepølse for desemberløna vår med halv skatt. Vi fyller kjøleskapa våre, kjøkenskapa, set på den ekstra frysaren i kjellaren, stuar inn, heldigvis godt med plass i buda også, men gudane skal vite at magen vert mett lenge før auga. Og gudane skal vite at borna vert nøgde lenge før haugen med gåver er opna. Dei riv av papiret på fyrste gåva, vert glade, vil opne, setje saman, leike med det same. Men det kan dei ikkje, det får dei ikkje, er jo ikkje tid til det, dei må over på neste. – Du får vente med det puslespelet til i morgon, nei, kjære deg, ikkje pakk det heilt ut, legg det til sides no, det er meir, sjå bak deg, haugen som hopar seg opp, opne meir, opne meir no, her er ein til, kom igjen, legg no frå deg det puslespelet, opne denne no, kva kan det vere, og her er ein til, opne han, opne meir no, og ein til, ein til, ein til… osb.

Slik har det blitt. Eg tenkjer stundom på dei gamle og eldre. På utviklinga dei har sett. På overfloda som er no, i forhold til det dei hadde den gong dei var born. Det må kjennest så underleg. Så ubegripeleg. Men dei skjønar nok meir enn dei som er yngre. For dei har kjent ei anna røynd enn vår. Dei veit at livet kan vere annleis. Dei har sett rasjonering og sjølvberging, gleda seg over eit par lestar og ei appelsin til jul. Men kva med oss unge, kva med borna våre, vi som er dessertgenerasjonen, marengsgenerasjonen (porøs og lett for å søkke saman) som ikkje har kjent anna enn at det meste av materiell overflod er mogleg å oppnå. Vi som trur det berre skal vere slik: at ein kan ta seg ei helg til New York på shopping. Skjønar vi at samfunnet kan endre seg radikalt? I vår levetid kan det skje enorme omveltingar. Sjølvsagt kan det det. Det veit dei gamle. Dei har sett begge delar. Enorme framsteg, enorme materielle goder, lukt til himmels har det gått. Ei enorm endring. Og kanskje har det ikkje vore av det gode alt, heller. For no er samfunnet nøydd til å endre seg att. Vi må snu og gå andre vegen att. Om vi berre kunne klare å kvitte oss med dette blikket fullt av pølse, men sjå litt lenger, vere litt modigare, tore å gje slepp på litt av alt vi har, tenkje alternativt, innsjå at vi ikkje kan ta føre oss meir enn jorda kan tole. Ho veks ikkje. Den vesle, vakre jordkloden vår vert ikkje større. Men det vert forbruket vårt. Det går ikkje i hop. Noko er nøydd til å endre seg.

Eitt av dei finaste juleminna eg har: Det er tidleg romjul. Snøen har falle heile julehelga, no er det klart og stille, månen stig opp, full og rund og gul. Vi har sitte oppe og spelt spel, vi strekkjer oss, ser ut: snøen heng på trea, det glitrar og glimer. Klokka har passert 03 når vi spenner på oss skia og finn løypa som går gjennom skogen, langs elva, til botnen av dalen, til dei gamle tuftene der. Julenatta er kald og klar og stille. Dyretråkk snor seg mellom trea som bøyer greinene sine over oss, lagar magiske portar og dører som skin i månelyset. Lyden av skia som glir over den kalde snøen, taka med stavane.
Vi seier ikkje mange orda, vi berre er. I den kalde, klare vinternatta. Auge som blenkjer, tankar som renn gjennom hovudet og kjensla av å vere så inderleg og enkelt til stades her og no.

Eg hugsar ikkje kva eg fekk til jul det året. Men denne turen hugsar eg. Og kjensla.
I år kan vi få nydeleg måneskin i romjula. Nyttårsaftan er det fullmåne. Eg håpar han syner seg på ein klår himmel og lyser inn i det nye året.
Lyser det opp. Med løfter og von om eit tiår med fred og kjærleik.
Synste Møre, 17.12.09



2 comments:

Anja said...

Jeg håper sånn at du får rett. Det blir mange hjemmelagde julegaver fra oss i år. Det føles bra.

Anke said...

Du har mange kloke ord og tanker på lager! Og det er så sant, så sant! Idag besøkte jeg et overfylt kjøpesenter, og holdt ikke ut mer enn en halv time før jeg løp ut i fri luft igjen. Alt for mange folk, alt for mange høyttalende tanker om penger og materialisme!

Julegleden jeg bærer i meg handler om stemning; lukten av appelsin og juletreet i stua, en samlet familie, julesang og snø.

Jeg ønsker deg en stjerneklar jul og et inspirerende nytt år!