Monday, March 09, 2009

Vårdal


Eg vaknar ein morgon og høyrer våren prikke med ein solgylt finger mot vindaugsruta. Vinterstøv kvervlar i lysstrima som fell inn i rommet. Eg står opp og ser ut: I hagen ligg små fargerike felt, grøne, gule, raude, underlege former av smelta stearin. Det er snølyktene sine slokna hjarte, dei ligg der mellom bleikt vaknande gras og minner om at vinteren har trukke seg unna; dette er alt som er att.
Trea i hagen rankar seg opp og struttar. Brunsvulma vintereple slepp seg tungt ned frå greinene og brest. Gjev rom for knoppane som ventar inne i kvistane, der dei ligg og lyttar til sevja som stig med eit svakt sus.
Alt rotnande fell, alt spirande stig.

Eg går ut, går over tunet, set meg ved fjøsveggen. Snart skal linerla trippe kring meg, vippe med stjerten, flyge over til ein hestelort, hakke og leite. Snart skal det høyrast sped breking frå fjøsen, snart skal nytt liv kome til der inne, og eg kjenner ei skjelving i brystet med tanke på seine netter, tidlege morgonar fulle av djup svarttrastsong, når ein kjem frå fjøsen med seige steg, det ligg sol på fjella, raude, klare morgonar når ein har vaka i fjøsen, teke imot velskapte, levedyktige små lam, når alt har godt bra, og ein går over tunet ein tidleg morgon, med termos under arma og varmt hjarte, heggeblomar er i ferd med å opne seg og sender ein svak søtleg eim ut i morgonlyset, ein går over tunet med trøytte, glade steg og kjenner på denne tydelege kjensla av at livet berre stig.
Det er vår, og livet berre stig og stig.


2 comments:

Aina Basso said...

Mm. Vår!

Anonymous said...

eg lengtar heim til vestlandet no.. her frå brøytekanten