Friday, March 13, 2009

Møt meg bak hesa når det doggfell





Det var no så enkelt før i tida. Dette med kjærleik og slikt, meinar eg. Tippoldefar min, til dømes, han tok med seg klarinetten sin og sette seg oppi Skårabakken og spelte ein lystig melodi. Nede på Støylen fanst det ei taus som høyrde dei smektande tonane, og så var det gjort. Eller oldefar min, han Martinus, han leitte fram blyantstump og papir ein kveld, så skreiv han eit brev som han sende med einkvan han stolte på av kvinnekjønnet, for å overlevere til ho Karen i kyrkja på søndagen. Og var det noko Martinius kunne, så var det jo å ordlegge seg. Så gjekk det slag i slag, og før Karen visste ordet av det, vart ho kalla Martines-Karn.
Og då var det jo gjort.

Ja, dei fekk det til, desse karane. Dei hadde gode kort på hand, og spela dei bra. Håva inn potten. Og slik skulle det jo vere, den gong: det var karane som skulle ta initiativet, det var dei som måtte føre an, kurtisere og invitere.
Tausene skulle vere nettopp det: tause.
I alle fall ikkje vere dei som ymta frampå om kven dei ville ha. Tenk det. Å ikkje få ymte frampå om kven dei ville ha! Når eg treff mine fantastisk vakre, sterke og underleg nok single venninner, er det ikkje akkurat snakk om ymting i det heile tatt. Vi seier det rett ut som det er: ”Han vil eg ha!”, kan vi til dømes seie. Eller: ”Han skal eg TA!”, kan vi også seie, og så skålar vi for det. Ikkje nødvendigvis i musserande vin eller i gin & tonic, som menn ofte kallar ”damedrykk” i ein litt nedlatande tone, men vi skålar gjerne i whisky. - For menn har heller ikkje nokon fyrsterett på brunt brennevin, om dei innbilte seg det.

Sist helg var Kvinnedagen. Ein dag eg synest godt om, og denne dagen er eg snar med å sende gratulasjonar i aust og vest til mine medsystrer. Eg vert rett og slett stolt: Kvinnemennesket er ein framifrå skapnad! Eg vert også aldri så lite krigersk slike dagar. Får lyst til å kakke menn i hovudet med ein jarstaur, eller eitkvart. Ikkje fordi eg ikkje likar dei, tvert om, men for å minne dei på at vi er på lik line, berre. Kakke dei ned eit par hakk.
Kvinnedagen kan vere eit godt høve til å avruse dei frå sine eigne store ego og høge testosteron-nivå. Eventuelt kan kvinnedagen vere eit godt høve til å syne at vi faktisk likar desse tullingane, og gje dei ein sjanse til å syne kor godt dei likar oss:
Ei venninne av meg, til dømes, gjekk ned på kne og fridde. Ho fekk ja.
Slikt hadde vore ganske uhøyrt for berre ein generasjon sidan.

Heldigvis er det annleis no. Ja, takk for det! Eg synest det er ei bra utvikling.
Men av og til stussar eg litt. For kanskje har noko forsvunne også, ein stad på vegen. I måten å møtast på. Noko er borte. Noko med magien, trur eg. Eller romantikken, kanskje?
Før i tida hadde dei stemnemøter, då. Kor romantisk høyrest ikkje det ut! Eg ser det føre meg: Det er sommar, akkurat i det sola renn og det doggfell, høyangen står tjukk mellom fjella, fuglane syng hjartet si fryd, markane fulle av heser, og bak ei av dei strår ein mann og ei kvinne, med raude kjakar, kanskje ein blome bak øyret, store smil, latter og prat. Så er det gjort. Dagen etter er dei forlova.
Men no for tida. No går vi på date. Og kor kjedeleg og inkjeseiande høyrest det ikkje ut. Amerikanisert og tullete. Sitte der med ein drink og gjere seg interessante for kvarandre. Eller sitte der i kinomørkret og håpe på at ein ler eller gret på dei rette plassane. Etter ein date, kan ein slett ikkje seie: No er det gjort. Slik er det ikkje lenger. Fort komplisert vert det også: kor mange gongar må ein date før ein kallar seg kjærestar, til dømes. Eller kan ein date fleire samstundes? Er dette med dating noko vi finn på berre fordi vi ikkje vil forplikte oss? Fordi vi ikkje tør? Fordi vi er vorte ein gjeng med pyser som ikkje vil verte vaksne før vi er førti?

Nei, takke meg til eit stemnemøte bak hesa! På gamlemåten.
-Men eg vil gjerne vere den som inviterar.

På Tampen, Synste Møre - 12.03.09
Foto: Borghild Holsvik - www.mollspinn.blogspot.com

5 comments:

Anonymous said...

Fantastisk tekst!!! Kan jeg kopiere den og vise til denne bloggen i e-post?

Jørn Roeim said...

Men du må vente bortimot et halvt år da.

Anonymous said...

Tøffe dama, eg melder meg til jarstaurkakking av både den eine og hin;) Dette var god lesnad! suss, B

Hilde said...

Takk, og klart du kan, dronning Hoppeslott!

Theme Melck: ja, det er no nokre månadar å vente, men så treige som karane er no til dags, så må ein legge inn god margin. Og når ein har venta så lenge som til no, kan eg lett vente litt til.

Borghild, I love you.

Anonymous said...

HærleG!
Vårklem, Mona.