Sunday, February 15, 2009

Slik at draumane dine kan kome ut til meg

Eg kan ikkje sove no,
fekk meg til å gråte. Stein Erik Lunde sin poetiske tekst, mellom Øyvind Torseter sine fantastiske illustrasjonar.

Far og son, i eit hus, i ei kald vinternatt, i ei stor sorg. Far sit i stova. Peisen brenn, han høyrer ikkje på radio, han berre sit der, alt er så stille. Guten får ikkje sove. Sjølv om døra står på gløtt inn til far. – Slik at draumane dine skal kome ut til meg, seier faren.
Og dei treng draumar, desse to. Dei treng draumar og eld og fuglar og stjerner. Dei treng kvarandre, og kanskje treng dei også det farmor sa: at dei raude fuglane på fuglebrettet er dei daude som kjem og ser til oss på jorda. Dei raude fuglane kjem stilt gjennom lufta, medan mor søv og aldri vil vakne att der ho er no.

Dei går ut i stjernenatta. Suget frå stjernehimmelen. Desse kalde, klare kveldane om vinteren, når kvelven eksploderar i tusenvis av små lys.
Stjernene er langt borte og like ved.
Faren held guten sin, gyngar han som ein båt ut på tunet. Dei ser etter stjerneskot, for å ynskje seg noko:
Så ventar vi.
Eg tenkjer at eg må ynskje i same
augeblunken som eg ser stjerneskotet.
Vi ventar litt til
Så ser eg det.
Så er det borte.


Bokevja, utdrag, Norsk Tidend 1/2009

8 comments:

Aina Basso said...

Veldig fint skrive.
Eg ser fram til å lese denne boka.

Lille søster said...

Jeg likte også denne boka. Men sønnen min syntes den var "kjegelig". Sånn er det bare av og til. Nydelig bok.

*** said...

er dette ei heilt ny bok, og kor er forfattaren i frå?

Aina Basso said...

Stein Erik Lunde er eigentleg bokmålsforfattar, har gitt ut mange gode barne- og ungdomsbøker. Han er leiar for det litterære rådet i NBU. Men denne boka kom i haust på Samlaget. Hugsar du julekortet vi fekk i år? Det var henta frå denne boka.

*** said...

å! julekortet med reven? det var fint julekort. dei er flinke til å plukke ut fine illustrasjonar, samlaget!

Aina Basso said...

Ja, det stemmer! Veldig fint!

Lille søster said...

Så heldige dere var som fikk julekort med reven!

Hilde said...

Denne boka er forresten nominert til Kritikerprisen! Det likar eg.