Tuesday, January 27, 2009




Kome med mat til deg i vedaskogen
Mjuke kringler i ei korg
Knasande steg over kvite marker
Varsame steg over frosen elv

Saga rasar mot ein stamme
du høyrer ikkje meg
ikkje slike stille steg
Høyrer ikkje at eg står hos deg i skogen
med mjuke kringler i ei korg

Masken driv ikring deg
Auga dine smalnar utan vern
Kjevane strammar seg av tyngda
der inne i stammen av tørre mørke ringar
frå kaldare vintrar enn denne

Eg tek det siste steget inn
Du glepp
Eg riv ei remse av trøya mi
og bitt kring såret ditt

Vi et mjuke kringler frå ei korg
vi drikk
vi høyrer det piple frå såret i stammen
vi høyrer det piple frå såret i deg

6 comments:

Lille søster said...

Er du i gang med ei ny samling? Dette er jo så fint!

Hilde said...

Nei, eg er ikkje i gong, akkurat. Eg berre puslar litt med lyrikken igjen. Små skisser og slikt. Men kanskje om ei stund, tek det litt meir form?

Lille søster said...

Det gjør det sikkert. Spør du meg, har du noen gode dikt allerede.

Hilde said...

Tusen takk, Lille søster!
Men fyrst vert det faktisk barnebok, ser det ut til :)

Lille søster said...

Å, så flott! Er det den fine julehistorien?

Hilde said...

Det er det!