Wednesday, October 15, 2008

Frokost i det grøne



Det går visst an å leve i byen òg. Og i kvardagen i byen òg.

Når ein har marka så nær at ein kan ete frokost der.

Skogstjern, nykverna kaffi på termos,

svarttrast, skiver med ost, eit eple,

bly over papir, stille.

5 comments:

Aina said...

Mm. Det gjeld å finne dei små pusteromma.

Lille søster said...

Det var så fint å høre deg på Poesitid. Fin radiostemme.
Du har vel ikke flyttet, siden du er i byen?

Hilde said...

Takk, lille søster! Det var kjekt å høyre. Eg har semi-flytta til Oslo. Ei slags pendling. Men eg kan aldri flytte heilt frå Syltedalen, trur eg.

Bjørn E said...

Det var godt å høyre deg lese eigne dikt på poesitid. Og ikkje minst takk for ei vakker diktsamling.

Vil også nemne at eg tykkjer intrevjuet med deg i Dag og Tid var svært interessant.

Lukke til med pendlar tilvere.

Hilde said...

Tusen takk, Bjørn Egil. No gjorde du meg glad.