Monday, September 08, 2008

Eg dreg ifrå glaset




Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,

eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen. Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.
No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.
Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.



Dikta til Hauge grov seg inn i meg, utan at eg visste om det, gjennom skulegang, bøker, musikk, lærarar, ei gryande poesiinteresse, - heilt til eg ein dag merka at eg var breiddfull av sitat og setningar, svarte krossar, diktliner, vågar eg ikkje visste om, funderingar og bilete som leitte seg attende til same mann. Diktarskapen hans berre grodde fast i meg, langsamt, stilt, nærast umerkeleg. Slik tjern grør att, eller slik mose grør over steingardar: tid går, og ein dag er det berre vorte slik, ein ser utover landskapen og tenkjer at det er vorte annleis, det har endra seg, det er slik det skal vere, det er vakkert, tenkjer: kva tid kom dette til?


Olav H. Hauge har synt meg at det ikkje er naudsynt å bruke dei store orda og dei største rørslene for å skape gode dikt. At det er det lågmælte og langsame som best speglar dei sterkaste kreftene som buldrar og bryt under overflata i oss. Olav H. Hauge har synt meg at det gjeng an å både leva og dikta i kvardagen òg, den grå stille dagen.


Ein stad, i dei mange dagbøkene sine, skriv han:
”Han skapte ikkje noko ny form, segjer dei. Nei, men mange store diktarar fylte den vanlege forma med innhald, og tykte det var godt nok. Shakespeare, Goethe var nøgde med det.”
Hauge har fått meg til å senke skuldrane når eg skriv. Han har fått meg til å lytte, sjå, kva er det eg har her, kva vil eg skape av dette, han legg ei hand på skuldra mi og bed meg om å ikkje kave meg opp, ikkje la meg jage mot å finne ei ny form. Det er innhaldet som skaper forma, eller rettare: diktet finn den forma det må ha, den forma det treng for å verte til. Hauge stagnerte aldri, han var alltid i utvikling, var ikkje redd for nye former, - men han hadde si eiga tilnærming, han let seg ikkje fylgje straumane som drog på overflata, men let dikta sjølve gli som grunnvatn like under, til dei stundom sprang som kjelder ut i røynda, stilt og forbausande friskt.

7 comments:

Aina said...

Fint skrive.

Lille søster said...

Fint at du er tilbake på bloggen!
Olav H. er fin.

Hilde said...

Takk!
Ja, eg skal blogge litt framover, tenkte eg. I ny og ne.

Anita said...

Fin post om Hauge, Hilde.

Takk for din fine diktsamling Søkk, den er lest, grått til og høyst verdsatt :)

Lille søster said...

Har du vært innom det nye nettstedet til Jung.no?

Hilde said...

Har ikkje vore innom jung.no på lenge, men der har det vorte oppussa og fint sidan sist, ser eg!

Anonymous said...

Utrolig flott skreve. Eg har lyst å låne diktsamlinga di, leste den forrige. Orda i den forrige vekte heimlengsla mi, her eg bur langt mot nord, med bikkjer og nordlyset.
Takk for at du beskriv på ein utruleg flott måte noko eg ikkje klare å uttrykke med ord, bare kjenne!


R