Friday, August 17, 2007

Manifest




Eg høyrer til ved dei stille små fiskevatna på fjellet, dei som alvane dansar på om sommarkveldane.


Eg høyrer til på ein steingard i sauebeitet, der dyra roleg beitar ikring og ser på meg med tillitsfulle auge.


Eg høyrer til mellom bjørkestammane, lyttande til svarttrasta sin mjuke song.


Eg høyrer til i ein grøn liten robåt med makkeboks og dupp.


Eg høyrer til under stjerneklåra, der ingen gatelys bleiknar stjernene.


Eg høyrer til markane, elva og graset.


Eg høyrer til på hesteryggen, med ein gråklegg på leggen.


Eg høyrer til bak dei store steinane i fjøsmuren, som ein kan lene seg inntil og kjenne slektskapen og arva frå dei som har vore før meg.

Eg høyrer til her.

6 comments:

Marte said...

Åh! det gjer eg også!

Marte said...

Bortsett frå det med hesteryggen då...

Hilde said...

JA! Kom då! :)

Fru K said...

for min del: oslopuls i staden før bølgjeslag. godt å veta at den vakre roen er meir enn ei lengt. godt å veta at eg kan velga å koma attende.

Mona said...

grønt, irrgrønt, blås i hornet om alven kjem på besøk til tigerstaden att:)

Esalen said...

Du, det der var skikkeleg fint skrive, Hilde. Og bileta dine tek førsteprisen. Kjekt eg fann fram til denne bloggen. Eg vart jo aldri nokon god facebookar, men her på bloggen skal eg klare det betre og har lagt ut link frå sida mi. Og så må me jo treffast utanom nettet då, det er lenge sida!