Thursday, April 05, 2007

God påske!




Opp frå andre dalsøkket, opp hit som sola ikkje har klart å få heilt tak, her som temperaturen annleis, og snøen er mjøl. Kryssar eit harespor som må ha svulma og vokse opp av snøen lenge før frosten kom, no er det dekt med krystallar. Eg er varm, med raude froststive kjakar, men mjuk og lett i kroppen. Sola står i ryggen og gjev meg eit ekstra dytt opp siste kneika, siste metrane over skaret, og så faldar det vesle dalsøkket seg ut framfor meg. Bak meg er utsikta til fjorden og bygda, rørsle og lyd frå folk og busetnad, men her, her er ei anna verd. Det er heilt stille. Eg kan høyre kva som helst her. Eller ingenting. Men akkurat no høyrer eg korleis lyden av rennande te vert djupare dess meir som fyllest i koppen. Ei tynn røyksøyle stig opp mot andletet, og eg ser mine eigne blanke auge i botnen av koppen idet eg set kanten mot munnen og drikk. Eg lener ryggen mot ei gamal seterbu og drikk i små slurkar. Lyttar innimellom. Høyrer min eigen puls som sus i øyra.
Ein flokk stjertmeis bølgjer forbi, stig og søkk. Eg fylgjer dei med auga, og blikket lyftest: og der står Hårnelen, mørk og blå i himmelstripa. Disig, døsig, kransa av glim og solleik. Stormkjøkkenet får eld i spriten, snøen smeltar i kaserolla. Eit fly glid over fjellranda og etterlet seg eit kvitt skispor på den djupblå kvelven, før det etterkvart løyser seg opp og vert til hundespor som fylgjer. Sjå der, seier eg lågt til hunden. Ser du, der er spora våre som går rakt til himmels! For nærare himmelen enn dette, kjem ikkje eg.


2 comments:

Anonymous said...

Utruleg vakker post :)

Hilde said...

Takk for det! :)