Friday, February 09, 2007

Love is



Berrfrosten heldt seg i vekevis.Vatnet fekk hud og fraus til eit matt auge midt i dalen.Etter ei stund tok det til å buldre og rope frå djupe sprekker som flerra den glatte flata. Lyden slo mot fjellsidene drog seg oppover klovene, sirkla langs fjella i rullande bølgjer.Eg snøra skeissene. Isen dunka og skalv under meg, kroppen rykkte til og ville kaste seg mot land, sjølv om eg godt visste det var eit velsigna teikn: Isen lokka. No kunne han bere alt. Kva det enn skulle vere kunne han bere no. Det tok til å skumre. Mørkret lysna lyden.
Eg syntest så tydeleg eg høyrde eit hjarte.


Endeleg skøyteis!

4 comments:

Anonymous said...

åh:)
for et nydelig vinterhjertebilde!

Hilde said...

Takk! Eg laga det heilt sjølv :)

Mona said...

"Vatnet fekk hud og fraus til eit matt auge" Vakraste setninga eg har høyrt på lenge! Smask! midt på augnelokket, sjølv om munnen min då frys fast...

Hilde said...

Å, Monami, takk!
Best å passe munnen sin desse frostdagane, ja, og pass opp for å sleikje på jarn og liknande.
smask!