Wednesday, August 02, 2006

(passasje)


Det er tørr og stille sommar. Ho ventar på at tida skal vende og gjere henne godt. Ved fjøre sjø går ho i strandkanten, for å samle tynn sand til timeglaset. Under ein blank rund stein finst sneglekongen, han som har hus som dreiar motsett veg av dei andre. Han glimer og gløder, som veit han kor sjeldsynt han er. Vil han framleis tyde velsigna liv, om ho set foten på han, knuser det makelause huset til fine sandkorn, fyller dei på glaset. Om ho let dei dryse langsamt frå handa og fylle glaset med oppmalt lukke, let dei passere gjennom det konkave livet, renne i smale striper frå botn til botn.

4 comments:

Anonymous said...

Det du skriv er ei verd som eg kan gå inn i. Eg går dit teksten vil eg skal gå, og eg går saman med dine ord. Eg blir ord, for lenge etter teksten din er ferdig, er orda att i meg. Ord som stryk fint lys over mi verd og som gjer det fint å gå vidare, og dette takkar eg deg for.

Hilde said...

Sjølv takk for dine fine ord, Jan Roar. Lat oss pratast ein dag.

Mona said...

"det konkave livet, renne i smale striper frå botn til botn" Håhå, innestengt og rennande samstundes -godt bilete på huset, elva, livet, tida! Og finfint foto til ü

Anonymous said...

Eg skriv deg ein mail, eit elektronisk brev, min ven.