Wednesday, September 17, 2008

Å gifte seg med bøddelen




Ho er dømt til dauden ved henging. Ein mann kan kome unna denne dauden ved å verte bøddel, ei kvinne ved å gifte seg med bøddelen. Men det finst ingen bøddel no; og difor ingen utveg. Det finst berre daud, vaklande på vent.
Dette er ikkje fantasi, det er historie.

*

Å leve i fengsel er å leve utan speglar. Å leve utan speglar er å leve utan sjølvet. Ho lever utan seg, ho finn eit hol i murveggen, og på andre sida av veggen: ei røyst. Røysta kjem gjennom mørkret, utan andlet. Denne røysta vert spegelen hennar.

*

For å sleppe unna dauden, denne særskilde dauden, må ho gifte seg med bøddelen. Men der er ingen bøddel, ho må skape han fyrst, ho må overtyde denne mannen i røysta sin ende, denne røysta ho aldri har sett og som aldri har sett henne, dette mørkret, ho må overtyde han til å gje frå seg andletet sitt, bytte det mot den allsynlege maska dauden ber, mot tilgjengeleg daud som har auger men ingen munn, maska til ein mørk spedalsk. Ho må omforme hendene hans slik at dei villig snor reipet kring struper som er utvalde, som hennar, andre struper. Ho må gifte seg med bøddelen, eller ingen, men det er ikkje så ille. Kven andre finst å gifte seg med?

*

Du undrast på kva ho har gjort. Ho vart dømt til dauden for å stele klede frå han ho arbeidde for, frå kona hans. Ho ville så gjerne verte vakrare.

Eit ulovleg ynskje for ei tenestetaus.

*

Ho brukar røysta som ei hand, røysta hennar grip gjennom veggen, stryk og trekkjer. Kva i all verda kunne ho ha sagt for å overtyde han? Han var ikkje dømt til dauden, fridomen venta på han. Kva for freisting var det, den som verka? Kanskje ville han ha eit liv saman med ei kvinne han hadde berga livet til, ei som hadde sett djupnene nede i jorda men som likevel fylgde han opp og attende til livet. Dette var einaste moglegheit for å vere ein helt, for ein person i det minste, om han vart bøddel ville alle andre forakte han.

Han var sett i fengsel for å ha såra ein annan mann i ein finger på høgre hand, med sverd.

Dette er også historie.

*

Venane mine, kvinner begge to, fortel meg historiene sine, som ikkje er til å tru, men som er sanne. Det er skrekkhistorier og har ikkje hendt meg, dei har ikkje hendt meg enno, dei har hendt meg men vi er urørte, vi skodar vår vantru med gru. Slikt kan ikkje hende oss, det er ettermiddag, og slike ting hender ikkje om ettermiddagen. Problemet var, sa ho, eg fekk ikkje tid til å sette på meg brillene og utan dei er eg blind som ei flaggermus, eg kunne ikkje eingong sjå kven det var. Slikt skjer, og vi sit ved bordet og fortel historier om det, så vi endeleg kan tru. Dette er ikkje fantasi, men historie, det finst meir enn ein bøddel og det er grunnen til at nokre er utan arbeid.

*

Han sa: Ende på veggane, ende på reip, døropningar, ei mark, vinden, eit hus, sola, eit bord, eit eple.
Ho sa: brystvorte, armar, lepper, vin, mage, hår, brød, lår, auge, auge.

Begge heldt det dei lova.

*

Bøddelen er ingen dårleg fyr. Etterpå går han mot kjøleskapet og ryddar opp i det som står att, sjølv om han ikkje tørkar opp det han sølar ut ved uhell. Han vil berre ha enkle ting: ein stol, nokon til å drage av han skoa, nokon som ser på han medan han pratar, med beundring og frykt, om mogleg: med takksemd, nokon å stupe inn i for å finne kvile og fornying. Den lettaste måten å skaffe seg desse tinga er ved å giftast ei kvinne som er daudsdømd av andre menn fordi ho ynskte seg vakker. Det finst eit vidt utval.

*

Alle sa han var ein tosk.
Alle sa ho var ei klok kvinne.
Dei brukte ord som snare.

*

Kva sa dei fyrste gongen dei var aleine i eit rom saman? Kva sa han når ho tok bort sløret og han kunne sjå at ho ikkje var ei røyst, men ein kropp og difor handgripeleg? Kva sa ho når ho oppdaga at ho hadde gått frå eitt stengt rom til eit anna? Dei snakka om kjærleik, naturligvis, men det heldt dei ikkje opptekne i all framtid.

*

Sanninga er: det finst ingen historier eg kan fortelje venene mine for å få dei til å kjenne seg betre. Historia kan ikkje slettast, sjølv om vi kan roe oss med spekulasjonar kring ho. På den tida fanst det ingen kvinnelege bødlar. Kanskje har der aldri funnest nokon, dermed kunne ingen mann berge livet ved ekteskap. Men ei kvinne kunne, i følgje lova.

*

Han sa: fot, støvel, ordre, by, knyttneve, vegar, tid, kniv.

Ho sa: vatn, natt, piletre, reip hår, jord mage, grotte kjøt, liksveip, open, blod.

Begge heldt det dei lova.


NOTE: I det attande århundrets Quebec var einaste måten for nokon som var dødsdømde å unnsleppe henging: For ein mann, å verte bøddel, eller, for ei kvinne, å gifte seg med ein. Francoise Laurent, dømt til henging på grunn av stjeling, overtala Jean Corolère, i cella ved sidan av, til å søke om den ledige jobben som avrettar, og også til å gifte seg med henne.

Margaret Atwood

(Gjendikta av Hilde Myklebust)

Monday, September 08, 2008

Eg dreg ifrå glaset




Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,

eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen. Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.
No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.
Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.



Dikta til Hauge grov seg inn i meg, utan at eg visste om det, gjennom skulegang, bøker, musikk, lærarar, ei gryande poesiinteresse, - heilt til eg ein dag merka at eg var breiddfull av sitat og setningar, svarte krossar, diktliner, vågar eg ikkje visste om, funderingar og bilete som leitte seg attende til same mann. Diktarskapen hans berre grodde fast i meg, langsamt, stilt, nærast umerkeleg. Slik tjern grør att, eller slik mose grør over steingardar: tid går, og ein dag er det berre vorte slik, ein ser utover landskapen og tenkjer at det er vorte annleis, det har endra seg, det er slik det skal vere, det er vakkert, tenkjer: kva tid kom dette til?


Olav H. Hauge har synt meg at det ikkje er naudsynt å bruke dei store orda og dei største rørslene for å skape gode dikt. At det er det lågmælte og langsame som best speglar dei sterkaste kreftene som buldrar og bryt under overflata i oss. Olav H. Hauge har synt meg at det gjeng an å både leva og dikta i kvardagen òg, den grå stille dagen.


Ein stad, i dei mange dagbøkene sine, skriv han:
”Han skapte ikkje noko ny form, segjer dei. Nei, men mange store diktarar fylte den vanlege forma med innhald, og tykte det var godt nok. Shakespeare, Goethe var nøgde med det.”
Hauge har fått meg til å senke skuldrane når eg skriv. Han har fått meg til å lytte, sjå, kva er det eg har her, kva vil eg skape av dette, han legg ei hand på skuldra mi og bed meg om å ikkje kave meg opp, ikkje la meg jage mot å finne ei ny form. Det er innhaldet som skaper forma, eller rettare: diktet finn den forma det må ha, den forma det treng for å verte til. Hauge stagnerte aldri, han var alltid i utvikling, var ikkje redd for nye former, - men han hadde si eiga tilnærming, han let seg ikkje fylgje straumane som drog på overflata, men let dikta sjølve gli som grunnvatn like under, til dei stundom sprang som kjelder ut i røynda, stilt og forbausande friskt.

Saturday, March 22, 2008

Påskeglim

Eg elskar utedassen aller mest om vinteren






Sunday, March 16, 2008

Glør





Dei brenn bråte ute på markane
Lutar seg mot rivene når dei pratar saman,
rykkjer til og slår dei mot bakken når elden grør for fort
Gjennom glipa i vindauget høyrer eg røystene,
og det grøne graset som sukkar og kviskrar under tjukk røyk
Vinden pustar, og regnet ventar inne i himmelen ein stad
Eit glør søkk inn i mjuk mose og vert liggande
Alt som ikkje tek fyr kan bere glødande oske
Når kvelden kjem, ventar regnet enno over markane,
ventar under himmelen medan markane brenn

Thursday, March 06, 2008

Song





Eg gjekk så lenge over markane
Eg høyrde ikkje lenger
at kvistar knakk under snøen

Men du lydde og stogga
Tok til å leite under store tre,
ved skogsvatn og brukryssa elvar
Grov fram i dagen det eg ein gong grov ned:
Ein medaljong med to bokstavar
Potteskar, steinar, røter, ord
Øskjer fylte med glatte bein


Svart mold over nevane dine
Noteliner frå ein gløymd song
Slik musikk som berre finst
i leitande hender

Wednesday, December 12, 2007

Desembersøt på berrfrosten


Søthonningklumpedokkeklokkeblomevakretindrehjartejenta!

Wednesday, October 31, 2007

På stall



Stallen er ferdig, akkurat i tide før fyrste hauststormen.
Sjølv for ein islandshest er det godt å kome inn, stundom.
Få seg ei famn tørrhøy, verte tørr og varm, høyre regnet tappe på bølgjeblekket.
Kor fint det er, å sjå dei vakre hestane mine stå her, i det gule lyset i løda, korleis dei roleg tygg, strekkjer seg mot meg og blunkar langsamt med auga. Stunder av rein fred. Rein fred.

Saturday, September 29, 2007

Å, haustfjell! Å, gneistrande tid!


Lys og lauv blandar seg
og brenn






Friday, August 17, 2007

Manifest




Eg høyrer til ved dei stille små fiskevatna på fjellet, dei som alvane dansar på om sommarkveldane.


Eg høyrer til på ein steingard i sauebeitet, der dyra roleg beitar ikring og ser på meg med tillitsfulle auge.


Eg høyrer til mellom bjørkestammane, lyttande til svarttrasta sin mjuke song.


Eg høyrer til i ein grøn liten robåt med makkeboks og dupp.


Eg høyrer til under stjerneklåra, der ingen gatelys bleiknar stjernene.


Eg høyrer til markane, elva og graset.


Eg høyrer til på hesteryggen, med ein gråklegg på leggen.


Eg høyrer til bak dei store steinane i fjøsmuren, som ein kan lene seg inntil og kjenne slektskapen og arva frå dei som har vore før meg.

Eg høyrer til her.

Friday, August 03, 2007

Bølgjer


Varme heller på tunet
Eit glasskår glimer
i dei mjuke stripene
av spirande gras

Vindauget opnar seg
Ein rusten spikar
løyser seg langsamt
ut frå treverket
og fell mot bakken

Du lener deg ut
Strekkjer hendene
i bølgjer mot meg

Tuesday, July 24, 2007

O!

O, Jotunheim!




Thursday, July 12, 2007

Sunday, July 08, 2007

Stad

Og i eit råk i skyene steig sola fram

Wednesday, May 30, 2007

Himmel og hav


Eg trur på sommaren




Tuesday, May 22, 2007

Kveld

Sov på min arm!
Natten gömmer
under sin vinge
din blossande kind.
Lycklig och varm
snart du drömmer,
flyr mig i drömmen
som våg flyr vind.
Slumra min vän!
Natten skrider.
Kärleken vaktar dig
ömt och tyst.

E.Taube





Monday, May 21, 2007

Vesle vidunder


Svala og Tindra

Wednesday, April 25, 2007


Guro og Samson

Thursday, April 12, 2007

Vår i dalen


Lilja på veg til utehestehuset. Enn om der er noko mjøl å gnafse i seg?



Snorre og eg plukkar mjukt eljegras til lamminga som snart er i gong.




Og Svala er så inderleg på tjukka, stakar! Men om berre nokre dagar kjem vesleføllet.


Thursday, April 05, 2007

God påske!




Opp frå andre dalsøkket, opp hit som sola ikkje har klart å få heilt tak, her som temperaturen annleis, og snøen er mjøl. Kryssar eit harespor som må ha svulma og vokse opp av snøen lenge før frosten kom, no er det dekt med krystallar. Eg er varm, med raude froststive kjakar, men mjuk og lett i kroppen. Sola står i ryggen og gjev meg eit ekstra dytt opp siste kneika, siste metrane over skaret, og så faldar det vesle dalsøkket seg ut framfor meg. Bak meg er utsikta til fjorden og bygda, rørsle og lyd frå folk og busetnad, men her, her er ei anna verd. Det er heilt stille. Eg kan høyre kva som helst her. Eller ingenting. Men akkurat no høyrer eg korleis lyden av rennande te vert djupare dess meir som fyllest i koppen. Ei tynn røyksøyle stig opp mot andletet, og eg ser mine eigne blanke auge i botnen av koppen idet eg set kanten mot munnen og drikk. Eg lener ryggen mot ei gamal seterbu og drikk i små slurkar. Lyttar innimellom. Høyrer min eigen puls som sus i øyra.
Ein flokk stjertmeis bølgjer forbi, stig og søkk. Eg fylgjer dei med auga, og blikket lyftest: og der står Hårnelen, mørk og blå i himmelstripa. Disig, døsig, kransa av glim og solleik. Stormkjøkkenet får eld i spriten, snøen smeltar i kaserolla. Eit fly glid over fjellranda og etterlet seg eit kvitt skispor på den djupblå kvelven, før det etterkvart løyser seg opp og vert til hundespor som fylgjer. Sjå der, seier eg lågt til hunden. Ser du, der er spora våre som går rakt til himmels! For nærare himmelen enn dette, kjem ikkje eg.


Wednesday, March 28, 2007

Herlege fjellheim!

Nydelege dagar på Danskehytta i Tafjordfjella