Thursday, August 31, 2006

Godt å ha


Godt å ha ein hest når det røyner på, og hausten legg sår song mellom raude rognebær, og nokon har vore her og reist, og sommaren har vore her og reist.

Tuesday, August 22, 2006

Heimreise frå sætra

I dag henta eg Serine, Tordis og Ola på Sørdalssætrane. Dei fulgte meg lydig attende til dalen. Det er ei tid for alt, også for sommarbeite. No har eg berre att å finne Lissje-Pirlå, så er alle her.


Friday, August 11, 2006

Det lakkar




Å, du store kantarell,
så er det altså slik at
sommaren er på hell!

- Men eg og gutta mine
er glade likevel.

Thursday, August 10, 2006

Seinsommarnatta




Somme slumrar salig
i seine sommarnatta,
andre veit å kose seg
med kaffilars og bål:
Maria, eg og Snorre,
hesten min og katta
var vaken heilt til sommarnatt
og bålet vart til kol

Wednesday, August 02, 2006

(passasje)


Det er tørr og stille sommar. Ho ventar på at tida skal vende og gjere henne godt. Ved fjøre sjø går ho i strandkanten, for å samle tynn sand til timeglaset. Under ein blank rund stein finst sneglekongen, han som har hus som dreiar motsett veg av dei andre. Han glimer og gløder, som veit han kor sjeldsynt han er. Vil han framleis tyde velsigna liv, om ho set foten på han, knuser det makelause huset til fine sandkorn, fyller dei på glaset. Om ho let dei dryse langsamt frå handa og fylle glaset med oppmalt lukke, let dei passere gjennom det konkave livet, renne i smale striper frå botn til botn.