Tuesday, December 22, 2009

Stjernenatt






Ein tenkjer ikkje på at Karlsvogna finst om dagen òg.
Og Storebjørn. Og Pleyadene. Venus med sitt lysande omsveip.
Det er lett å gløyme det som ikkje synest, og dagen har heller aldri vore tida for dei store tankane. Dei som handlar om avstand. Om rørsle. Om å vere ei ørlita rørsle i ein uendeleg avstand. Du går over tunet, og er ei rørsle som frå ein viss avstand, ei viss lengde, ikkje kan sjåast, ikkje kan sporast.


Slik du ikkje ser cellene dele seg i din eigen kropp. Eller den ørandes vesle midden som kryp i sengetrekket ditt om kvelden når du legg deg. Du ser dei ikkje, og du tenkjer ikkje på dei heller, der du ligg søvnig med andletet vendt mot vindauget og månen der ute. Korleis han kastar lyset sitt mot noko som kastar skuggar inn i rommet, du ser berre den lysande flata langt der ute, ser stjernene tende seg og trur dei vert skapte akkurat no, akkurat i denne augeblunken, i det dei langsamt kjem til syne på kvelven.

(utdrag, H.M.)

No comments: