Tuesday, February 13, 2007

Med øks og pilk på isen


(Sølvi er svært så nøgd med ein flott seibiff)

Å isfiske på Syltefjorden er det kjekkaste eg har gjort på lenge! Og jammen fekk eg ikkje akkurat den torskejævelen eg hadde ynskt meg òg. Dessutan fekk eg ei sild. Og ein knurr.
Så eg lunnja slett inkje, nei!
(Eg vart pirvill og gjekk ned i kneståande av heile greia)

Sunday, February 11, 2007

små under

tynne fjør veks opp av isen

Friday, February 09, 2007

Love is



Berrfrosten heldt seg i vekevis.Vatnet fekk hud og fraus til eit matt auge midt i dalen.Etter ei stund tok det til å buldre og rope frå djupe sprekker som flerra den glatte flata. Lyden slo mot fjellsidene drog seg oppover klovene, sirkla langs fjella i rullande bølgjer.Eg snøra skeissene. Isen dunka og skalv under meg, kroppen rykkte til og ville kaste seg mot land, sjølv om eg godt visste det var eit velsigna teikn: Isen lokka. No kunne han bere alt. Kva det enn skulle vere kunne han bere no. Det tok til å skumre. Mørkret lysna lyden.
Eg syntest så tydeleg eg høyrde eit hjarte.


Endeleg skøyteis!

Friday, January 19, 2007

Endeleg!




Sol frå skyfri himmel
Snø frå tind til dalbotn
Ski med supergli
Sekk på ryggen
Stormkjøkken til å koke nudlar på
Snorregutten i storform
Sei meg, - kva meir kan ein ynskje seg?

Saturday, January 06, 2007

Eit nytt år - alvoret startar

Gjennomgang av manus..


legg merke til den ivrige konsulenten i bakgrunnen..


Wednesday, December 20, 2006

God jul!



Fred og kjærleik og god jul til alle



Monday, December 11, 2006

Simon og Svala

(Simon og Svala på tur i Slåtta)

Sjå desse to!
Og høyr kor godt det kling:
Simon og Svala.
- Som skapt for ei barnebok!

Saturday, December 02, 2006

(vinterfrukt)

(Eg lengtar etter frost og snø. Kom, kulde, kom!)

Dråpar sprett frå elva
og vert til sprø is langs kantane
Innanfor er eit landskap for snø
Eg har ei blå kåpe
til å gå over markane i
med tunge korger fulle
av vinterfrukt på armen
Når våren kjem
vil spora mine smelte fyrst av alt
og verte til grøne opningar i snøen
Noko kjem til å vekse der

Sunday, October 29, 2006

Frå her eg sit



Eit vindauge med utsikt
som gjev innsikt

Monday, October 23, 2006

(moll)




Den tynne raude kjolen og den mørke dressen har hengt ute over natta. I morgontimane syng klesstativet, når vinden tek tak i kleda og dreg dei varleg rundt. Ei slepande sår læte trengjer inn mellom fibrane i stoffet, legg seg der som ei lett fukt. Kroppen kjolen skal kle vil dampe tonen bort med ein langsamt ebbande varme. Men han som eig dressen vil høyre denne læta kvar einaste gong han ber desse mørke plagga, før han ein dag mange år seinare, (lange år seinare), legg dei øvst på kvistbålet i hagen. Den tjukke røyken stig, løyser seg opp, og driv bort langsmed fjella.

Monday, October 09, 2006

(mogn)

Ei jente med kvitt hår
ber store spann over markane
Ho leier ei mørkare rås
av spor gjennom doggraset
Dyra trekkjer langsamt mot fjøsen
med jura fulle av varm mjølk

Det er ho som er mor
utan å vite det enno
Ho som er eit mjukt hus
kring ei kjerne av mogn

Ein gul stråle siv
ut gjennom fjøsdøra
Ho går inn og fell
saman med lyset



(Takk til mi kjære venninne Borghild Holsvik

for dette nydelege biletet

som fangar sommaren min så tydeleg!)

Monday, September 25, 2006

Kom!





Heiloen helliger vidda og fløyter sitt "Kom!"
Langs stiene lyser de blå gentiana oss inn
mot de lynggrønne flyer og drømmegrå fjell
og gir vink om at vi også slekter på alt dette fjerne.
Jomfru Marias grønne små nøkler
har åpnet usynlige dører for dem som har blikk
for en boltit med unger i lyngen
og skyenes mektige følge.

(Harald Sverdrup: Hardangervidda, - utdrag)

Wednesday, September 13, 2006

Slaktetid

Slaktetid: Eg parterar slaktet av ei hjortekolle, medan Snorre inspiserar.

Då eg var lita jente gret eg mine modige tårer inn i ulla på sauen som skulle slaktast, før far leidde han opp i løda der alt var gjort klart: trebukk, tollekniv, sag, trillebår, bøtter med varmt og kaldt vatn. Eg tok sykkelen, då, og sykla i vill fart bortetter vegen, song eller nynna for å overdøyve, var borte så lenge at eg var viss på at no, no var skotet gått av, no var det over, no kunne eg snu sykkelen og vende heim mot løda. Ofte var det ein slik klar, gul oktoberdag, og lukta av saueull og frost låg skarp over markane, men nærare løda blanda denne eimen seg med den tette lukta av blod. Eg såg med store auge, men med roleg hjarte, på sauen som låg der på trebukken, fire føter opp og til sides, hovudet som hang mot bakken, tunga som seig ut mellom dei korte tennene. Far som med øvd hand skar eit snitt i strupen og knytte ein kvit hyssingstump kring eterøret. Blodet som allereie var tappa i den kvite bøtta, mor som salta og rørte det, så ikkje det tjukna. Kniven inn under skinnet, frå halsen og attover mot buken, og der, under, innanfor, glinsa den skimlande blålege hinna som ligg utanpå kjøtet. Kniven i stutte tak mellom kjøt og skinn. Det lukta søtt og tungt i heile løda då bringebeinet vart saga opp, og dei to bringehalvene bøygde tilsides. Det mjuke, mørkeraude hjartet, levra, lungene over i bøtta med kaldt vatn. Innvolane, grågrøne og umedgjerlege, over i trillebåra. Og så var det tomt der inne.
Alt dette såg eg på, og fanst ikkje trist lengre. Det vonde var borte, fordi sauen var borte. Det som var att no, var noko anna, eit hylster, tomt, sauen eg kjende var der ikkje meir. Eg kika inn i den hole bringa, mørkret der, såg ribbeina lyse i kvite striper der inne, tenkte: kva finst her, tenkte: kvar finst sauen min no, tenkte: kva veit eg om livet - og dauden det endar med. Gjekk bort til trillebåra og trykte fingeren mot den gjennomsiktige grå hinna på magesekken, kjende det gav etter i luft før fintertuppen støytte mot det formelege, varme innhaldet. Alt dette som fanst der inne i kroppen. Alt dette som ikkje fanst der likevel.

Thursday, September 07, 2006

kviskringa heilt til slutt



(Kjærleik I)

Det ligg ei hinne utan på hjartet
det er ho som held det samla
Ho er det siste som rotnar
i kistene våre
Denne kviskringa heilt til slutt

Thursday, August 31, 2006

Godt å ha


Godt å ha ein hest når det røyner på, og hausten legg sår song mellom raude rognebær, og nokon har vore her og reist, og sommaren har vore her og reist.

Tuesday, August 22, 2006

Heimreise frå sætra

I dag henta eg Serine, Tordis og Ola på Sørdalssætrane. Dei fulgte meg lydig attende til dalen. Det er ei tid for alt, også for sommarbeite. No har eg berre att å finne Lissje-Pirlå, så er alle her.


Friday, August 11, 2006

Det lakkar




Å, du store kantarell,
så er det altså slik at
sommaren er på hell!

- Men eg og gutta mine
er glade likevel.

Thursday, August 10, 2006

Seinsommarnatta




Somme slumrar salig
i seine sommarnatta,
andre veit å kose seg
med kaffilars og bål:
Maria, eg og Snorre,
hesten min og katta
var vaken heilt til sommarnatt
og bålet vart til kol

Wednesday, August 02, 2006

(passasje)


Det er tørr og stille sommar. Ho ventar på at tida skal vende og gjere henne godt. Ved fjøre sjø går ho i strandkanten, for å samle tynn sand til timeglaset. Under ein blank rund stein finst sneglekongen, han som har hus som dreiar motsett veg av dei andre. Han glimer og gløder, som veit han kor sjeldsynt han er. Vil han framleis tyde velsigna liv, om ho set foten på han, knuser det makelause huset til fine sandkorn, fyller dei på glaset. Om ho let dei dryse langsamt frå handa og fylle glaset med oppmalt lukke, let dei passere gjennom det konkave livet, renne i smale striper frå botn til botn.

Tuesday, July 25, 2006

Syng!


Syltedalen sommarsyng
om elvedans og blåbærlyng