Thursday, March 16, 2006

Ferdabrev 16. Mars 2006: Syltedalen - Mannen, tur/retur




Huset
Torsdags morgon. Eg vaknar og veit at det er naudsynt å legge ferda oppover og utover fjella denne dagen. Natta igjennom har fullmånen lyse, men no er han bleik på himmelen, slegen ut av sola. Ho spør om ikkje. Eg er ikkje vond å be.

Brua
Eg lener meg utover. Fossen er frosen og stille. Stivna i spranget nedetter sida. Dråpane har vokse til informasjonar i ei fullstendig metamorfose. Røvespor kryssar over snøsprø is. Nedanfor ligg gardane i nysol. Løda får ein annan farge no. Ho er djupare raud enn nokon gong, sola trengjer inn i materialet og får henne til å gløde.

Joskarsvingen
Inn i skuggevinden som alltid fylgjer Joskaret. Det er knirkande skare under meg, framfor meg: utsikt mot fjorden. Kor spegelblank han er i dag. Så blank at eg kan sjå dei fargedansande spetta båtane teiknar i vassflata heilt hit, her eg står og kviler overkroppen mot bambusstavane, her eg står og ser, og smiler av Thunemshornet, det stikk som eit grønt bustete hovud ut frå den kvite kåpa, på veg til å stupe i fjordglimet.

Kilebrekka
Det er så stille. Eg kan høyre kva som helst her, eller ingenting. Akkurat no høyrer eg korleis lyden av rennande te vert djupare dess meir som fyllest i koppen. Eg drikk og lyttar. Høyrer min eigen puls som sus i øyra. Dalen ligg under meg, han badar. To fly passerar kvarandre over fjellranda, etterlet seg eit kvitt skispor på den djupblå kvelven. Sjå der, seier eg lågt. Det der er sporet mitt som går rakt til himmels: Dette er det næraste himmelen eg kan kome. Så kjem lyden. Den buktande, rullande lyden.

Smådalane
Rypespor! Vakrare spor finst vel knapt: den tregreina forma, små vifter bortetter skaren, og kring dei er tynne mjuke striper frå dei fjørkledde beina, som freistar dei å viske seg sjølve ut etterkvart som dei plantast. Eg fylgjer dei eit stykke, håpar på å få sjå henne, kvitkledd med raude halvmånen over auget. Eg finn berre hola med lort i. Så var det her ho sat og kura, inne under den krokete bjørka som skyt ut i linninga mellom brattberg og flate. Ferske, ferske spor. Ho høyrde meg nok, i denne stilla kan ein høyre kva som helst, eller ingenting. Visste nok eg kom, tok til vengane og drog ifrå meg.
Det er greitt det, vesle rype, eg glad berre av å vite at du framleis er her.

Mannen
Opp frå andre dalsøkket, inne i sida steikjer sola og gjer snøen om til silke. Kryssar eit harespor som har svulma i sola og vokse opp av snøen. Eg er varm og raud i andletet, mjuk og lett i kroppen. Då er det han syner seg: I himmelsjå står han, rank og staut. Ventande - alltid ventar han på meg. Lengtande - alltid lengtar eg til han. Hjartet slår ringar i brystet, dei spreier seg i kroppen. Ved synet av han, dette alltid frydefulle gjensynet: Å, Mannen, du kjære! Eg lystar å rope, men gjer det ikkje. Å rope i fjellet er å banne i kyrkja. Eg stakar med sterkare armar no. Så er eg framme og han tek imot meg, let meg lene meg mot han og kvile. Vi sit rygg mot rygg i sola, er stille saman, lyttar saman, ser: Ein flokk stjertmeis bølgjer forbi oss, stig og søkk. Eg fylgjer dei med auga, og blikket lyftest: der står Hårnelen, mørk og blå i himmelstripa. Disig, døsig, kransa av glim og solleik. Nett som meg.

Mannen - Smådalane - Kilebrekka - Joskarsvingen - Brua - Huset
SVOOOSJ!

Friday, March 03, 2006

Svala mi



I går var det eg møtte henne; Svala, nei, vi møtte kvarandre, og eg forstod med det same at dette var henne, ho var den av alle dei førti hestane som skulle verte med meg attende til Syltedalen, eg gjekk innom gjerdet, dei flokka seg rundt meg, men ho var den som la hovudet inn mot mitt, kvilte hovudet på skuldra mi, ho var den som såg så lenge på meg med dei store mørke auga, vi stod der i tolv minusgrader og lytta til kvarandre, tala til kvarandre på eit anna språk enn det middelbare, ja, for dette er den umiddelbare venskapen, eg tok votten av og la handa over den flate panna, over det kvite bleset som strekkjer seg smalnande frå panna og heilt ned til mulen, fylgde den kvite pila, kjende den varme pusten kvervle kring fingrane, og ho la tyngda av hovudet i handa mi, og eg skjøna: det er ho som skal verte med meg attende til Syltedalen, hit, ho er den eg skal vaspe rundt i laussnøen saman med, den eg skal legge kløv på og ri av garde til eit av dei mange fjellvatna, kanskje Vaulen, ja, eg ser føre meg at vi slår telt ved Vaulen, der det er så mykje alvedans om sommarskveldane, der far min ein gong henta opp store steinheller frå det varme vatnet og laga bord og benkar (eg hugsar dette så tydeleg, hugsar den tydelege stolte kjensla av at far er den sterkaste i verda), der grua framleis står i vasskanten år etter år; klar for å ta imot krædene som vert dregne opp på annan kvart kast, der er det vi skal slå oss ned etter ein sveitt ridetur opp alle bakkane, opp gjennom raudesanden, der fjellskråningane står bratte ned mot stien, gjennom dette underlege landskapet av raudna olivinstein og sand, ved foten av klippene, ja, det høver med hest der, over kvar vesle knaus må ein speide etter indianarfjør som stikk opp, berre fordi det ville vore på sin plass i eit slikt landskap, der på stien mellom den bratte klippesida og juvet der elva renn, denne smale stien som alltid har spor av rev fordjupa ned i sanden, denne smale stien der hoggormen stundom legg sine runde kvite egg i sanden før han dreg seg unna og lagar buktande striper bort mot krattklyngene, her skal vi ride ein av dei fyrste dagane som ber sommar i seg, Svala og eg, eg og Svala, for vi to kjem til å høyre saman, og eg veit at eg kjem til å elske henne.

Monday, January 09, 2006

Innanfor



Slike vinterdagar tenkjer eg på den villkatten eg fann. Stivfrosen under det brunvisna bregnelauvet låg han, strak ut og var daud. Ein stor kvit villkatt, eg hadde aldri sett han før, men skjøna det var ein villkatt. Eg såg det på dei sundrivne øyrene, dei lange vêrhåra, den lurvete pelsen og beinbygnaden. Han var så skrinn. Berre skinnet utanpå beina, som sokk litt ned i kvar beingrop.
Eg hugsar eg gret. Eg låg på kne ved kattekroppen og gret, tenkte på livet hans, det som no var borte, at han aldri hadde hatt nokon heim, ingen hadde stroke han over hovud og rygg i ei lang langsam rørsle og gjeve han mat i ei skål, nei, han hadde gått ute all sin dag, jakta på mus under skaresnøen, slost med reven og gøymt seg i ei steinhole med store redde auge og øyra flatt bakover hovudet, svolten og kald, med iskrystallar mellom poteputene.
Eg ville grave han ned, men telen batt mold og jord og ville ikkje la meg kome til, ikkje eingong med ei grav. Eg såg på katten. Auga hans var attlatne, men han såg ikkje sovande ut, ikkje med all den rimen i pelsen, og dei frosne lemane, nei, han såg meir daud ut enn noko anna eg hadde sett døy, hadde sett daudt.
Eg gjekk attende til huset mitt, og fann ei kiste, nei, meir eit stort skrin med reimar over som ein kunne knyte saman og forsegle, ikkje berre late att, men verkeleg lukke inne. Han fekk denne kista. Eg lyfte katten opp, han endra seg ikkje, ingenting endra seg, han heldt same stillinga, hovudet vridd mot høgre då det skulle falle mot venstre, stiv, ubevegeleg, og eg kjende frosten i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg kjende beina i kroppen rett gjennom dei raude vottane, og eg gret over at det gjekk an å døy slik, at nokon måtte døy aleine og svoltne og skjelvande av kulde, så heilt aleine, drage seg inn mellom bregnelauvet og døy og fryse til is.
På kne ved kista, grava til ein villkatt, plassert i hjørnet i tuftene frå det som ein gong var eit sommarfjøs, langt oppe i bakkane, i utmarka, men enno med ei kjensle av å vere i hus, omkransa av steinmurar, stein for stein lagt av menneskehand, inne, innanfor.

Wednesday, December 14, 2005

Drøymande stille - midt på dagen


...

Økseslag, ekko og stille. Drøymande stille.
Sjølv om eg spring til byane, kjem eg alltid
til å kome attende her for å gå, til knes i bregner,
opp og bort frå dette metropoliske hundreåret,

for å hugse forfedrane mine, øksemenn, mjølkemenn, hestemenn,
no i kister i stilla, med skjegga og draumane sine,
som, motvillige eller oppslukte, fortvila eller svært tolmodige
fekk laga det som nærmar seg ein menneskleg opning i stilla,

gjorde liva sine om til det grove underlaget for legender -
menneska må ha legender, elles døyr dei av det framande -
og så døydde dei i sin tur, frå stille til stor stille.

Økseslag, ekko og økseslag. Stille midt på dagen.
Sjølv om eg drar til byane, vender ryggen til desse bakkane,
for byanes snakk og fortrylling, for å høyre til det tjuande
hundreåret i månader og år om gongen,

kjem byen aldri heilt til å få tak på meg. Eg kjem alltid til
å kome attende hit på toget som går oppover, mysande, medan eg lener
meg ut av vindauget for å sjå, på åskammar langt borte,
himmelen mellom trea, og for å høyre ekkoet og stilla
over skramlinga frå skinnegangen.

Eg legg øksa over skuldra og går heim gjennom stilla.


(Utdrag frå diktet Noonday axeman av Les A. Murray. Han har forstått det.)

Wednesday, December 07, 2005

Eg - ei isdronning



Her ein dag fekk eg ei fjøl i hovudet, eller rettare: eg fekk hjørnet av fjøla i venstre augebein. Det var borte i garasja under leitinga av flakar og presenning til å kle inne silobandet med, moska og styrte og leitte i noko material som stod der, då kom ho deisande, fjøla. Frå å stå på høgkant oppetter veggen, bikka ho over og sigla ned mot hovudet mitt, høgre hjørne mot venstre augebein, ssschhhmokk, sa det, og eg kjende knea gje etter ein augeblunk, berre så vidt, berre slik at dei bøygde av nokre sekund, at dei seig saman, som hydraulikken i eit lasteplan omtrent, langsamt saman, før dei langsamt retta seg oppatt. Eg banna stygt, eg sa satans drit, ja, det sa eg faktisk, før eg fann ut at det ikkje hjalp å banne, så eg heldt fram med fa fa fa og pe pe pe på inn og utpust nokre gongar, tok meg til hovudet, retta handa ut framfor meg, stirde på blodet, klynka, gav opp og banna stygt igjen, tok sats og sparka til fjøla, den jævla fjøla, kjende auget mitt verte mindre og mindre, synsranda mindre og mindre og svimmelheita større og større.
Javel, tenkte eg, eg har ikkje tenkt å svime, du får tåle dette, vesle dumme hovud, berre ta det, ta det! I staden for å gå inn og legge meg, stavra eg meg bort til kjellaren og fann fram skeissene, med svimmelheit skulle svimla fordrivast, det var min plan, og eg tusla bort til vatnet, knytte dei på meg og tok nokre salige piruettar, og tru det eller ei, men det kom seg ,g etter ei stund var eg heilt viss på at eg var ei isdronning.

Tuesday, November 29, 2005

turdus iliacus


Var på veg opp stigen, opp stigen langs fôrsiloen, i høgre hand heldt eg ein slange som skulle tappe alt vatnet ut, tappe bort det store bassenget som breidde seg ut der oppe, dei mange hundre literane med vatn som hadde ligge og pressa saman det saftige grøne graset sidan sommaren. Han er ikkje så høg siloen vår, fem-seks meter over betonggolvet omtrent, stod på det tredje øvste trinnet, lena meg over kanten og skulle til å senke slangeenden ned i vasspresset, hadde butte ein stein i enden for å halde han på plass, let slangen gli ned i vatnet, freista plassere han der det såg djupast ut, konsentrerte meg, då høyrde eg denne lyden: klør mot plast, fjør mot fast, stutte pip, det baksa og krafsa på andre sida av siloen, i glipa mellom den tjukke plasten i silopresset og veggen bak, den vesle stramme glipa, det var nokon der, nokon som kjempa, nokon som hadde høyrt meg og bad om hjelp. Frå andre sida av siloen bad nokon kort og tynt om hjelp. Mellom oss var fleire hundre liter vatn i ein grøn glatt presenning. Eg stod ein augeblunk for å lokalisere lyden, freiste å gjenkjenne, finne ut kva dette var, før eg batt fast slangen, gjorde ferdig jobben, klatra ned stigen, kjende betongen mot gummihælen, gjekk ut av silobygget, gjekk med raske steg over tunet, inn i kjellaren, fann fram vadebuksa, steig nedi, slo selane over herdane, gjekk attende, over tunet, inn i silobygget, opp stigen, slengde foten over kanten, kom etter med den andre, heldt meg med overkropp og armar, og let meg langsamt senke ned i vatnet. Den kalde innsida i vadebuksa pressa mot kroppen, vatnet pressa vadebuksa inn mot kroppen, frå alle kantar, kring bein, hofter, underliv, mage, pressa vatnet seg mot meg. Eg stod stille med vatn til livet. Lydde. Opna munnen og plystra. Stille. Så eit svar. Eit svakt pip, ein svak vibrasjon i plasten. Stille. Eg plystra. Svaret kom. Eg gjekk mot lyden. Vatnet arbeidde imot meg, eg tok meg fram med seige langsame rørsler, langs kanten av siloen, midten var for djup, kom til å renne over kanten på buksa, inn med armholene, nedover kroppen, fylle seg med vatn, eg måtte halde meg langs kanten. Stille, berre denne rislinga i vatnet når eg svinga kroppen, foten, frå side til side og framover, surklande, kurlande, rislande. Eg plystra att. Svaret kom fort, like ved. Eg stogga, tok tak i plasten og drog han langsamt ut frå veggen, strekte hals og kika ned mellom glipa. To svarte auge. To svarte turdusauge rett mot mine. Ein liten brun kropp pressa fast mellom vegg og plast. Og to venger. To raude venger.
Eg stakk handa langsamt ned, fingrane støytte varsamt mot mjuk fjør, kjende det dirra i dei, eg opna handa og la ho over kroppen, greip kring kroppen, kjende fuglehjartet skjelve inne i grepet mitt, heldt fast og trakk ho opp frå glipa, ut i lyset, ut over vassflata, eg med mi menneskehand, ho med sitt fuglehjarte, tok ho inn mot brystet, la andre handa til grepet, heldt ho inn mot brystet og kviskra inn i fjørhamen, lågmælte ord som gav tynne ekko over vassflata.
Eg stod der, stille, eg stod der heilt stille, med ei raudvengetrast sitt bivrande hjarte like utanfor mitt.

Sunday, November 27, 2005

(inn)







I sprengfrosten
trekkjer blodet seg innover
mot det varme huset
midt i kroppen
Om leppene sprekk
blør dei ikkje


(24 november, Ord for kvelden: KULSE - shiver with cold)

Monday, November 21, 2005

Raude halvmånen


Heldt på å klippe sauene, trur det var Lamborg eg klipte akkurat då, heldt på med det vanskelege partiet kring halsen, veit ikkje heilt korleis eg fekk det til, kva venstrehanda gjorde der klippemaskina skulle gå, men det skjedde sjølvsagt, hadde i grunnen venta på det: sauesaksa køyrde seg inn i peikefingeren min, løyste eit bua flak frå tuppen, lyfta eit lite kumlokk på vidt gap, og ut frå kumlokket strøymde det blod, det er jo så typisk fingertuppar: fulle av nervar og jævla fulle av blod. Eg banna ein salve, men ganske kontrollert:
“Faen, der klipte eg meg”, sa eg.
“Gjer ikkje noko”, sa eg, lata som ingenting. Sløkte ikkje maskina eingong, eg berre klipte vidare.
Men det svei. Ullfeittet la seg inn i såret og svei. Blodet draup ned i ulla på Lamborg, raudt mot det kvite, og det distraherte meg slik at eg ikkje fekk klipt jamt og fint, det vart berre hakk og dottar og tustar, så eg gav meg over og sløkte maskina. Det vart stilt. Det regna på bølgjeblekket. Regnet dansa på bølgjeblekket, og mor mi, som heldt Lamborg, sa eg måtte surre rundt litt gråpapir, det gjorde dei alltid før, sa ho, før var det nett som gråpapiret var innsett med eit blodstillande middel, det var berre å trykke det mot såret og mest i det same slutta blodet å piple fram, det var nesten magisk med gråpapir før i tida, sa ho. Så eg reiv ei strimle frå mjølsekken vi stappa ulla i, surra rundt, tok ei klype ull frå Lamborg, snodde ho godt til det vart ein liten tråd som eg knytte rundt gråpapiret att, og det hjalp godt, sjølv om gråpapiret i dag er ikkje som det eingong var: Ut mellom fingeren og papiret taut det raudt. Men eg brydde meg mindre, tende maskina og klipte vidare. Alt gjekk godt med gråpapir på, og trass dette hendige uhellet vart Lamborg strålande fin.
Og i dag blesma ho, til og med. Då eg slapp Punktum opp i storegarden for å sjekke damer, stod Lamborg der og var så søt og sjarmerande og baud seg fram så nyklipt og fin, at Punktum vart heilt ør i toppen, slengde opp leppa og briska seg, nærma seg Lamborg i god fart, ho såg på han med store, litt undrande og skremde auge, skalv litt i augeloka, men var heilt med på det, og no skal Lamborg ha lam til våren for fyrste gong i sitt liv.
Og då gjer det jo ingenting om eg har ei flenge på fingeren. Ein liten, raud halvmåne på venstre peikefingertupp. Såret liknar akkurat på ein liten, raud halvmåne. Eg håpar faktisk det vil verte eit arr av det, og eg trur det vil verte eit arr av det. Ein raud halvmåne. Lik den som tiuren har over det svarte, blanke auget sitt.
Om eg stryk nokon over ryggen, armane eller kinnet med denne fingeren i framtida, kjem det nok til å kjennest. Kjem til å skrape litt, hard hud, ein herda liten måne yst på tuppen. Eg reknar med han kjem til å spørje:
“Kva skjedde med fingeren din?”
Då skal eg svare:
“Heldt på å klippe sauene, trur det var Lamborg eg klipte akkurat då, heldt på med det vanskelege partiet kring halsen, veit ikkje heilt korleis eg fekk det til, kva venstrehanda gjorde der klippemaskina skulle gå, men det skjedde sjølvsagt, hadde i grunnen venta på det: sauesaksa køyrde seg inn i peikefingeren min, løyste eit bua flak frå tuppen, lyfta eit lite kumlokk på vidt gap, og ut frå kumlokket strøymde det blod, det er jo så typisk fingertuppar: fulle av nervar og jævla fulle av blod.”

Sunday, November 20, 2005

It was near I died



Trur det var den dagen snøen kom, at det snudde.
Eg vakna med It was near I died på øyret, hadde visst surra og gått heile natta igjennom, og det var sant - siste dagane hadde det verkeleg vore like før eg døydde, ikkje på skikkeleg, neida, men eg hadde vore heilt nær dette tynne skiljet, du veit, skiljet mellom det kjende og der ein går noko framandt i møte, ja, når ein har eit djupt sår i sida og må gå så varsamt at ein mest ikkje merkar at ein er i rørsle.
Denne morgonen vakna eg og fann eit nytt lys i rommet. Ikkje dette morgonmørke haustlyset som slumrar i kroppen, men noko anna, blåleg sterkt: snølys. Snølys! Og det fall inn gjennom vindauget. Eg stod i glipa mellom gardinene som hang tunge ned på kvar side av meg, stod der og såg nedover markane, stod der i glipa, som eg har stått kvar fyrste snømorgon frå eg var ei lita jente og såg nedover markane som var kvilande, stille, berre eit og anna gult strå stakk opp, elles var det berre denne jamne kvite flata, og dei langsame rørslene ovanfrå og ned. Eg stod der og kjende korleis det velta om, ein gneist sprengtest i brystet, eller i hovudet, kanskje i hjartet, - ja, eg trur det var i hjartet. I hjartet.
Ei langsam veltande rørsle, og etterpå: ei kjensle som ikkje var takksemd, men som likna på ho.

Friday, November 18, 2005

Noko av det raraste


Her ein dag var eg i fjøsen, som vanleg, hadde gjeve saudene tørrhøy, alt var roleg og godt, og eg stod borte ved springen og tappa vatn i ei bøtte. Stod vel der og såg ut glaset, såg på lysa frå gamlehuset korleis dei glei ut i små soler på den dogga vindaugsflata, tenkte vel på eitkvart eller einkvan, hugsar ikkje, men eg stod der medan vatnet strøymde ned og lyden frå strålen vart mørkare og mørkare dess fullare bøtta vart, stod der og såg, med ei hand på krana, den andre truleg plassert i midja, i kjeledresslomma eller kjærleg over ei saudenase, og så:
KLASK!
Eit trykk mot støvelen, venstre fot. Eg bøygde meg ned for å sjå, og der sat ein stor, vakker, brun frosk. Ein frosk! EIN FROSK!
Sat der litt, så hoppa han frå støvelen min, venstre fot, vidare bortover fjøsgolvet. Eg stod att og stira, andletet oppløyst i eit einaste stort gapande smil, følgde han med auga, lo litt, bøtta rann over, merka det ikkje, fanst ikkje tid, berre ein stor brun frosk som landa rett på fotbladet mitt, og eg kjende det herleg djupt inne i mitt vesle, tåpelege, romantiske, håplause, svulmande, lengtande hjarte, at dette, DETTE, er ikkje dette eit godt teikn, så veit ikkje eg!

Thursday, November 17, 2005

(tid)




I si evige jakt
på forgjengelegdom
tel dei ringane i treet
takkane på horna
lag av jord og rustraud mold

Eg vil ikkje vite så mykje
om kva som er gamalt og kva som er ungt
men eg skjønar at hesten aldrast
når bitet langsamt spissar seg utover

Og no står ho der med ein pilspiss
som peikar seg ut frå mulen
peikar ut frå den store varme munnhola
Det er vinter og kulde i skogen
Det dampar av pust ikring ho
Eg stikk dei frosne fingrane inn
mellom tennene og mulen
kjenner korleis det glatte skinnet
strekkjer seg over knokane
og spreier varme inn mot beina
Luter hovudet mot den flate panna
mot eit glim av tidløyse
der eg maktar å gløyme korleis det er
å samtale med menneska
og deira tid av år og dagar


(til minne om Nakita, 09.07.85 - 09.11.05)

Tuesday, September 13, 2005

Hejdå!


Eg skal slutte å blogge meg.
Det tek så mykje tid,
og eg vert heilt tullete av det,
trur eg.
Må gjere noko anna no.
Dei som vil seie meg noko: Skriv meg ein mail.
Dei som lurer på om eg ikkje har meir på hjartet:
JAU! Eg har MYKJE på hjartet!
Det er jo difor eg sluttar å blogge meg.

Hejdå!

Sunday, September 11, 2005

Valdag


I dag er det ikkje tysdag
ikkje onsdag heller
ikkje er det torsdag
ikkje eingong fredag
slett ikkje laurdag
og i vert fall ikkje søndag
knapt nok måndag
Nei: det er valdag

Biletet er frå Hoddevika, Stadlandet.
Eit unikt landskap, eit særeige mangfald botanisk, geologisk, ornitologisk.
Slike landskap må vi verne om, og gje vidare i skikkeleg stand. Eller kva?

Godt val!

Les meir om kva som skjer på Stad om to helgar: http://www.naturvernforbundet.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=70060

Wednesday, September 07, 2005

Sakn


Her er ei handfull menneske som eg saknar.
Eg saknar folka.
Eg saknar staden.
Eg saknar tida.

Tuesday, September 06, 2005

Ordtøkje


I dag kjøpte eg meg nye fjellsko
Dei andre var så utslitne
Dei sa dei ikkje visste
om dei orka ein langtur til
No vil vi berre kvile, sa dei
Og slitne fjellsko skal ein høyre på
Det er dei som er nærast jorda når ein går

Sunday, September 04, 2005



I vår tok NRK Møre og Romsdal kontakt og ville lage eit Faktor-program eller eit Ut i Naturen-program om meg og mitt. Dei skulle søke dei store om lov til å lage programet, og som ein del av søknaden ville dei at eg skulle skrive litt om forholdet mitt til naturen og korleis naturen verkar på skrivinga mi.
Vi kom ikkje gjennom nålauget denne gongen, men teksten har eg i alle høve til bruk i ymse samanhengar, som no: Eg gjengjev her teksten i sin heilskap. Bloggar den ut. Kvifor? Mange spør og undrar seg over kvifor eg flytta attende til Syltedalen. Kanskje dette kan vere eit svar.


Kunst er menneske pluss natur

Over skrivebordet mitt heng eit sitat, som lyder slik: “Kunst er menneske pluss natur”. Mest som eit lite reknestykke står det der, og minnar meg på dei komponentane som er viktigast for meg i livet mitt. Sitatet formar eit triangel. Eller betre i mitt tilfelle: ein sirkel. Av mi dikting og mitt forhold til naturen dannast det ein sirkel, fordi desse tre delane avheng av og utfyller kvarandre. Eg er avhengig av naturen for å skrive, og eg er avhengig av skrivinga mi for å fullt ut nyte og nytte naturen. Dei sanseopplevingane som oppstår, dei bileta som skapast kring meg og i meg, den kjensla eg får av å vere i nærleiken av - og ein del av - dei kreitslaupa som heile tida spinn i naturen, er uvurderlege for meg i diktinga mi. Det er denne nærkontakta som skapar kunsten eg lagar: mennesket pluss natur. Eg pluss naturen.

I mange år har eg studert litteratur og teater i Bergen, men meir og meir har eg innsett at eg ikkje kan finne roa og inspirasjonen eg treng, for både å skrive og for å leve eit godt liv, i byen. Derimot har eg alltid funne dette på heimstaden min i Syltedalen. Fordi denne dalen gjev meg det eg ynskjer: natur, - og dermed også inspirasjon og ro. Eg har innsett at dette er eit avhengigheitsforhold som eg ikkje korkje kan eller vil frigjere meg frå. Difor har eg valt å fylje desse sterke straumane i meg, og har no flytta attende til Syltedalen på Sunnmøre og overtatt gardsbruket etter far min. Her har eg sauer, hest, hund og katt, og her slår eg markane og set opp hes, tek imot lam og klipper sauer. I slike omgjevnader finn eg den nærleiken til naturen som eg alltid har lengta til. Og slik fell brikkene på plass, for her har eg nettopp naturen rett utanfor stovedøra, og her har eg dyra mine, fjella, fiskevatna, elvane, markane, fossane, plante- og dyrelivet tett ved kropp og sansar.

Eg har nok alltid visst at eg kom til å flytte tilbake hit. Det er ikkje berre skrivinga som gjer det. Dalen i seg sjølv er ei lita perle, og har frå eg var lita jente stått for meg som den einaste staden eg verkeleg kan kjenne meg heime og nyte ein sprengjande fridom. Eg har alltid freista å utforske kvar stein, kvart tre og kvar bekk i denne dalen. Slik eit barn gjer seg kjend med nye leiker, har eg til denne dag prøvd ut naturen ikring meg. Som å fiske langs elva eller i fjella med langbambus eller kanskje med dupp og makk, halde oppsyn med fuglereir og fuglekasser vi har sett opp, observere og konservere planteartar, leite etter dyrespor - eller kanskje ta ein tur opp i Raudesanden, der ein ikkje berre finn eit særmerkt landskap og planteliv, men også kan finne raude og grøne peridottar om ein brukar auge og hender i elvefaret.

Enno, og vonleg for alltid, finn eg stadar eg ikkje har oppdaga eller vore før, fordi naturen, og eg sjølv med han, alltid er i endring. Naturen har denne doble, nesten sjølvmotseiande effekten: ved alltid å vere skiftande, men samstundes verke så trygg, fredfull og frigjerande.
Naturen i Syltedalen har også denne dobbelheita i seg, denne mangfaldigheita som eg aldri går lei. Her er så mange biotopar, så mange små og store kretslaup ein kan fylje. Om ein går til fots, på ski, ror, klatrar eller rir, kjem ein alltid nær innpå det som foregår i denne vesle dalen. Og det er mykje. Eg ser det store i det små, og har gjennom denne nære kontakta med naturen og dyreliv, lært at dei små rørslene ikring oss speglar dei store og avgjerande.
Og rørsla er alltid til stades her. Sjølv om eg har slått meg til ro i ein liten fjelldal, langt frå bylivet sitt støyande andlet; eit liv som mange ville sjå på som svært stilleståande. Men rørsler føregår kring meg og i meg, heile tida. Fordi eg sjølv er ein del av dette. Eg er ein del av naturen, ein del av kunsten, ein del av den sirkelen eg heile tida rører meg i: Kunst, menneske, natur.

Hilde Myklebust

Sunday, August 28, 2005

Haust



I den fyrste minneboka til mi kjære syster, står det slik:

Marte min ven
No er det haust

Helsing Hilde 5 år

Og slik er det, mine vener: no er det haust.
Her er haustteikna mine:
  • Ei korg full av gul kantarell
  • Det susar i fjella : Full storm ved Stad
  • Hjortekolla tek med seg kalven på innmarka
  • Det raslar i blad når ein går i lauvskogen
  • Saudene trekkjer ned frå fjellet

Thursday, July 28, 2005

Bergen, 26.juli 2005



Vi sette oss på ein benk ved den store raude kyrkja
Det var varm ettermiddag
Eg lena ryggen inn mot veggen,
kjende den skarpe strukturen i steinane stikke gjennom bomullstrøya
Eg vende hovudet mot deg og du sa med mørke tunge auge:
Det er så mange val, kvar dag må vi velje, utan tenketid
Ein vert nøydd å gamble, ein må berre
Det er ikkje alltid det går godt
Det er ikkje alltid det

Eit fly flaug over hovuda våre
Det drog ei kvit stripe etter seg
beint over kvelven
Ser du, sa eg og peika,
ser du korleis fargane og lyset avgjer
sporet som fylgjer, ruta vi har reist
Om du skulle velje
ville du ikkje valt ein kvit farge
ville du vel?

Det er umogleg, svara du, og såg til sides for meg,
ingen stiar nokon har gått er reine
Nei, svara eg, så hugs det du sjølv seier:
det kvite er umogleg for oss

Og eg visste i det same at dette
denne klåre kvelden i døsig svevnmangel
var små augeblunk av lyse striper eg ville dra etter meg
frå no av
og så lenge eg kom til å kjenne deg

Wednesday, July 20, 2005

Du, min dal



Syng, du min dal,
med brennende røst
stilt dine hete sanger


Astrid Lindgren:
Brødrene Løvehjerte

Tuesday, July 19, 2005

Giss giss!



Når Mette og Olaug har slike spanande gissekonkuransar, vil ikkje eg vere noko ringare.
Så: kva er det eg har sett opp i dag?

Bestanddelar :
  • Staur
  • Streng
  • Skårer
  • Gras

(No vart det visst altfor lett. Det er ikkje fordi eg undervurderar dykkar kunnskap om gardsliv, men fordi bestanddelane er slike fine ord, dei gjev meg gode kjensler og minner frå då eg var lita jente og slåtten vara i all æve, det var alltid sol og varmt, vi bada i kulpane mellom yktene og la små brusflasker av glas ned i elva for å halde dei kalde, slike brus med ein ring på korka, så ein lett kunne drage ho av, men det var også lett å skjere seg)